Kjære folk!
Det er vår, – eg har sett sumarfuglar!
Det seiest at det finnes meir enn 170 000 artar sumarfuglar i verda vår. Heile 2 200 av dei har vorte funne i Noreg.
Det raraste eg har høyrt om sumarfuglar, er at dei har smaksorgana sine på undersida av føtene.

Eit sitat eg vil dele
Det er så mykje å ta inn.
Det er så mange tal og så mykje å forstå.
Det er så mykje som er skremmande, – så mykje som tvingar seg på.
Eg vil ikkje bli fanga i mi eiga uro.
Eg vil ikkje berre tenkje på alt det som er vanskeleg.
Eg vil tru på at det nyttar.
Eg vil ha håp sjølv på armlengdes avstand.

I Morgenbladet nr 12/20. – 26. mars har Sissel Gran eit vakkert og varmt essay kalla «Skrekken på en armlengdes avstand». Eg vil bringe vidare to sitat frå denne teksten hennar.
«Midt i alt det grusomme finnes fortsatt skjønnhet og mening, vennskap, kunst, arbeidet. Men liv og død går hånd i hånd og det er ubegripelig.»
«Håpet mitt er at rettsstaten nå bruker makten sin for alt det den er verdt, at befolkningen – som er vant til at valgfrihet betraktes som den høyeste verdi – tåler å bli ledet til å gjøre et felles løft for liv og helse og at vi adlyder, til alles beste. Da kommer vi gjennom dette, kanskje med en verdifull erfaring om hvor naturens grenser går, endrede prioriteringer og flere sparte liv enn prognosene foreløpig antyder.»
Det er tid for å kjempe for alle god-orda. Det er tid for å vise solidaritet. Det er tid for å ha tillit, – og me veit ikkje kor lenge denne tida vil vare. Styresmaktene har mobilisert oss til ein solidaritetsaksjon, og me, – dei fleste av oss i alle fall, – viser vilje til å setje tanken på oss sjølv til sides for ei stund for å tene samfunnet og fellesskapet. Slik skal me halde fram ei tid no i solidaritet og med tillit. Me klarar det, – på armlengdes avstand.
Ei oppleving eg vil bere med meg vidare
At hagen skal bli ein vakker stad å opphalde seg, er berre ein del av målsettinga mi. Venleik er ikkje heile draumen. Dei estetiske opplevingane i ein hage er viktige, men draumen er og å ha sin eigen stad for å hente krefter, bruke sansane og få inspirasjon.
Denne veka har eg brukt krefter og henta nye krefter i hagen. Arbeidet går lett fordi eg veit at alle dei små opplevingane vil stå i kø framover heile sumarhalvåret, – og eg reknar med å opphalde meg mykje heime denne sumaren.
Våren er tida for å gå på jakt etter stiklingar. Eg har kjøpt mine på Gjennestad Hagesenter (ein fantastisk stad!!). Stiklingar er enkelt og rimeleg. Berre det blir frostfritt no, så kan desse små plantast ut i krukker og bed.

Det er godt å kunne opne dørene ut mot hagen, oppleve fargar, lytte til fuglesong og summing av insekt, lukte på blomar og urter og smake på frukt og bær. Eg gler meg.
Ein av dei største fordelane med å ha eige hus er å ha sin eigen hage. Det er noko heilt spesielt å kunne sitje med morgonkaffien på eigen hagebenk, helse på morgonsola på terrassen eller oppleve stilla mellom busker og tre.
Me har skaffa oss to doble pallekarmar. Dei er velbrukte, men nye for oss. No er dei nymåla og har fått dreneringskuler, god jord og kugjødsel i seg. Her skal eg så frø og håpar å kunne plukke blomar til bukettar heile sumaren. Dette blir spanande.

For meg er noko av det aller finaste eg gjer no, å kunne førebu og glede seg til alle dei stadige skiftingane som hagen vil by på framover. Ein hage forandrar seg frå veke til veke. No om dagen er eg stadig på tur rundt langs blomebed og lurar på kva det er som tittar fram her, kva har eg planta der og om har alt kome seg vel gjennom vinteren.

Kanskje eg skal vise fram bilete av korleis det går med planter og frø framover? Moro for meg sjølv i alle fall.
Dette har eg tenkt på denne veka
Ein som er tilgjengeleg er ein som einkvan kan nyttiggjere seg eller som det er mogeleg å treffe. Eg har ofte lurt på om eg eigentleg likar å vere tilgjengeleg. Men det må jo vere difor eg har skaffa meg ein smarttelefon med app-ar som gjer meg nettopp til ei som ein har adgang til, – til ei kvar tid.
Jo, eg set verkeleg pris på telefonen min og alle mogelegheitene som fylgjer med den. Eg kan google, fotografere og gje beskjedar dersom det er naudsynt. Eg trur og at dersom me brukar sosiale medium og internett på ein måte som er bra for oss, vil det sosiale nettverket vårt kunne bli styrka og dermed også skjerme oss frå kjensla av einsemd.

Eg pleier å notere og skrive litt på fleire blogginnlegg samstundes, – og av og til ganske lenge før det blir lagt ut. For berre nokre veker sidan, tenkte eg slik og noterte dette:
Når telefonen seier ifrå med eit lite «pling», då er det slik at dei fleste av oss kjenner trong til å lyfte mobilen ut av lomma eller veska for å sjå etter kven som vil kva. Me kunne nok heilt sikkert ha venta eitt par timar. Dersom det er noko som hastar, så blir me jo oppringt, – ikkje sant? Men me er tilgjengelege. Er det bra for oss?
Er det mogeleg å bruke mobiltelefonen slik me brukte fasttelefonen før? Det gjekk heilt fint med dei fleste av oss den tida me berre var tilgjengelege medan me var heime. Me treng vel ikkje telefonen på kafé, på kino, på vitjing hos grannen, i hagen, på bussen no heller, – eller gjer me det? Det er jo kjekt å kunne sjekke rutetabellen, taste «er heime om 40 min» og fylgje med på sportsresultata medan me ventar på toget. Det er jo det.
Eg innrømmer at eg har med meg mobilen uansett kvar eg er. Slik har det vorte. Men eg veit og at eg har ein fri vilje og kan ta meg fri frå kontakten med omverda dersom eg vil.
Tenk, så fort kan situasjonen endre seg. Slik ville eg ikkje ha uttrykt meg i dag. No er plutseleg ikkje slike tankar like aktuelle. Me er stort sett heime og er glade for å kunne ha jamnleg kontakt med nære og kjære. Ja, eg kjenner at det rett og slett er viktig å svare når einkvan vil ha kontakt.
I slike krisetider må me setje pris på at me har tilgang til nettet og høve til å kunne kontakte kvarandre og ta vare på kvarandre på ein så enkel måte. Me må og setje pris på at myndigheitene kan nå oss med informasjon med det same dei har noko å fortelje.
Men eg er spent på korleis ting vil bli etterpå, – korleis dette vil utvikle seg. Vil mobilen bli endå kjærare enn det den var? Vil eg i framtida framleis ha behov for å undre meg over om me må vere «pålogga» heile tida og framleis ha behov for å seie; Det er lov å vere «av» av og til, ikkje sant? Men det seier eg ikkje i dag. No kjennest det best å vere «på».
***
Har du tenkt over at du aldri har vore så gammal som du er i dag, – og at du i dag også er det yngste du nokon gong vil bli?
Heilt til slutt: I går fann eg våren då eg gjekk meg ein tusletur her oppe på bergknausen min.
Med ynskje om ein strålande sundag, – ein dag då eg trur du fleire gonger kjem til å seie eller tenkje noko slikt som at «men eigentleg er ho jo berre …»
Helsing frå Karen-Margrethe