Kjære folk!
God laurdagsmorgon!
Då eg var ung, hende det at eg gjekk bort til bokhylla heime, drog ut ei tilfeldig bok, opna den og sette fingeren ned på ei av sidene. Den setninga som peikefingeren min råka, skulle liksom fortelje meg noko om den dagen eg hadde framfor meg. Det må vere meir enn 50 år sidan eg leika den leiken sist, men i dag …
– Nå må du ikke være så redd, sier han.
Side 117 i «G for Goggen» av Tove Nilsen
Det var vel ikkje den verste måten å starte dagen på.
Eit nyhende som har fanga merksemda mi
Det er umogeleg å ikkje tenkje på det. Det er fort gjort å stenge tankane inne i eige hovud, i eiga stove, bak eiga grind. Det er naturleg å vere mest opptekne av oss sjølve og det som er nært. Kanskje det vil hjelpe å lyfte blikket forbi landegrensa og også fram i tid. Eg vil prøve.
I tider som dette, når dei fleste må halde seg heime, stoppar verda vår opp. Me veit ikkje korleis stoda er om ein månad eller om eit halvår. Eg trøystar meg med at me vil kome attende til normale høve etter kvart, men eg lurar på om det me no tenkjer på som normalt framleis vil vere normalt når dette er over. Ingen av oss veit når den tida me kan kalle «etterpå» kjem og ingen av oss veit kva me kjem til å tenkje på då.

No er alle sosiale aktivitetar sette på vent og dei som bur aleine er endå meir aleine enn det dei var før alt dette. Kanskje me endar opp med eit enormt sosialt behov og ein stor trong til å reise.
Me har sett at endringar allereie er på gang:
- Det ser ut til at Noreg no blir digitalisert i rask fart. Eg har høyrt nokon seie at me no tek eit 15 års-steg på berre nokre veker. Dei som har vegra seg frå å ta i bruk ny teknologi, har no meir eller mindre blitt tvinga til det. Digitale møteplassar er oppretta med stort hell. Vil dette for eksempel gjere at det blir halde fleire digitale møte i framtida og at det dermed blir færre flyreiser?
- Mange uorganiserte melder seg no inn i fagforeiningar. Kjem denne tendensen til å vedvare eller er det berre i slike vanskelege tider at folk meiner å trenge einkvan til å forsvare rettigheitene sine som arbeidstakarar?
Me er svært heldige i Noreg. For det fyrste bur me i eit land med ganske god folkehelse. Dessutan har Noreg såpass mykje pengar på bok at me ikkje treng å redusere velferdstiltaka for dei blant oss som treng det aller mest. «Dette blir dyrt», seier dei, «og det må me tåle». Men korleis står det til i resten av verda? Nokre eksempel:
- Når koronaviruset spreier seg til fattige land, blir konsekvensane katastrofale dersom smitten ikkje blir stoppa. Dessverre er det milliardar av menneske som manglar dei viktigaste verktøya, nemleg såpe og vatn.
- Det spreier seg no stor frykt for at Afrika kan bli det neste kontinentet med svært mange sjuke og døde på grunn av korona. Mange av dei afrikanske landa har eit helsevesen som er dårleg utbygd. Dei kjem til å måtte kjempe ein desperat kamp for å hindre viruset i å spreie seg.
- Sist sundag vart det fyrste tilfellet av koronaviruset påvist i Syria. I eit krigsherja land der helsevesenet og forsyninga av vatn er bomba i grus, kan fylgjene bli verre en grufulle.
For oss som ikkje har fått dårlegare råd av å halde oss heime, trur eg at tida no er inne for å sende nokre ekstra kroner til dei som verkeleg treng hjelpa vår.
Vil me her oppe i nord vere nøgde med at det i framtida vil fortsette å gå bra innanfor våre eigne grenser? I slike krisetider ser me heilt klårt at nasjonane si rolle styrkar seg. Vil me gå frå internasjonal solidaritet og globalisering til det me kan kalle isolasjonisme?
Vil me bli meir opptekne av sjølvberging og at Noreg må produsere meir sjølv i staden for å importere alt mogeleg? Det kan sjå slik ut. Er det bra eller er det dumt av oss?
Eg håpar i alle fall at koronapandemien ikkje resulterer i at me kjem til å engste oss for verda der ut.
Eit ord å snu og vende på
Eg har skrive det før og eg skriv det i dag og; Me må tenkje på noko anna av og til. I dag har eg valt meg to engelske ord som innimellom har plaga tanken min etter at eg har høyrt folk spørje kvarandre om kva som er deira «guilty pleasure».
Den fyrste gongen eg kom borti eit eksempel på slikt, var då eg var på vitjing hos ein kar. Eg trur det var i 2001. Me hadde begge vore på konsert med samtidskomponisten Arvo Pärt og sat og snakka om musikksmak då han sa «Eg likar godt Jens Book-Jenssen, men det snakkar eg aldri om.» Som så ofte elles spurde eg «Kvifor det?» Den gongen hadde eg ikkje høyrt om «guilty pleasures», men det var akkurat det Jens Book-Jenssen var for den mannen eg sat og drakk kaffi saman med den dagen.
Dersom du har ein eller fleire slike «guilty pleaseures», då likar du noko som du samstundes kjenner deg skuldig for å like. Du likar noko, men innbiller deg at du eigentleg ikkje bør like det.
Uttrykket er mest brukt når det gjeld musikk. Men ærleg tala; skuldkjensle fordi du likar ein song? Dersom eit musikkstykke eller ein poplåt verkar slik på deg at du får godkjensle i ein eller annan kroppsdel, då er det vel berre å spele i veg? Høgt! Utan å frykte at ein eller annan representant for smakspolitiet ber deg om å skamme deg? Eg høyrde på radioen her ein dagen at «Dance With a Stranger» ikkje var heilt bra å like for kule folk. Høyrt slik! Alvorleg tala!
Sjølv om uttrykket er mest brukt om musikksmak, er det visst mogeleg å skamme seg over å nyte mykje anna enn musikk og. Flau kan ein visst vere over å like litt av kvart av underhaldning. Her er nokre eksempel:
- Å lese frå-verkelegheita-historier i Allers
- Å sjå på Real Housewives
- Å spå framtida i Tarot-kort

Eg trur det er det sosiale miljøet som er med på å bestemme kva som er dei skamfulle gledene til folk. Det ein person er stolt av, kan difor godt vere ein annan person si skam. Burde me ikkje gje blanke i kva andre meiner me bør like og ikkje like?
Eg har mitt som eg veit at i nokre kretsar ikkje blir rekna for å vere heilt stovereint å like. Eg elskar amerikanske og engelske, romantiske filmar. Eg dansar gjerne til Mambo no 5. Eg grin gode tårer av musikal-svisker. Den aller verste er kanskje at når eg er heime kan eg av og til ta på meg ei sidrumpa kosebukse. Men det gjer eg berre når eg veit at det ikkje vil kome nokon som vil inn. Kanskje det er kosebuksa som er mi skamfulle glede? Eg har i alle fall ikkje tenkt å skamme meg over musikksmaken.
Men heilt seriøst, – den tida me no sit midt oppi burde i alle fall lære oss at slikt småtteri som å skjemmast over smaken vår, og for den del baken vår, – det sluttar me med.
Ei lita kjensle
Ikkje alle dagar er like gode. Ikkje for nokon av oss er dei det. Nokre dagar kan vere slik at sjølv litt gamle damer kunne trenge ei mor.

Eg vil springe
heim
dit det luktar kjent
og famnane er
vidopne
Eg vil stå
innanfor døra,
rope
Hallo –
og høyre dei kome
med blikk fulle
av kjærleik
Eg går sakte
heim
låser meg inn
i stilla
der det ikkje luktar noko
av anna
enn at no
må eg vere
mi eiga
mor
***
Helsedirektoratet minner oss om at frisk luft er viktig. Dei oppfordrar alle som ikkje er sjuke eller i isolasjon til å kome seg ut. Likevel må me hugse på å halde god avstand. Smittefaren er der sjølv om me er utomhus.

Heilt til slutt eit ørlite dikt av Ingrid Sjöstrand:
Du som tycker
att dagarna går
och livet flyr
Ta dig samman
och gör nånting
onyttigt
God laurdag!
Helsing frå Karen-Margrethe