Kjære folk!
Det er så fint ver her i sør-aust. Me som er så heldige at me har det slik, må ikkje gløyme å glede oss over det.

I dag er det eitt år sidan 40 000 norske skuleelevar streika for klimaet og demonstrerte i Oslo og på meir enn 70 andre stader. Dette ungdomsengasjementet er ein del av det eg tek opp når eg blant anna skriv om «opprør» på bloggen min i dag. Eg kjenner at det er godt å kunne tenkje litt på andre ting enn virussmitte av og til.
Eit sitat eg vil dele
Då eg byrja med desse laurdags- og sundagsbloggane mine med faste overskrifter, trudde eg at å finne eit godt sitat frå veka som gjekk, kom til å bli det aller enklaste. Det viste seg å vere feil. Eg les aviser og høyrer radio, – som oftast med penn og papir i nærleiken. Men det er sjeldan eg les eller høyrer noko og tenkjer at det må eg skrive ned, dette må eg hugse.
Denne veka kan eg ikkje kome på at eg har høyrt eller lest noko såpass oppbyggeleg at eg finn det verdt å sitere og bringe vidare. Sannsynlegvis har mange sagt og skrive mykje klokt, lurt og tankevekkjande denne veka og, og det kan vere mange grunnar til at eg ikkje har tenkt «ååå, det var gode ord!»; 1. Eg har vel ikkje vore merksam nok. 2. Tankane har kanskje vore på tur heilt andre stader. 3. Alt har handla om koronavirus og eg har berre leita etter noko positivt.
20. august i fjor derimot, stod radioen innstilt på NRK p2, slik den ofte gjer. Eg høyrde etter og skreiv ned dette: «Eit privilegium er ikkje alt det du får, men alt det du slepp.» Vel verdt å tenkje over både ein og fleire gonger. (Det dumme er at eg ikkje skreiv ned kven det var som sa det.)
Ei oppleving eg vil bere med meg vidare
Kulturinstitusjonar oppfordrar no publikum «med kultur i hjarta til å dele sine kulturelle høgdepunkt og vise støtte til norske artistar». Denne operaopplevinga er frå ei tid attende. No held Operaen stengt for publikum i alle fall fram til 5. april.
Dette er nok ikkje eit av dei høgaste høgdepunkta, men det var den siste kulturopplevinga eg hadde saman med mange, – og for meg vart det ei ganske merkeleg oppleving.
Forventningsfulle sat me i salen og venta på at Eugen Onegin skulle byrje. Dette er Russlands aller mest populære opera. Forfattaren er Aleksander Pusjkin. Komponisten er Peter Tsjajkovskij.

Lyset vart dempa, – nesten i alle fall, og fram på scenen kom ein mann i svart dress, berande på eit notestativ. Han plasserte notestativet til venstre på scenen, kremta og sa:
«Eg må diverre melde at hovudrolleinnehavaren, Audun Iversen, er forkjøla. Han kan ikkje syngje i kveld.»
Det gjekk eit beherska sukk gjennom forsamlinga før mannen i dress fortsette:
«Dette, her ved dette notestativet, blir plassen til ein dansk tenor som skal synge Eugen Onegin-rolla.»
Me tenkte at dette kjem til å bli veldig rart og at det kjem til å bli noko mykje dårlegare enn det me har kome for å oppleve. Mannen på scenen avslutta med at «eg kan love dykk at de i kveld vil få ei oppleving av dei sjeldne.» Så bukka han og så byrja det.
I byrjinga var det verkeleg rart. Audun Iversen spela rolla si medan han mima. Dansken på scenekanten stod i ro i tussmørket og song. Men etter kvart gløymde me det rare og kunne konsentrere oss om det vakre.
Operaen inneheld mykje ungdommeleg kjærleik, men skildrar og tida som går og kva som kan bli konsekvensen av dei sjansane me ikkje tek. Eugen Onegin er ein arrogant levemann som etter kvart verkeleg får oppleve at livet buttar. Operaen kunne like godt ha vorte kalla Tatjana Larin etter den andre den lærde og vakre kvinnelege hovudfiguren i dette verket. Russland si Tatjana er som vår Nora, – berre det at Tatjana vel ei anna løysing. Ho vender heim til ekteskapet.

Opera er musikkteater som kombinerer tekst, musikk, song, lys, skodespel, dans, – alt. Her, i denne ulukkelege kjærleikshistoria var dette operakunst på sitt beste. Sjølv om dette vart eit heilt spesielt minne, skulle eg gjerne ha opplevd Eugen Onegin ein gong til, men då med ein syngjande Audun Iversen.
Dette har eg tenkt på denne veka
I dag spør eg «kvar vart det av ungdomsopprøret?» og kjenner at spørsmålet gjer meg engasjert. Samstundes er eg slett ikkje sikker på om eg klarar å kome med noko svar på spørsmålet mitt.
På 1960/-70-talet demonstrerte studentar over heile Europa. I Noreg kjempa unge for eit friare liv, mot Vietnamkrigen og mot atomvåpen.
Eg gjorde ikkje mykje gale i ungdomstida mi, men eg kasta bh-en i kvinnekampen, røykte rullings og var saman med gutar far min ikkje likte. Eg ville i alle fall ikkje kle meg på same måten som mor mi, ville ha den aller vidaste slengen i buksene, dei kortaste skjørta og gjekk helst barbeint. Far min var mildt fortvila då eg stal undertrøya hans og farga den oransje. Innimellom himla eg med augo og smelte med dørene.

Inst inne var eg nok glad for at foreldra mine var såpass strenge som dei var. Dei prøvde aldri å vere kompis og besteven. Dei skåna meg aldri for vanskelege kjensler, men let meg vere i det. Den vesle trassen gjorde meg på eit vis godt. Eg trur slikt raseri bør ha ein plass i eit ungt menneske. Det er ein del av lausrivinga. Eg er glad for at eg kjende at eg hadde dette ungdommelege opprøret i meg. Eg ville ikkje vere som dei. Eg ville noko anna.
No, når eg ser attende, er eg kjempeglad for at eg slapp å lure på kor mange «likes» eg skulle få og kor mange fylgjarar eg hadde. Eg er og takksam for at skulen ikkje testa meg så ofte og samanlikna meg med eit nasjonalt snitt. Eg fekk lov til å bli den eg ville.
Eg har inntrykk av at dei unge i dag har det annleis. Dei kler seg som foreldra sine, gjer leksene og viser lite trass. I staden er det nokre av dei som tyr til sjølvskading eller droppar ut av skulen. Det seiest at ei av fire jenter i 16-års alderen har symptom på at dei er depressive. Eg meiner at det hadde vore mykje betre for dei dersom dei hadde vore sinte. Frykteleg sinte.

Mange unge får høyre at «du kan bli akkurat kva du vil berre du anstrengjer deg. Det er berre opp til deg sjølv». Me veit jo alle at dette er berre tull. Minst halvparten av oss må vere under gjennomsnittet, – og det gjeld på alle område i livet. Konkurransen om skule- og studieplassar er hard. Når dei i tillegg til å vere flinke på skulen må vere blide, positive og greie, blir det for mykje for unge menneske å leve opp til. I tillegg til alt dette må dei sjå bra ut og vere populære. Det syrgjer sosiale media for å fortelje dei fleire gonger kvar dag.
Er det på tide å bli skikkeleg forbanna? Er det på tide med eit ungdomsopprør som får vaksensamfunnet til å innsjå at det blir kravd for mykje av dei unge? Eg trur me vaksne må gå i oss sjølve og slutte med å vere så opptekne av kor slanke, veltrimma og vellukka me er. Me må svare for det samfunnet me har skapt.
Eg tenkte lenge at når titusenvis av unge tek til gatene for å demonstrere for ein bærekraftig klimapolitikk, då har me jo det nye ungdomsopprøret. Tja, – er det verkeleg det det er? Det er jo berre gretne, gamle gubbar som sutrar og knurrar over bortskjemd og hjernevaska ungdom som ikkje gidd å møte opp på skulen. Kva gjer resten av oss? Me jublar og kjempar for at det ikkje skal førast fråvær når dei demonstrerer.

Eg har funne ut at eg er blant dei som meiner at dei unge ikkje bør få godkjent klimademonstrasjonar som gyldig fråver. Me må ikkje stele opprøret deira. Arbeidstakarar blir trekte i løn når dei streikar. Ungdom får fråver. Eg heiar på klimaopprøret, men streik er alvor. Opprør skal koste. Eg trur me skadar både saka og opprørstrongen dersom me dullar med dei unge og seier «så flinke de er til å demonstrere». Dei skal takast på alvor, ikkje jattast med.
Me må passe oss slik at me ikkje legg ei ny forventning til den lista som allereie er for lang;
Så flink du var på fotballbanen i går.
Så fint du teiknar.
Så bra at du gjorde det så godt på prøva og på testen og på innleveringa.
Så fin du er i den nye, tronge buksa di.
Så flink du er til å engasjere deg i viktige ting.
Er det vanskeleg å stelle krav til dei unge? Har me blitt så redde for konfliktar at me ikkje torer å krevje noko av dei på andre måtar enn ved å fortelje dei kor fantastiske dei er? Det er kanskje betre å tvinge dei til å rydde på rommet, rydde ut av oppvaskmaskina og gå ut med avfallsposen enn å fortelje dei at dei kan klare kva som helst berre dei jobbar hardt nok. Har det blitt umogeleg å opponere mot alle dei velmeinande, støttande og ungdommelege vaksne?
Det er godt meint. Me vil jo berre at dei skal vere lukkelege. Eg veit det, men er det nok no? Burde dei ha gjort opprør for lenge sidan?
Kva er det eigentleg eg kom fram til no når eg har skrive dette? Kva er det eg vil med det eg skriv? Eg veit ikkje anna enn at eg er bekymra for ungdomane våre og for alt det presset dei har rundt seg. Kanskje me skal sjå positivt på at dei himlar litt med augo og smell i nokre dører no i slike heimeskuletider.
***
Eg ynskjer alle ei så god veke som mogeleg.
Me må, så godt me kan, ta vare på oss sjølv, kvarandre og alle andre. Det gjer me best ved å ha tillit til dei som bestemmer og gjere som dei seier.
Helsing frå Karen-Margrethe