KULTURARBEIDARAR, BREV OG PAPPA-KONRAD

Kjære folk!

Det er merkelege tider. Dagane tuslar på eit vis vidare i lågt tempo for oss som ikkje har noko viktigare å ta oss til enn å halde avstand og å halde oss i ro. Men me gløymer ikkje alle dei som gjer alt det dei kan for å halde samfunnshjula i gang. Stor takk frå oss som er heime.

IMG_4826

Dei er fleire me ikkje skal gløyme: I dag er det Verdsdagen for Downs syndrom. Dagen blir markert for å informere om og støtte dei som har denne diagnosen. Mange markerer denne dagen ved å ta på seg ulike sokkar for på den måten å feire mangfaldet i samfunnet.

IMG_4825

Eit nyhende som har fanga merksemda mi
Storting og Regjering står no saman og gjer kva dei kan for at skadeverknadane av den krisesituasjonen me no er inne i skal bli så små som mogeleg for bedrifter og for den einskilde. Men uansett er det nokon som får det tøffare enn oss andre. Svært mange arbeider harde og lange dagar slik at samfunnshjula kan haldast i gang. Andre gjer alt det dei kan for at så mange som mogeleg skal kome seg gjennom dette med helsa i behald. Me må alle vere takknemlege for all denne innsatsen og ikkje gløyme at utan desse arbeidsmaurane i dei samfunnskritiske funksjonane, ville me ikkje kunne klare oss.

I dag vil eg likevel fokusere på kulturarbeidarane. Teatera har stengt dørene, galleria er ikkje opne og konsertar blir avlyst. Slik må det vere, men dette har fjerna heile inntektsgrunnlaget frå dei fleste artistar, musikarar, kunstnarar og for eksempel dei som styrer lys og lyd.
Krisepakka frå Storting og Regjering var til stor hjelp. Utan denne pakka hadde desse yrkesgruppene stått med null i inntekt. No vil sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar som mistar inntektsgrunnlaget sitt, midlertidig få dekka om lag 80 prosent av den inntekta dei i snitt har hatt dei siste tre åra med grense opp til 6G.

IMG_4838
Kulturhus i Noreg har tent eit hjarte på scena, eit symbol på håpet om at det snart skal bli mogeleg å fylle desse husa att. Fotografiet er frå Ibsen-huset, men eg har stole det frå Facebook-sida til Ål Kulturhus.

No har kunstnarar dagar med god tid til å øve, komponere, skrive og planleggje, men dei treng inntekter for å kunne leve medan dei ventar på kriseutbetalinga si og på at dei forhåpentlegvis kan kome i gang att for fullt når alt dette er over. Krisepakka er fin den, men kjem Nav til å klare å handtere dette såpass raskt at alle desse har noko å leve av dei komande vekene? Eg er redd for at det ikkje er tilfelle.

Når me er attende til normalen, treng me eit mangfaldig og rikt kulturliv.
Me er no inne i ein dugnadssituasjon me aldri har sett maken til. Er det noko kvar og ein av oss kan bidra med for å vere med å sikre at kulturfolka våre ikkje må finne seg noko anna å gjere? Her er to forslag:

  • Me kan la vere å krevje refusjon på billettar me allereie har kjøpt til arrangement som er avlyst.
  • Facebook-sida «Brakkesyke 2020» skapar glede i ei ganske usikker og dyster tid. Dette er ein virtuell konsertstad der me kan sjekke ut musikk me ikkje har visst om at fantes og vippse litt støtte til artisten medan me gler oss til ekte konsertar når alt dette er over. Tysdag var eg på ein slik konsert med «Darling West», ein duo i folk/americana-sjangeren. For tida skulle dei ha turnert på kryss og tvers i Noreg. Du kjenner dei kanskje frå sangen «Hey There» som har tusla og gått mykje på NRK i det siste. I dag skal eg finne meg ei ny konsertoppleving.
IMG_4837
Darling West på «Brakkesyke 2020» tysdag.

Til slutt eit ynskje: Når eg slår på radioen, vil eg no helst høyre norske artistar og musikarar. Dersom NRK og andre kanalar spelar norsk musikk, vil TONO- og GRAMO-avgiftene gå til kunstnarar som no slit økonomisk.

Eit ord å snu og vende på
Eg kan ikkje hugse sist det var så mykje snakk om å ta vare på dei som sit aleine som det det har vore i det siste. Smittesituasjonen har gjort det slik at me ringer kvarandre og sender sms-ar oftare enn før. Dette fekk meg til å tenkje på ymse måtar å halde kontakten på, – og ordet brev dukka opp.

Opp gjennom åra har eg hatt mange slags brevvener. I grunnskuletida brevveksla eg med fleire. Me fann kvarandre i slike barneblad som det var vanleg å abonnere på. Det var stas å få brev, sjølv om det var frå «vener» eg aldri hadde møtt.

Sumaren før 3. klasse på gymnaset, var eg i England. Der møtte eg ei Oslo-jente som eg vart god ven med. Ho og eg sendte brev til kvarandre kvar einaste veke i lang tid etter Englandsopphaldet. Dette var ikkje berre brev, – det var små kunstverk. Til og med konvoluttane var fargerike og heimelaga.

Studentkjærast i Oslo hadde eg og ei tid. Den daglege turen innom postboksen, på veg heim frå skulen, medførte søt kribling i magen dei dagane det låg ein konvolutt der med velforma ord om lengt og snarleg møte. Skuffelsen var like stor kvar gong postboksen ikkje inneheld anna enn Hallingdølen og vindaugskonvoluttar til far min.

IMG_4755

Det fyrste året etter gymnaset var eg lærar på ei øy eit godt stykke utanfor Bergen. Kvar veke fekk eg brev frå mor og far. Kvar veke skreiv eg ned tankar og kjensler som eg sendte attende til dei. Eg veit at breva mine gjorde dei glade.

Dette var den tida då det å gå for å sjå etter posten var eit høgdepunkt. Eit brev var eit fysisk bevis på at eit menneske brydde seg såpass at han eller ho hadde sett seg ned med penn og papir for å gje av seg sjølv ved å skrive. Nokre gonger kunne det vere med stort alvor, – andre gonger om alt og ingenting.

Brevveksling med nære og kjære kunne av og til få fram store kjensler og vond saknad. Då eg rydda i huset til mor og far min etter at dei begge var borte, fann eg mykje som dei ikkje hadde hatt hjarte til å kaste; blant anna hadde dei samla på alle breva frå barnebarna sine. No er det eg som har desse breva og som ikkje har hjarte til å kaste dei.

IMG_4754

Eit handskrive brev kan ein ta på, lukte på og lese mange gonger. Sjølvsagt er det mogeleg å printe ut e-post, men det blir likevel aldri det same.

Denne tida er openbart forbi. Det eg held på med no, heiter nostalgi. Men det er vel lov å tenkje attende og ynskje at ein av og til kunne gå til postkassa og finne ei ørlita, stille stund inne i ein konvolutt? Kanskje det er einkvan som ville bli særs glad for eit brev i slike tider som no.

Ei lita kjensle
Eg var sju år den dagen farmor døyde. Det var óg den fyrste gongen eg såg far min gret. Det var kanskje dette siste som gjorde det sterkaste inntrykket. Eg gløymer det ikkje.

IMG_4808
Pappa-Konrad

Så liten var han aldri
som den dagen
han viste meg ryggen

Den dagen
han opna døra
gjekk aleine inn dit
det var kaldt

Fargane vart svartare
lydane svakare
blodet strøymde raskare
eg trampa hardare
den dagen
han ikkje snudde seg

Så redd vart eg aldri
som den dagen
farmor døyde

Eg kan hugse at eg stod med dokka mi i handa. Det var ei slik ei med hardt, tomt hovud. Eg hadde ingen annan måte å reagere på enn å slenge dokka i golvet med full kraft. Dokkehovudet gjekk sjølvsagt sund. Slike dokker minner meg framleis om døden.

***

I Noreg fell vårjamdøgn på 20. mars. Det har det gjort sidan 2012 og slik skal det vere til 2043, men det er 21. mars som er det «offisielle vårjamdøgnet» fordi det er denne datoen som er utgangspunktet for å berekne når påsken kjem. I dag er det vår. Og det er offisielt!

IMG_4835
Det er vår ved inngangsdøra vår.

Eg ynskjer alle ein så god vårdag som berre mogeleg!

Helsing frå Karen-Margrethe

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: