Kjære folk!
Det er ikkje alltid så lett å finne dei rette orda. No om dagen er det vanskelegare enn det pleier å vere. Me går alle rundt og har det same i tankane. Korleis hadde eg starta dette sundagsinnlegget dersom alt hadde vore … heilt vanleg? Slik kanskje;
Er 15. mars ein merkedag? Det er vel å ta i, men dette er dagen då den aller fyrste 10-kroners mynten vart sett i omlaup i 1984. Då er det vel større grunn til å fyre av ein konfettikanon eller to for at Likestillingslova tok til å gjelde frå denne datoen i 1979.

Her i huset skal me freiste å gjere denne dagen til ein ganske vanleg heimesundag medan vind og regn lagar haustlydar rundt huset og tankane held på med sitt.
Eit sitat eg vil dele
I går hadde eg «veg» som det ordet eg snudde og vendte litt på. I dag vel eg å bruke yndlingsdiktet mitt som sitat. Eg veit ikkje om det er så mykje trøyst i det, men vakkert er det, – og det fortel oss at slik har me det. Alle saman.
DIN VEG av Olav H Hauge
Ingen har varda den vegen
du skal gå
ut i det ukjende
ut i det blå.
Dette er din veg.
Berre du
skal gå han. Og det er
uråd å snu.
Og ikkje vardar du vegen
du hell.
Og vinden stryk ut ditt far
i aude fjell
Olav Håkonson Hauge gav ut åtte samlingar med eigne dikt. Han er rekna for å vere ein av dei største norske lyrikarane etter andre verdskrigen.
Ei oppleving eg vil bere med meg vidare
Me er mange som har gledd oss til ei oppleving som ikkje vart noko av. Eg er heller ikkje aleine om å ha billettar til både det eine og det andre, – billettar som ikkje vil bli brukt. Det nyttar ikkje å vere lei seg og det er meiningslaust å vere sur eller sint.
Eg kjenner at eg må kome attende til kulturarbeidarane sin situasjon i eit seinare blogginnlegg, for det er ikkje ei overdriving å påstå at norsk kulturliv er i krise.
Medan me held oss heime og oppfører oss slik samfunnet forventar av oss, er det mange mogelegheiter for gode opplevingar. No når Noreg skal gå i eit sakte tempo framover ei tid, er tida inne for å glede seg over opplevingar utan mikrofon, utan scene og utan lyskastarar og ståande applaus. Eg har tenkt å nytte tida mi blant anna til dette:
- Jazzgitaristen Pat Metheny kjem til Oslo Konserthus laurdag 8. august. Uansett om eg får glede av å høyre han der eller ikkje, så finnes han blant anna på Spotify. Eg vart merksam på denne flotte musikaren då han samarbeidde med Silje Nergaard. No kan eg nytte ledige stunder til å lytte meg gjennom den musikken han har skapt.
- Det kan vere vanskeleg å slutte å sjå på ein serie når ein fyrst har byrja, – og i alle fall når det viser seg at serien er god. Eg har no likevel plukka meg ut «After Life», om ein enkemann som gir blaffen i om han lever eller døyr. Omtalen seier om denne serien at han er lun, skarp, alvorleg og morosam. Dette er superlativ eg set pris på. Så får me sjå om det er noko glede seg.
- Til jul fekk eg jul fekk eg denne boka som Helene Uri fekk Riksmålsprisen for i 2019.
Kanskje det blir nokre sol- og vårver-dagar framover slik at eg kan sitje ute og lese. Då kan det i så fall bli ei veldig fin oppleving.

Men: dersom regjeringa ikkje finn ei løysing for kulturbransjen, er eg redd for at me vil stå att med eit mykje fattigare kulturliv når denne krisa er over.
Dette har eg tenkt på denne veka
For meg er det viktig med god informasjon og klare forventningar frå dei som skal leie oss gjennom vanskelege situasjonar. Eg vil ikkje bli sitjande og lure på kva dei råda som blir gitt oss eigentleg betyr. Men nesten like viktig er det at me får høyre, om att og om att, at den innsatsen me gjer no, den er viktig og den nyttar. Dette er grunnen til at eg byrja å tenke på optimisme.
Er du eit menneske som trur at bra ting vil hende deg eller går du rundt og ventar på neste katastrofe? Eg for min del kan bekymre meg for både det eine og det andre, men prøver å tenke positivt og kan seie slikt som at «det går nok bra, skal du sjå».
No om dagen er det lett å forstå at mange blir både bekymra og litt skremde. Er det likevel lurt å vere optimist? Det har eg prøvd å finne ut av. Eg har i alle fall ikkje lyst til å bli ei slik ei som uansett kor mykje sola skin, berre ser skuggane. Eg vil helst tillate meg sjølv å tru at gode ting vil skje.

Eg veit at ei pessimistisk haldning til livet vil kunne spare meg for å bli skuffa, men er det sunt å alltid vere budd på det verste?
Då eg sette meg til for å lese om optimisme, fann eg ei rekke med resultat frå diverse forsking. (Du kan finne mykje stoff om dette blant anna hos forskning.no, lederne.no, Furnham 2005, National Center for Posttraumatic Stress Disorder.) Det viser seg at dersom du er optimist, vil du tolke dei situasjonane du kjem opp i meir positivt og også kjenne deg mindre hjelpelaus når du må handtere stress.
Forsking dei siste åra seier at det er mogeleg at den måten du ser på tilveret på, kan ha innverknad på korleis livet ditt faktisk blir. Det passar godt saman med det me veit om kor viktig positive forventningar til skuleelevane er for kva dei faktisk kan klare å oppnå. Eg trur dette gjeld for oss alle.
Det ser og ut til at optimistane har lettare for å gjere gode livsval som å ete sunt, mosjonere og halde seg unna tobakk og for mykje alkohol.

Studium viser at slike mentale ressursar som optimisme, sjølvtillit og meistring er sterkt arvelege, men at me likevel i nokon grad kan øve oss opp til å sjå lysare på livet.
Kva vart konklusjonen min?
Det er sannsynlegvis så mykje god helse i optimisme at me bør øve på å ha positive forventningar til framtida. Dersom me ikkje er nøgde med stoda slik den er, er det nok lurt å fokusere på det me sjølv kan gjere noko med.
Akkurat no er eg lydig og gjer akkurat slik myndigheitene ber meg om, – og så vel eg å tru på at det vil hjelpe. Å fylgje dei pålegga og dei råda som blir gitt for å begrense koronautbrotet, er å vise solidaritet med dei som ikkje vil tåle å bli smitta og også vere med å syrgje for at alle dei som no gjer ein viktig innsats blant anna i helsevesenet, kan fortsette å gjere jobben sin. No står me saman om denne dugnaden. Eg vel å vere ein solidarisk optimist.

***
Skal me hjelpe oss sjølv og dei me har rundt oss med å leggje merke til dei små gledene? Eg stemmer for det!
Lukke til, alle saman!
Helsing frå Karen-Margrethe