NOBELPRIS, STOLTHEIT OG NÅR DET LEIKAR I KROKANE

Kjære folk!

«Nokre gonger snør det i april.
Nokre gonger gjør det vondt i april.
Nokre gonger blør det i april.
Nokre gonger er det perfekt i april

Frode Grytten

IMG_4905
Hestehov. Leirfivel. Tussilago farfara.

Eit nyhende som har fanga merksemda mi
Eg kunne ha skrive om krisepakker, milliardar til kommunane, kontantstøtte til bedriftene eller om koronatal som går opp og ned, men i dag vil eg ikkje det.

Kva dag når eg er ute og går tur, prøver eg å kome på noko å skrive om som ikkje handlar om smitte og krise. Av heilt naturlege årsaker kom eg på at eg kunne skrive om ein av dei som ikkje så ofte får omtale.

Eg har mange forslag til overskrift på dagens «nyhende»:

  • Det vårast på heimplassen til Olav Duun
  • Nominert til Nobelprisen i litteratur 13 gonger
  • 100 år sidan diktaren fekk gjennombrot i Tyskland

Olav og Emma Duun flytta til Holmestrand i 1908 då han vart tilsett som lærar ved Ramberg skole. Det som er kjent som kunstnarheimen til Olav Duun, ligg i Olav Duuns vei 20, der han budde i åra 1914 – 1939. Olav Duuns hus er ein raudmåla sveitsarvilla.

IMG_4899
Olav Duuns hus.

Når sjølve huset er stengt, er hagen verdt ei vitjing. På runde steinar rundt om på området er det sitat frå Olav Duuns dikting.

IMG_4901
«Det vonde drep du ikkje med øks»
IMG_4900
«Ingenting stikk så kvasse som odden av ein ny tanke»

Olav Duun er ein av dei viktigaste nynorskforfattarane frå fyrste halvdel av 1900-talet. Med bakgrunn som fiskar i Namdalen i Nord-Trøndelag, kunne han skildre tilveret langs kysten svært livaktig. Språket i bøkene hans er og sterkt prega av dialekta hans.

Her i Holmestrand kombinerte han læraryrket med dikting. Jamt over gav han ut ei bok kvart år medan han var lærar. Duun skreiv med utgangspunkt i dei heimegrendene i Trøndeleg som han sjeldan vitja etter at han hadde flytt til Holmestrand. Det seiest at han levde eit ganske anonymt liv her.

IMG_4916

Han fekk kunstnarløn i 1923. Han var nominert til Nobelprisen i litteratur heile 13 gonger og i 1926 var han ein av kandidatane, men prisen gjekk til Bernhard Shaw. Han er mest kjend for romanserien om Juvikfolket. Det var også dette verket som gjorde at mange i samtida meinte at Duun fortjente Nobelprisen.

Olav Duun sine bøker er omsett til minst 14 språk. I Tyskland kom Juvikfolket ut fleire gonger, fyrste gong i 1920.

No vårast det i Olav Duuns vei 20.

Eit ord å snu og vende på
Eg har alltid vore glad i å snu og vende på ord, men før eg byrja med denne blogginga mi, var eg ikkje klar over kor mange tankesprang det gjekk ann å gjere berre ut ifrå eitt einaste ord. I dag er det ordet stolt eg har valt meg. Eg hadde ikkje tenkt så nøye over det, men byrja å skrive ned positive tankar om ordet. «Eg er så stolt av deg», har eg sagt når han eller ho verkeleg har opplevd motvind og motbakkar, men likevel har kjempa seg opp og gjennom det. «Eg er stolt av å ha vore ein del av dette», har eg tenkt når arbeidslaget mitt har kome seg i mål.

Men då eg sette meg for å lese om «stoltheit», fekk allereie den fyrste setninga meg til å kjenne på at dette slett ikkje berre var eit god-ord. På nettstaden veientilhelse.no las eg dette: «Vet du hva stolthet er? Det er en følelse av selvtillit og beundring overfor deg selv som kan få deg til å tro at du er bedre enn andre.» Deretter ramsar dei opp personlegdomstrekk som karakterisaerer dei stolte:

  • Dei veit ikkje korleis dei lyttar
  • Dei er ute av stand til å beundre andre
  • Dei er alltid på vakt og samanliknar seg med andre
  • Dei skjuler usikkerheita si
  • Dei let angsten overta

Men det var ikkje dette eg ville skrive om. Eg ville ikkje skrive om stoltheit som ein sjukdom.

Eg vil skrive om slikt som eg av og til har merka når eg har kome utanfrå og skal vitje ein arbeidsplass for fyrste gong. Då er det ofte lett å danne seg ei oppfatning av atmosfæren og av oppførselen til dei som jobbar der. Kulturen sit på eit vis fast i veggane og stoltheit er ofte det som er aller mest tydeleg. Folk som trivest og har kjensle av å meistre, viser ofte fram arbeidsplassen sin med glede og stoltheit. Dette er ikkje til å misforstå. Som gjest har eg blitt råka av den stoltheita som gode arbeidsplassar viser fram.

Har du nokon gong fått glimtet av andletet til ei mor eller ein far som sit i salen og ser poden opptre for fyrste gong? Det ligg tjukt utanpå denne forelderen og det gjer noko med den ungen som ser det.

IMG_4891
Print på Pride-skjorta til ein veldig stolt far.

Har du opplevd å vere elev og sjå læraren din skine av stoltheit over at klassen har fått til noko saman, tatt vare på kvarandre og nådd eit felles mål? Eller har du hatt ein sjef som har vist kor stolt han eller ho har vore over å få lov til å leie eit slikt fantastisk fellesskap?

Eg trur slik stoltheit er smittsamt. Når me er stolte av noko, vil me automatisk ynskje å bidra til fellesskapet. Slik er det på jobben, i korpset, i fagforeininga og i politiske parti. Kan me overføre dette til kommunen vår, – til landet?

IMG_4875
Kanskje me alle burde bere ein slik i desse dagar …

I den situasjonen me er i no, trur eg det er viktig at kvar og ein av oss forstår at me betyr ein forskjell, at kvar og ein av oss har ei viktig rolle å spele.
Dette er ei vanskeleg oppgåve, men me skal løyse den saman!
Dette lasset dreg me i fellesskap!

No når eg har skrive dette, skjønar eg skilnaden. Det er altså eit spørsmål om kva slags kontekst ordet er brukt i. «Stolt» kan både bety alt frå det motsette av å vere audmjuk til kjensla av å vere svært nøgd.

Tysdag ettermiddag i førre veke la Regjeringa fram vedtak om at alle korona-tiltaka skal vare fram til 13. april. På pressekonferansen framstod Erna Solberg som både trygg og tydeleg. Etterpå vart det gjennomført ei meiningsmåling. Det viste seg at heile 90 prosent av oss var nøgde.

Denne veka skjedde det igjen; Regjeringa og alle partia på Stortinget vart einige om ei ny krisepakke. Etter lange diskusjonar og krevjande forhandlingar til langt på natt, stod dei samla. Dei seier at dei snakkar godt saman. Det skapar tryggleik.
Eg trur me er litt stolte og at me har grunn til å vere det.

Ei lita kjensle
Kva heiter denne kjensla, tru?

Kven er det som leikar
i krokane?
Alle dråpane frå morgondoggen?
Alle strålene frå kveldssola?
Alle fargane i regnbogen?

IMG_4813

Kven er det som syng
bak hushjørna?
Alle småfuglane i hagen?
Alle humlene som gler seg til at enga skal bløme?
Alle ungane som lengtar etter livet i skulegarden?
IMG_4814

Lette steg
Mjuke tonar
Glade minne
Velkomen til dei alle
medan me ventar på det
me kallar
etterpå.

***

Me står framfor påskeveka.
Det blir nok ingen normal påske i år, men me får gjere så godt me kan på kvar vår kant og halde oss til dei råda regjeringa har bedt oss om å fylgje.

IMG_4912

No når me er så mykje heime, får me i alle fall nok tid til å pusle både ute og inne.

IMG_4907

I vindaugskarmen på kjøkenet har eg sådd frø. Eg kjenner det dansar ei ørlita forventning nede i magen ein stad.

Forfattaren Anne Helene Hohle seier det slik: «April er et løfte som mai er bundet til å holde

Helsing frå Karen-Margrethe

 

 

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: