DETTE ANGRAR ME PÅ, Å SITJE I TRAPP OG DETTE ER EG GLAD FOR

Kjære folk!

God palmesundag!

IMG_4911

I dag er eg i det filosofiske hjørnet.
Det eg byrjar å skrive om, er kanskje ikkje så morosamt, men det er godt meint. Me treng å bli minna på slikt og.

Eit sitat eg vil dele
Forfattaren Stein Mehren sa ein gong: «Vi angrer bare når det er for sent.» Verkeleg for seint er det fyrst når me ligg på dødsleiet og ser attende på livet vårt. Då er det visst  naturleg å tenkje på kva me har gjort og kva me ikkje fekk gjort i dei åra me var så heldige å ha her i dette livet.

Eg vil gjerne leve eit liv som er slik at eg ikkje har så mykje å angre på. Difor må eg halde fram med å gjere livet mitt innhaldsrikt, tore å ta nokre sjansar, prøve ut nokre nye ting og samstundes få til å leve langsame dagar og vere tilfreds med dei små gledene.

IMG_4246
Gråversdag på Verdens Ende, Tjøme

Ein australsk sjukepleiar som heiter Bronnie Ware, jobba i mange år med pasientar som hadde mellom tre og tolv veker att å leva. Ho hadde mange samtalar med pasientane om livet deira og blant anna om anger. Ho skreiv eit blogginnlegg der ho publiserte dei fem punkta pasientane hennar angra mest på:

  1. Eg skulle ynskje eg hadde meir mot til å leva det livet eg sjølv ville, enn det livet andre forventa av meg.
  2. Eg skulle ynskje eg ikkje jobba så hardt.
  3. Eg skulle ynskje eg var flinkare til å uttrykke kjenslene mine betre
  4. Eg skulle ynskje eg heldt kontakten med venene mine
  5. Eg skulle ynskje eg tillet meg sjølv å vere meir lukkeleg

Bronnie Ware avslutta innlegget sitt slik:
«Mange innser ikkje før dei ligg for døden at lukke er eit val. Dei hadde blitt verande i gamle mønster og vanar. Frykta deira for endring gjorde at dei bedrog både seg sjølv og andre om at dei var lukkelege. Men inst inne sakna dei å kunne le skikkeleg eller vere barnlege. (…) Livet er eit val. Det er ditt liv. Ta bevisste, kloke og ærlege val

Me får gjere så godt me kan.

I tillegg til den lista Bronnie Ware presenterte, vil eg gjerne sleppe å ha vondt av noko usnakka, einkvan eg skulle ha takka eller noko eg skulle ha sagt unnskyld for. Dessutan er det mogeleg at mine næraste synes at eg masar veldig ofte om kor glad eg er i dei. Men eg trur slikt ikkje kan seiast for ofte. Ingen har vondt av å vite at dei er elska.

IMG_4857

Ei oppleving eg vil bere med meg vidare
Dei siste dagane har eg tenkt etter og prøvd å finne enkle ting her i livet som gjer meg godt. Eit av svara fann eg ein dag då eg gjekk rundt i hagen, som verkeleg er ei lukke, og såg det spire og gro. Tomta rundt huset vårt er flat som eit knekkebrød. Eg kjende at eg sakna noko. Eg mangla det som kunne ha vore ei dagleg, lita oppleving. Eg manglar ei trapp å sitje i. Sjølvsagt kan eg sitje i ein stol eller på ein benk, men det blir ikkje det same. Det er noko heilt spesielt med å sitje i ei trapp.

Når eg ser for meg ein optimal stad å bu, er det eit hus der eg kan opne utgangsdøra og gå rett ut og setje meg på trappa. Når eg sit der, vil eg gjerne ha eit vakkert landskap framfor meg, men trappa skal likevel vere der det går folk forbi. No har eg huset, utgangsdøra, landskapet og vegen der det går folk, men eg manglar trappa. Burde det i det heile vere lovleg for arkitektar å teikne hus utan trapp framfor utgangsdøra?

IMG_4864
Med sola midt i fjeset utanfor døra til mormor og morfar som då budde på Mjølfjell.

Når du sit i ei trapp, treng du ikkje noko bord til å ha kaffikoppen på. Du kan sitje aleine eller saman med fleire. Alt passar like godt. I ei trapp har du alltid stader å plassere føtene; du kan huke deg saman med nasen mellom knea eller strekkje deg utover i full lengde. Det finnes ingen reglar for korleis du skal sitje i ei trapp. Det er lov å berre vere til, berre sitje og glo.

Då eg var i Roma for snart to år sidan, var Spansketrappa ein god stad å kvile slitne bein. No er det visst ikkje lov til å setje seg ned i marmortrappa. Byrådet meiner at det kjende landemerket ikkje har vorte behandla med tilstrekkeleg respekt. Eg forstår faktisk at dette forbodet er vanskeleg å halde. Spansketrappa ligg der og ropar «kom og set deg her!!», – akkurat slik som alle andre vakre trapper gjer det.

IMG_4846
Ein liten kvil i Spansketrappa

Ein gong skal me attende til tider der me er travelt opptekne av avtalar og gjeremål, plikter og samkomer, – eit liv fylt av alt det me burde og det me helst skulle la vere. Då skal eg leite og finne meg ei trapp, setje meg ned og berre vere til. Der i trappa, skal eg finne ro og tenkje ferdig den tanken eg byrja på dagen før. Der, med baken på eit av trappetrinna, skal eg sitje musestille utan eit einaste problem, – berre puste djupt ut og inn og ha tid.

Dette har eg tenkt på denne veka
Det gjeld å ikkje la seg knekke, men det er fort gjort å lage seg så mykje drama inne i eige hovud at det fullstendig blokkerer for alt det som tross alt er bra. No trur eg det er viktig å telje gleder.

IMG_4892
Litt over halvfullt eller …?

Eg meiner ikkje at me skal tvingast inn i denne tenke positivt-psykologien som slo til mot slutten av 90-talet, for det er ganske irriterande å gong på gong bli spurt om glaset er halvfullt eller halvtomt. Men eg prøver, fordi eg trur det er lurt, å gjere det til ein god vane å tenkje gjennom kva det er som skapar glede.

Eg er glad for at det er vår. No kan eg ta med meg kaffikoppen ut i solveggen, høyre fuglesongen og sitje roleg utan å fryse. Når eg vender blikket opp, kan ljoset gjere meg glad.

IMG_4895

Eg er glad i stillheita i musikken, – den roa eg kjenner inne i meg når akkordane er som vakrast. Då kan melankolien av og til vere det eg set aller høgast.

Eg er glad for alt som rører meg;

  • Små, trygge ungar i pysjamas
  • Folk som finn attende til kvarandre
  • Videoar med einkvan som er overraskande flink til å syngje

Eg har stor glede av venene mine. No ser eg dei sjeldan, men kan glede meg over å høyre ei glad stemme når me snakkast i telefonen. Eg er også glad for å kunne glede meg til å møte dei att.

Dette er slikt eg kan glede meg over, – og det tur eg at eg gjer eg lurt i.

Det eg har nemnt til no, er slike ganske store og djupe gleder. Her er ei lita ei:
Det tok fleire år før eg torde å gjere alvor av å slutte å farge håret. Eg har aldri vore så glad for det grå bustehovudet mitt som det eg er no når frisørsalongane er stengde. I desse tider hadde etterveksten vore meir enn tydeleg.

 

IMG_4917

***

Denne sundagen er starten på påsken. Den veka me har framfor oss er kalla «den stille veka». Kva vil denne påsken bli hugsa for? Eg trur i alle fall at den vil bli meir stille enn det me hadde planlagt.

IMG_4910

Men no er det opp til oss å gjere det beste ut av desse dagane. Eg ynskjer for oss alle at dei blir så gode som berre mogeleg.

Helsing frå Karen-Margrethe

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: