Kjære folk!
God påskelaurdag!
Ja visst er det påskeaftan, men dagen i dag er også ein annan merkedag. Det var 11. april i 1940 kong Haakon sa nei. Kongen avviste å snakke med ein utsending frå Quisling og minister Bräuer. Tyske fly gjekk til angrep på Elverum med brann- og sprengbomber medan kongen og kronprinsen søkte tilflukt i Nybergsund.

Eit nyhende som har fanga merksemda mi
Er det så mykje anna å skrive om enn dette eine? Det er heilt sikker det, men alt det andre bleiknar der det blir ståande i skuggen.
Slik me har det no, støttar eg meg på det viktige verbet «å halde».
Regjeringa har ein strategi; å slå ned og å halde kontroll. Det tyder at dette kjem til å vare lenge. I Folkehelseinstituttet sin rapport står det å lese at hovudbylgja av epidemien ligg framfor oss. Me ventar på ein vaksine.
Fram til no har me saman gjort ein innsats som har hatt verknad. Me har halde oss heime, halde avstand og me har syrgja for å halde hendene våre reine. No må me halde fast ved alt dette som verkar.
No må me halde motet oppe. Me må ikkje tru at det er over. Me kan ikkje lene oss attende.
Me må halde av kvarandre utan å halde om.
Me må halde saman utan å halde hender.

Når alt dette ein gong er over, kan me feire at me heldt ut og at me endeleg kan halde rundt dei me held av.
Å halde – held – heldt – har halde.
Eit ord å snu og vende på
I dag har eg valt meg eit ord som er namnet til ein raring eg møtte på for fyrste gong for 17 år sidan. Det var påske og eg skulle møte veslesystera til kjærasten min for fyrste gong. Ho bur i Tyskland og der i hagen hennar vart eg introdusert for påskeharen. Etter frukost fyrste påskedag fekk eg høyre at påskeharen hadde vore på vitjing i hagen hennar tidleg den morgonen. Han hadde vore der og lagt egg.
Hare?
Egg?
Hallo?
Det verka som om korkje ungar eller vaksne hadde nemneverdige problem med å akseptere denne openberre lygna. I det heile tatt vekte det forbløffande lite oppsikt at det i Tyskland hoppar rundt ein hare ved påsketider og legg egg. Ikkje nok med det, – denne haren visste og om at eg var akkurat i det huset i den hagen den morgonen. Han hadde lagt frå seg ei fin korg merka med namnet mitt bak ein busk. Eg kjende at det var litt stas.
Dette var ein tradisjon som var svært lett å adoptere og gjere til min eigen. Dessutan var jo borna til han som no er mannen min, vande med å leite etter gåver frå denne pelskledde og eggleggjande påskegjesten kvar påskehøgtid. No blir det heller ikkje påske for mine barnebarn utan skattejakt i hagen.

Påskeharen er liksom det tyske syskenbarnet til julenissen eller onkelen til tannfeen eller noko slikt. Kvar påske kjem han køyrande frå Frankfurt i den gule bilen sin. Mannen min har sendt e-post i god tid på førehand slik at påskeharen veit kvar me er å finne. Slik er det berre.

Kven er «der Osterhase» eigentleg?
Han dukka visst opp i Heidelberg i Tyskland på slutten av 1600-talet, men harar og kaninar var symbol på fruktbarheit og spirande liv i dei heidenske vårfestane lenge før dette. Tradisjonen med påskeharen var ukjent i store delar av Tyskland, men spreidde seg raskt då leiketøy- og godteriindustrien byrja å produsere harar som påskesymbol etter 1850. Tyske utvandrarar tok seinare med seg påskeharen til USA, der han også oppnådde stor suksess. Etter i lang tid å ha nøgd seg med å vere eit symbol, byrja haren å leggje egg og kome med søtsaker til borna – noko som er ein ganske uvanleg eigenskap for ein hare.

Ei lita kjensle
I dag vil eg
helst sitje
og lese
eller strikke
eller berre glo ut i veret
og tenkje på lite
Utbytet av dagen vil
kanskje bli betre
dersom eg rydda i kjøkkenskuffane
vaska trappa
lærde meg å spele munnspel
eller byrja med fjellklatring,
men eg er nærast
når det skjer
lite
så, –
eg blir nok sitjande her
med deg
i dag og
med avstand til
alle dei andre
***

I dag skreiv eg om den tyske påskeharen. Medan haren dominerer i resten av verda, er den vesle, gule påskekyllingen eit nordisk påskesymbol og gult er påskefargen framfor noko her i Noreg. Gult skal det vere no når det er påske.
Eg håpar du som les får ein god laurdag. I dag skal eg ringe ein eg veit blir glad for å høyre stemma mi. Kanskje du òg skal gjere det?
Helsing frå Karen-Margrethe
Jau, nu vert det naudsynt å halda fram!
LikerLiker