FØR OG ETTER, UKJENDE VEGAR OG LEIK

Kjære folk!

God påskemorgon!

IMG_4914

Eg håpar alle som les dette har hatt ei god påske så langt. Om eitt par dagar er den merkelege kvardagen i gang att der me skal fortsetje med å halde oss heime så mykje som mogeleg. Det er ikkje heilt tilfeldig at eg i dag skriv om leik og opplevingar i nærmiljøet. Men fyrst eit sitat.

Eit sitat eg vil dele
Sitatet mitt i dag er ei av dei mange forteljingane som lever vidare etter presten og forfattaren Karsten Isachsen:

«Jeg har en nabo her jeg bor som i mange år laget sitt eget brennevin:
En gang skulle han ned låvetrappen på vinterstid, med tjue liter ferdig sats.
Han gled på isen og slo ut satsen.
Familien fortalte senere at han satt lenge på låvetrappen og gråt så tårene trillet.
Siden brukte han denne opplevelsen som et tidsskille. Han kunne for eksempel si: «Ja, det var året etter at jeg slo ut satsen.»»

Me har alle våre før og etter i liva våre. Eg har blant anna desse:

  • Før eg vart mor
  • Etter skilsmissa
  • Før eg slutta som tillitsvald
  • Etter at eg flytta til Holmestrand

På kyrkjegardane står det rekkjer med symbol på tunge tankar om før og etter, tankar om lengt og såre kjensler. Dette er bevisa på at det i liva våre finnes noko som er uerstattelege.

No har me alle fått eit felles før og etter. Det kan ta lang tid før livet går attende til «normalen» og me veit heller ikkje korleis denne «normalen» kjem til å arte seg. Men me må ikkje miste motet. Me skal halde ut og me skal gjere det saman.

I mange kommunar har frivillig-sentralen oppfordra folk til å plassere kosebamsar i vindauga slik at ungar kan gå på «bamsejakt» i nærmiljøet. Her sit min vesle bamse og ventar på å bli oppdaga.

IMG_4950

Ei oppleving eg vil bere med meg vidare
Dersom eg kallar det ei oppleving, då blir det ei oppleving. Slik trur eg det er fordi eg sjølv kan bestemme meg for å endre fokus.

Eg likar å gå tur, men eg går gjerne den same turen kvar dag. Det er liksom tryggast på vegar og stigar der eg er kjent. Men opplevinga blir større dersom eg går på stader der eg aldri tidlegare har vore.
Slik er det i fjellet.
Slik er det langs kysten.
Slik er det i dalen, – men no er eg her. Eg er heime.

IMG_4947

Eg trudde eg var godt kjent i nabolaget mitt, men det viste seg å ikkje vere heilt sant. Då eg gjekk tur for opplevinga si skuld, fann eg villavegar eg ikkje ante eksisterte. Eg gjekk langs hagegjerde som hadde trengt eit målingsstrøk, halvdaude tujahekkar og nylagte steinheller.

Eg kjende meg nesten som ein snushane. Det er faktisk litt merkeleg å gå i slike gater. Dei er ikkje laga for at me skal gå der dersom me ikkje bur der eller har eit ærend der.

IMG_4944
Katten vart med eit stykke på vegen.

Eg såg hagar der dei var glade i stein, hagar som ingen brydde seg om og hagar som vil kome til å bløme i allslags fargar om berre nokre veker.

Eg såg vindauge med gardiner og utan gardiner, med potteplanter og utan potteplanter. Ein stad tenkte eg at her bur det ei snill, gammal dame, for akkurat slik hadde kjøkkenvindauget til mor mi sett ut dersom det var ho som budde der.

IMG_4943

Eg såg garasjar med opne dører, – nokre med nypolerte bilar, andre med så mykje anna innhald at bilen stod ute.
Eg såg hus som var fråflytta og hus som skulle byggjast på. Dei fleste stader var det så stille som forventa i slike smitteverntider, men frå eit hus lukta det bacon, musikken strøymde ut gjennom opne vindauge og på terrassen lo ungane.

Eg møtte folk eg aldri hadde møtt før, men dei smilte og nikka. Kanskje dei trudde eg budde der eg òg. Etter å ha passert dei, snudde eg meg for å sjå kvar dei gjekk inn. Passa dei inn i det biletet eg hadde skapt meg då eg gjekk forbi?

Det ventar fleire opplevingar der ute i nabolaget mitt. Eg har nemleg oppdaga fleire uutforska sidevegar, gardsvegar og blindvegar.

IMG_4946

Dette har eg tenkt på denne veka
Eg likar å leike. Det veit alle som kjenner meg godt. Denne påskeveka har eg tenkt ein del på det å leike, – ikkje på ungar som leikar, men på vaksne. Leikande vaksne.

Filosofen Arne Næss meinte at me menneska burde leike meir og ta oss sjølv mindre høgtideleg. Han var overtydd om at leikande menneske til og med kan kome på gode idéar medan me leikar, – slikt som me ikkje ville ha kome på dersom me ikkje hadde gått inn i leiken.

IMG_4597
Her har eg leika mykje.

Ein eller annan, eg anar ikkje kven, har sagt dette: «Vi slutter ikke nødvendigvis å leke fordi vi blir gamle, men vi blir fort gamle hvis vi slutter å leke.» Eg vil helst ikkje bli ei slik sjølvhøgtideleg, gravalvorleg og humørlaus gammal dame. Eg vil gjerne bli gammal og gjerne vere seriøs, men likevel få behalde både galskapen og livslysta. Ja takk, begge delar; alvor og skjemt, arbeid og leik.

Allereie for 2400 år sidan sa filosofen Platon at leiken er den beste sida ved oss og at det er når me leikar at me er mest menneskelege.

Kva er så denne leiken?

I fylgje Store Norske Leksikon er leik ein aktivitet som ikkje synes å ha noko mål utover seg sjølv. Erik Lerdahl har skrive boka Slagkraft, ei handbok i idéutvikling, der han framhevar at leik hos vaksne godt kan ha eit bevisst mål med tanke på å skape ny forståing og nye idéar.
Han skriv òg at leiken krev at ein går fullt og heilt inn i aktiviteten. Dersom ein har for mykje fokus på at leiken skal være matnyttig, vil det hemme leiken.

Eg trur at mange ganske kjedelege aktivitetar kan bli meir morosame dersom me leikar at me er ein heilt annan enn oss sjølv? Det hjelper å leike samstundes med at ein utfører kjedelege oppgåver. Golvvask for eksempel, går mykje lettare med ballroom-musikk på full guffe og ein fantasi om at langkosten er ein sexy dansekavaler.

Som sagt; eg elskar å leike og er gjerne med på dei fleste spel og uhøgtidelege konkurransar. Det er mest morosamt å leike med folk som ikkje har så kjempesterkt konkurranseinstinkt. Å vere på lag med konkurransemenneske, inneber gjerne å få litt kjeft, – og det elskar eg ikkje.

IMG_4927

Dersom eg er i selskap der einkvan foreslår selskapsleikar, er ikkje eg vond å be. Mime- og gjetteleikar er kjempegøy. 20 spørsmål likeeins. Til og med stolleiken og adjektivforteljingar synes eg er morsamt.

Eg har ei god venninne som eg kan leike morsame leiker med. Me kan sitje i timevis og leike gjetteleikar, bokstavleikar, ikkje ljuge-leikar og spørsmål og svar-leikar. Tida går kjempefort og me har det veldig hyggeleg. Me er dessutan einige om at desse leikeaktivitetane er ganske utviklande og gjer at me blir endå betre kjende med kvarandre.

Me veit jo at me kan få born til å gjere nesten kva som helst berre me leikar med dei. Slik er det ikkje med vaksne. Eg kjenner fleire som helst ikkje vil leike. Sjølvsagt må dei få sleppe. Det er jo heller ikkje så morosamt å leike med folk som ikkje har lyst. Eg har ofte lurt på kvifor dei ikkje likar å sleppe seg laus i lek. Kan det vere at dei er redde for å dumme seg ut? Kva skulle elles vere grunnen?

IMG_4936
Dette er eg ikkje spesielt flink til og ikkje ser det heilt bra ut heller, – men moro er det.

«All kunst er lek. Når en kunstner slutter å leke, kan han ikke skape kunst.» Dette er Kolbein Falkeid sine ord. Då betyr altså det at alle kunstnarar er leikande menneske. Då må det også bety at me ville ha vore eit mykje fattigare folk utan leiken.

Eg skulle ynskje at det fantes ein fritidsaktivitet for godt vaksne der me kunne møte opp kvar veke og leike. Tenk å kunne glede seg til eitt par timar kvar måndag for eksempel, –  der me gjorde unyttige ting saman utan anna mål enn å ha det moro. Me måtte ikkje få vite kva me skulle leike før me møtte opp. Det måtte vere ei overrasking. Gjennom året kunne me spele alt frå kanonball til ludo, lære nye dansar, leike blindebukk, mime, synge, tulle og le.
God idé, – ikkje sant? Noko å tenkje på når verda blir slik ho skal bli etterpå – når me kan leike saman, tett og fleire enn fem?

***

IMG_4877

Det er mange som saknar i desse tider. Eg og. Det eg saknar mest av alt er å kunne klemme, – klemme hardt og klemme lenge på dei eg er så glad i. Eg verkeleg saknar barnebarnklemmane.
Det er fint å ha noko å glede seg til.

Helsing frå Karen-Margrethe

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: