Kjære folk!
Eg håpar morgonen kjennes bra.
Det er tre fysiske ting eg helst ikkje vil gje slepp på. Det er godt grovbrød, mjukt do-papir og papiraviser. (Tenk at me kallar det pairaviser. Det er ikkje SÅ mange åra sidan at å setje papir framfor avis var heilt unødvendig. Kva skulle avisa elles vere laga av liksom?)
I dag er det laurdag, pairavisdag, og derfor litt ekstra hyggeleg.

Eit nyhende som har fanga merksemda mi
Mange blei veldig glade over å få meldinga frå regjeringa, – og det er ikkje vanskeleg å tenkje seg at dette var etterlengta. Hipp hurra, – barnehagane skal opne. Det blir ei glede for borna å møte venene sine att og det er bra for born å opphalde seg på ein god læringsarena. Dessutan treng verkeleg alle dei sårbare borna barnehagen for å kunne ha eit så trygt og stabilt liv som mogeleg.
Men … og det finnes ikkje berre eit, men mange men.
Det er utfordrande å skulle opne barnehagane og ta smittevern og sikkerheit på alvor. Når barnehagane opnar, vil nok ikkje born og foreldre møte det same miljøet som det dei gjekk heim frå i mars. Det skal på plass smitteverntiltak og samstundes skal barnehagen vere fagleg forsvarleg. Regjeringa har lagt fram ein vegleiar for smittevern, men barnehagane må no sjølv legge planar og finne lokale løysingar.

Eg har hatt sopass mykje med profesjonelle og fagleg dyktige barnehagefolk å gjere, at eg ikkje forstår korleis dette skal kunne gå for seg utan at barnehagane anten må redusere opningstida eller bli tilført fleire vaksne. Leiaren i Utdanningsforbundet, Steffen Handal, meiner at den nye smittevernvegleiaren er eit godt utgangspunkt, men trur det vil oppstå mange spørsmål etter kvart som vegleiaren blir tatt i bruk.
Ein barnehage er ein spesiell arena. Derfor er det umogeleg å innføre vanlege smittevernreglar. Det seier seg sjølv at det ikkje går ann å drive barnehage med to meters avstand. Born skal ha stell, trøyst og kos, og alle dei små puttar ting inn i munnen. Målet må altså bli å halde smitterisikoen så låg som mogeleg.

Eg har høyrt ekspertane seie at no når det er vår, – og sidan smitten ikkje spreier seg like lett ute som inne, er det mogeleg og lurt å ha utebarnehage. Då er det òg enklare å halde avstand. Ja visst er det det, men stell, trøyst og kos blir ikkje avlyst sjølv om ungane er ute. Dessutan har ikkje alle barnehagar eit stort uteområde der borna kan boltre seg. Ungar er ungar, ute som inne, – og det er uunngåeleg at born og vaksne kjem tett på kvarandre.
Eg er redd for at engstelege foreldre let vere å sende borna sine i barnehagen. Det vil bli ei stor utfordring å skape nok tryggleik til at alle skal våge.
Ei veke etterpå er det skulane sin tur. Då skal 1. – 4. klassingane i veg til skulen att. Mange er skeptiske, men me må ikkje gløyme at å gå på skulen er ein grunnleggjande rettigheit for born.
Mæland seier at ho har forståing for dei som kjenner det er utrygt å starte opp att med skule og barnehage. Men no har dei fremste ekspertane Noreg har, uttala seg om at opning av barnehagar og skular er trygt. Me får lytte til det dei seier og ha tiltru til at helsemyndigheitene har gjort gode vurderingar når det gjeld smitte.

Dei fyste vekene med opne barnehagar og skular blir spanande veker. Eg trur dei tilsette i skule og barnehage no treng at me alle heiar på dei. Det er ikkje ei enkel oppgåve dei har framfor seg.
Eit ord å snu og vende på
Her ein dagen fekk eg for meg at eg skulle sjå kor mange ord eg kunne kome på som har «kraft» i seg. Det var ikkje få. (Her er nokre av dei: kraftfelt, kraftsalve, handlekraft, kraftforsyning, tiltrekningskraft, bærekraft …)
Grunnen til denne ordleiken var at eg skulle koke, – nettopp kraft. Det er slikt eg driv med av og til fordi det er så kjekt å ha for å kunne bruke i ei suppe eller ein saus når eg treng det. Eg hiv dei råe kjøtrestane opp i ei gryte, pakkar dei tett saman, fyller på vatn og let det koke, – LENGE. Krafta frys eg ned i passelege porsjonar. Tru meg. Det smakar mykje betre enn buljong.

Mange steller med fysisk eller rå kraft til dagleg. I fysikken er meininga med «kraft» draget i eller presset på ein gjenstand, politikarane tenkjer på energi og treningssentera tilbyr tenester for å auke muskelstyrken.
Eg er, i tillegg til den krafta eg puttar i suppa, mest oppteken av tankekraft og det som er kalla indre krefter. Då snakkar me om slike musklar som ikkje kan trenast opp i gym-timen. Burde me fokusere like mykje på å trene opp den psykiske helsa som den fysiske? Det kan vere naudsynt med mange slag kraft og styrke for å takle dei daglege utfordringane. Ein ting er sikkert; motgang vil me alle møte. Då gjeld det å ikkje kjenne seg kraftlaus, og slike «Pippi-krefter» er vel ikkje den type kraft me treng oftast, – er det vel?
Folk hentar kraft frå ymse stader:
- i gode samtalar
- i litteraturen
- i bøn til høgare makter
- i musikken
- hos psykologen
- i naturen
- i fysisk arbeid
- i seg sjølv
Me har alle våre eigne ressursar som me kan hente krefter ifrå. Ingrid Bjørnov skal ha sagt noko slikt som dette: «Eg trur uro er ei kreativ kraft, difor har eg blitt ven med den sida av meg sjølv.» Eg skulle gjerne ha adoptert den måten å tenkje på og gjort han til min. Slik eg kjenner det, er uro eit av dei elementa som oftast gjer at kreftene blir vanskelege å finne.

Det hender jo at kvardagen kan by på litt vel kraftig kost for både den eine og den andre. Då er det viktig at me veit kva me skal gjere og kvar me skal gå dersom det røyner på og me treng ein ladestasjon.
I går hadde me svært trivelege gjester på terrassen. Eit samtaletema var om skriving og om korleis idéar kan oppstå. Dette eg no har skrive, er eitt døme på slike ganske kraftige tankesprang.
Ei lita kjensle
Eg ber med meg alt det
som er og har vore;
han eg skuldar ei forklaring,
kven eg elska i løynd,
kva eg stal,
alt eg lengta etter,
gamle håp og nye draumar.
Alt ber eg med meg.
Set det aldri frå meg.
Sjølv om skuldrene verkar
og korsryggen svir,
har eg det med meg.
Det er mitt!
Det hender av og til
at eg vaknar
sliten av å rydde
i ryggsekken min
Andre morgonar
skimtar eg
minnet
av hemmelege skogsstigar
og
luksusmatpakker som eg
har henta opp
frå den same sekken
Eit levd liv
Ein ryggsekk som
eg skal bere
med meg vidare
og fylle med det som til no er
uopplevd.
Eg har god plass.
***
Ha ein god laurdag vidare.
Helsing frå Karen-Margrethe