TRU, «STILLHETEN ETTERPÅ» OG VILJESTYRKE

Kjære folk!

Det er aldri for seint å få ein god start på dagen, seiest det. Eg har allereie starta bra, kjenner eg og håpar det tyder at resten av dagen vil bli ein god ein.

IMG_4978

Eit sitat eg vil dele
Sitatet i dag har eg funne i ei diktbok frå 1985 «Song i september» av Ingebjørg Kasin Sandsdalen.

Tru
Det er sagt
at tru
er å godta at
det finst eit hav
før du har sett ein bekk.

Likevel ønskjer du
at det var sjølvsett.
Høyre røysta til havet,
sjå glansen der,
kjenne makta.

Var det slik
– vil du tenke.
Så stort og sterkt
så endelaust og djupt.

Legge handa på det
og seie:
Eg og havet.
Og havet seier:
Nå veit du – – –

IMG_4965

I eit tidlegare blogginnlegg skreiv eg at eg trur det ville ha vore bra for oss at me snakka meir med kvarandre om tru og brukte mindre tid på å diskutere religion.

Eg har god erfaring med å samtale med folk som trur både slik og sånn. Aller mest interessante er samtalane med dei som trur annleis eller noko anna enn meg, dei eg kan vere open saman med og dei som korkje må harselere med eller kjenner seg krenka av andre si tru.

IMG_4962
Tempel i Ha Long

Ei oppleving eg vil bere med meg vidare
Orda er der.
Forteljingane er der.
Tida er der. Du all verda så mykje tid eg har. Då er det fint å kunne nytte noko av all den tida til å lese. Denne veka har eg budd nokre få timar inne i Helene Uri si bok «Stillheten etterpå».

IMG_4971

I går delte eg eit lite dikt eg kalla «ryggsekken min». I «Stillheten etterpå» har eg opplevd å byrje på nytt, på ny stad og med berre nye menneske saman med Ada og Odd-Erik. Begge ber på kvar sin ryggsekk stappfull med det dei for alt i verda vil halde hemmeleg.

Ada er 16 år og drøymer om å vere populær. Odd-Erik gjer tapre forsøk på å bli den kule læraren. Det blir vondt, av og til morosamt, men også veldig pinleg. Medan eg las, fekk eg sterk lyst til å ringe og seie at det du driv med no, det er ikkje lurt. Spesielt Odd-Erik har fått fram dette behovet i meg samstundes med at eg har irritert meg over at han er så lite mann. Eg fann raskt ut at det var ein ungdomsroman eg sat med mellom hendene. Kjenslene mine kan nok difor ha kome av at eg er vaksen, – og vel så det.

Boka fekk meg blant anna til å tenkje over det eg så ofte har sagt til unge samtalepartnarar: «Bli kva du vil, berre du blir snill.» No tenkjer eg at det slett ikkje er til hjelp for nokon å vere snill dersom ein samstundes er feig eller fullstendig inkompetent.

Boka må ha vore ei bra oppleving sidan eg sit att med eit ynskje om å kunne diskutere denne boka i eit klasserom med 17-åringar. Dette kunne dei ha kjent seg att i. Dette hadde dei hatt godt av.

Eg trur mi neste leseoppleving må bli «De usynlige» av Roy Jacobsen fordi ei venninne eg set høgt, har sagt til meg at den kjem eg til få glede av å lese.

IMG_4968

Dette har eg tenkt på denne veka
Eg har høyrt at det er mogeleg å bruke opp viljestyrken sin. Eg håpar ikkje det er sant, for eg trur me innimellom treng ein sterk vilje. Eg vil i alle fall ikkje vere ei slik ei som berre let meg drive av garde med straumen. Eg vil gjerne bestemme meg og halde fast ved det eg har bestemt meg for sjølv om eg møter motgang.
Vilje har ein sentral plass i kvardagslivet. Slik trur eg at det er for meg i alle fall.

Eksempel 1:
Eg vil ikkje liggje og dra meg om morgonen. Eg vil opp, starte dagen og finne ut kva som skjer. Nokre dagar, når ikkje alt er på stell, er det ikkje fullt så lett å kome seg på beina som dei dagane når alt berre er godt. Då får viljen god hjelp av at eg har vant meg til ei morgonrutine som inneber å ikkje bli liggjande.

Eksempel 2:
Dei som har sett «Kompani Lauritzen» på TV2, har opplevd at utrente surrekoppar har fått nye rutinar, som for eksempel å reie opp senga si. Motivasjonen er at du får ein premie når du skal leggje deg om kvelden: Etter dagens innsats fortener jo du ei oppreidd seng som er god å leggje seg i. Det er vanskeleg, dag etter dag, å handle på viljestyrke aleine dersom ein ikkje er motivert.

IMG_4969

Eksempel 3:
Når folk som har hatt heimekontor eller vore i karantene har fortalt om daglegantrekket sitt, har det gått mykje i morgonkåper, kosebukser, joggebukser, tights og kosedressar. Eg veit at det er fort gjort å hamne der. Samstundes veit eg òg at det er god hjelp i å tvinge seg sjølv til å sjå velstelt ut sjølv om ein skal halde seg heime. For meg har det handla om å disiplinere meg sjølv til å prøve å sjå så frisk ut som mogeleg også på dritt-dagar.

Så dersom det er sant at det er mogeleg å bruke opp viljestyrken sin, trur eg det er nyttig å syrgje for å spare. Dersom me ynskjer ein sterk vilje, må me i alle fall ikkje misbruke den på slikt dagleg småtteri. Eg har syrgja for å skaffe meg hjelp av rutine, motivasjon og disiplin. No høyres det ut som om eg kunne ha blitt ein god soldat. Det er absolutt feil. Eg er alt anna enn lydig, eg klarar ikkje å halde kjeften min når eg ikkje er samd og eg verkeleg hatar å få kjeft, – men dette er ei heilt anna sak.

IMG_4807
Som born fekk eg sjeldan hjelp før eg hadde prøvd minst tre gonger sjølv. Men etterpå fekk eg mykje av både ros og hjelp. 

Å ha viljestyrke til store endringar er nok meir krevjande.

  • Eg klarte ikkje å slutte å røyke før eg forelska meg i ein mann som ikkje likte damer som lukta røyk. Då var motivasjonen på plass. Dessutan fekk eg oppleve kor viktig det er med sosial støtte.
  • Eg har budd saman med ein som har hatt eit sterkt ynskje om å slanke seg. Eg trur at grunnen til at han klarte det, var kortsiktige, definerte mål og ein bitteliten, men svært støttande heiagjeng.

Eg leste ein stad for lenge sidan at det fantes eit utsetjingsgen. Eg tvilar på det. Slikt trur eg berre er behovet for å finne på ei orsaking. Men eg treng òg ei bortforklaring innimellom. Eg blir nemleg kjempesliten i viljestyrken min når det kjem til trening. Då passar dette sitatet frå Piet Hein utruleg godt: «Det er utrolig hva man ikke kan når man av ærlig vilje ikke prøver

***

IMG_4894

Eg håpar dagen og veka som kjem blir bra for oss alle.

Helsing frå Karen-Margrethe

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: