Å PAKKE NED OG HJERNESTELL

Kjære folk!

Alle mine laurdagar startar på den same måten: Eg skriv, medan han eg er så heldig å bu saman med, går ned for å koke kaffi og lage frukost. 
Då eg sette meg for å skrive i dag, byrja eg å undre meg over kor mange innlegg det har blitt her på bloggen min. Eg fann ut at dette faktisk er blogginnlegg nummer 215. Ikkje verst, tenkte eg då.

I dag handlar det om endring:
– å pakke ned tyder på at noko skal bli annleis
– å stelle godt med hjernen sin er naudsynt for å unngå negative endringar

Eit sitat eg vil dele
Sjølve nedpakkinga trur eg er det mest tidkrevjande i prosessen når ein skal flytte. Då eg var på nettet for å leite etter flytteesker, dukka det opp både det eine og det andre om å pakke ned.

dt.no:
«Start pakkingen i god tid før du skal flytte
Eg er vel slik laga at eg er ute i god tid med det meste, men det er ikkje den einaste grunnen til at me har starta tidleg. 
– For det fyrste er det ingen grunn til å pakke opp att det me måtte fjerne før visning. 
– For det andre er det møblar me vil selje eller gje bort før me dreg, og då må jo det me skal selje tømmast. 
– For det tredje er det lurt å gå gjennom både klesskåp og andre skåp for å finne ut om noko bør få seg ein annan eigar. Eg har altfor mykje av det aller meste.

Me er godt i gang med pakkinga

abcnyheter.no:
«Skal du flytte, er det viktig å ha organisert alt på best mulig måte
Ja, sjølvsagt er det det, men organisering av pakking er lettare sagt enn gjort. Eg har allereie funne ut at eg har hatt bruk for noko eg har pakka bort. Det er berre å klare seg utan fram til i mai ein gong. Eg er jo ikkje så godt organisert at det er ei smal sak å finne fram att ein liten dings som eg trudde eg ikkje trengte før til sumaren.

bergstransport.no:
«Legg tunge ting i bunnen av pappesken og det lette på toppen
Hmm, – Det høyres ut som om me bør blande ymse innhald i same boksen. Blir ikkje det veldig rotete når me skal pakke opp etterpå? 

«Ingen esker bør veie mer enn 30 kg. Det tilsvarer omtrent vekten av en hyllemeter med bøker
Eg har målt. Det blir veldig mange pappesker. Me må altså skaffe oss ein heil haug med papp. Eg håpar det finnes nokon som har bruk for all pappen vår når me har pakka opp og fått bøkene på plass i hyllene på Ål.

Fyrst sortere, deretter pakke

Konklusjon:
– Det er godt me ikkje skal flytte neste veke.
– Her må det planlegging til. 
– Me har gjort det før og klart det fint, så det er ingen grunn til å bekymre seg.

Dette har eg tenkt på denne veka
Er hjernen det viktigaste organet me har? Det vil i alle fall bli rett og slett stusseleg med smått stell her i livet dersom hjernen ikkje vil meir. Då er det vel og slik at det er viktig å passe på den, ikkje sant? 

Joseph Addison sa det slik: «Å lese er for hjernen hva mosjon er for kroppen

Eg har dessverre inntrykk av at mange er meir opptekne av å oppretthalde flat mage og sprettrumpe enn å sørge for å bremse forfallet av hjernen. 
Akkurat det har eg nok tenkt på lenge. Eg vart minna på det då eg las om meg sjølv i «Pensjonisten» der ingressen var «K-M E (67) synes det er trist at mange blogger handler om trutmunner og sprettrumper. Hun bestemte seg for å starte egen blogg – for voksne mennesker.»

Nok om det, – attende til hjernen: Studiar av den menneskelege hjernen viser at alle hjernar skrumpar, men at hjernebarken ikkje skrumpar like mykje hos alle. Denne hjerneskrumpinga avheng blant anna av kosthaldet vårt, kor mykje me søv og av kor fysisk aktive me er. 

Så flott og så forunderlig. Må passast godt på!

Eg las ein stad at ein hjerneforskar, som heiter Andreas Engvig, seier at ulike former for trening av hjernen kan bremse forfallet. Ingenting av det som vart anbefalt som «forfallsmedisin» kom som ei overrasking på meg, – det kan berre vere så vanskeleg å kome seg i gang. Her er lista:

  • Ta vare på den nysgjerrigheita du hadde som born, set hjernen på prøve og lær nye ting.
  • Søk sosial stimulans gjennom vennskap, familie og gruppeaktivitet.
  • Ivareta god hørsel og godt syn. Bruk briller og høyreapparat dersom det er naudsynt.
  • Stump røyken.
  • Ikkje stress.
  • Søvn er eit godt hjernepleietiltak.
  • Et mat som er laga frå botnen av og som inneheld frukt og grønt, fleirumetta feitt og grove karbohydratar.
  • Ikkje drikk for mykje alkohol.
  • Kom deg opp av sofaen.

Dette trur eg det er vel verdt å ha med seg i bakhovudet. Eg vil i alle fall helst bidra til at hjernebarken min skal skrumpe så lite som mogeleg, og eg veit kva som er hovudutfordringa mi. Opp og ut, gamla!

***

Snart kjem våren. Ja, i dag er det faktisk vårleg ut. Det er tid for nye byrjingar. Ljoset er attende og me kan opne vindauga, lufte ut og sleppe inn vinden, fuglesongen og fargane. Det er snart tid for å ta fram solbrillene og spasere på tronge skogsstigar eller bare asfaltgater. 


Eg ynskjer at alle som les dette får mange strålande seinvinter- og vårdagar framover.

Helsing frå Karen-Margrethe

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

2 kommentarer om “Å PAKKE NED OG HJERNESTELL”

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: