Kjære folk!
Det er mars og det er vår. Det betyr at det no er byrjinga på ein ny sesong. Vårsesongen. Det skulle ha vore slik at me, etter eit heilt år med pandemi, var optimistiske, dansa våryre rundt på kjøkkengolvet og gledde oss til å ta fatt. Dessverre ligg det ei sky av aukande smittetal som ein skugge framfor den glade vårsola. Det er lov å vere litt lei, ikkje sant, – men likevel held me ut og gjer slik dei ber oss om. Sjølvsagt gjer me det.

Bloggen min i dag bêr preg av litt politisk frustrasjon og litt lengt etter det som var normalen.
Eit nyhende som har fanga merksemda mi
Eg overraskar til og med meg sjølv når eg seier «Siv Jensen, eg trur eg kjem til å sakne deg».
Siv arva Carl Ivar sitt parti, og ho klarte lenge å vedlikehalde arva. Då ho bestemde seg for at ho ikkje ville meir, peika ho samstundes ut arvtakaren sin; Sylvi frå Sunnmøre. Ho står klar til å overta eit parti som har krympa kraftig dei siste åra, og Sylvi har ein jobb å gjere. Ho skal bruke dei fire neste åra til å stå fram i rampeljoset og vinne attende veljarane. Eg gruar meg.

Eg likar best politikarar som, dersom eg var mor deira, ikkje stadig vekk måtte be dei om å gå heim og vaske munnen sin. Sylvi er ho som har sagt at flyktningar blir borne inn i landet på gullstol og ho har fortalt Krf-leiaren at han sleiker imamar oppetter ryggen. Det er ei stund sidan no, men eg veit at når ho provoserer, avsporar debatten, og ho oppnår å få akkurat den merksemda som ho håpar på.
Eg har lese at eg slett ikkje er aleine om dei politiske frustrasjonane angåande Sylvi Listhaug. Frp-are over heile landet har ei slags bekymring. Mange av dei seier at dei er redde for at Sylvi ikkje vil bli ein samlande nok leiar for partiet. Så kanskje alle Frp-motstandarar burde juble dersom det er ho som blir vald.
I det siste har ho kome med utspel om kor urettferdig det er at kulturen får så mange «koronakroner». Dei som fylgjer med på kulturpolitikk, veit at for eksempel mange av underleverandørane til kulturlivet ikkje har mottatt ei einaste krone.
Men det at det finnes slike folk, dei som nokre kallar «kultureliten», er visst irriterande nok i seg sjølv for einskilde. Politiske utspel mot kulturarbeidarar sankar stemmer i dei kretsane der haldninga er at det offentlege ikkje skal betale løna til folk som driv med «hobbyen sin».
Førre veke las eg at Frp no trekk seg frå støtta til kravet om at regjeringa skal utarbeide ein plan for «gjenåpning av kulturlivet».
Eg har også lese (Aftenposten 26. februar) at Sylvi Listhaug meiner at regjeringa gir dei eldre ansvaret for at økonomien blir trongare framover, og at ho legg til «samtidig kaster vi penger etter klimapolitikk, som i mange tilfeller er symbolsk og ikke gir lavere utslipp totalt i verden».

Veit du, Sylvi, eg er i ferd med å bli ein av «dei eldre», men eg er slett ikkje interessert i å vere ein del av argumenta dine når du konstruerer konfliktar i kampen din for å få fleire stemmer. Eg håpar den politiske debatten framover vil vise at det løner seg å halde seg unna provokasjonar og splittande framferd.
Eit ord å snu og vende på
Me sit heime, to-saman, og reiser rundt i verda. No når reisemåla på ingen måte ligg opne framfor oss, må me ty til andre reisemåtar enn fly for å kome oss utanlands. Ordet mitt i dag er altså «reise».
Reiselysta gjer at me ofte finn fram til nokre av alle dei gode reiseprogramma som finnes på ymse tv-kanalar. På NRKtv ligg det for eksempel fleire titals turar, – alt frå Michael Palins beste til villmarksopplevingar med Monsen.
Me har forelska oss i dei eventyra me kan finne på 3sat. Vakre bilete frå spanande reisemål gjer at me kan dra på langtur så ofte me vil. I fantasien er det ingen gjerder og aldri kø, og i verdsatlaset treng me korkje vaksineprov eller munnbind.

Ein annan måte å reise på er gjennom musikken. På nettet kan me finne radiokanalar frå heile verda. Me treivst for eksempel svært godt midt i det lydbiletet me opplevde i New Orleans. Dette kan me finne attende til gjennom «Tuneln, – free internet radio». Der er det berre å leite seg fram til land og streame inn radiokanalar heile både dagen og natta om me vil.

Me tek ofte matvegen til landa rundt Middelhavet. Eg for min del kunne ha levd godt og lenge på friske grønsaker, olivenolje, godt brød, pasta, kvit geit- eller saueost, – og i tillegg halvtørr kvitvin.

Memory Lane er også ein fin måte å reise på. Det er fint å kunne dra attende til gode opplevingar ved å bla i album eller sitje med I-paden på fanget. Her er nokre av mine reiseminne. For meg fylgjer det med fantastisk både lyd og lukt.



Alle desse måtane å reise på kan me gjere heilt utan å sleppe frå oss eit einaste gram klimagass.
Det er jo fint, men eg må seie som sant er at eg gler meg til me kan ta oss ein liten flytur att.
Ei lita kjensle
Det lukta farmor
Då eg tok på meg sjalet,
mitt eige altså,
kom lukta av
parfymen brått på
Eg tenkte
at dette var det
barnebarna kjende
då dei sa
«kjenn, det luktar
farmor»
Det er lenge sidan dei
har vore så nære
Ingen har bora nasen ned
i sjalet mitt
og tenkt på
at eg luktar
farmor
Eg lengtar

***
Då eg skreiv dette vesle diktet som du nettopp har lese, fekk eg lyst til å skrive litt meir om fysisk kontakt. Det får bli i morgon.

Eg sluttar av i dag med å sende ein tankeklem til dei av dykk som vil ha ein.
Helsing frå Karen-Margrethe