Kjære folk!
I dag startar eg med ei lita gladmelding til alle som skulle ynskje at dei hadde vore litt meir hippie på 60- og 70-talet. Denne våren kan me trygt kle oss i demin med stor sleng og romantiske skjorteblusar. For hugs: me er store jenter og gutar, og me kan kle oss akkurat som me vil, heilt uavhengig av alder.

Eit sitat eg vil dele
I «Aftenposten Innsikt» las eg for ei tid sidan ein artikkel om kor viktig det er med fysisk, sosial kontakt. Der skreiv nevroforskarane McGlone og Fairhurst at fysisk kontakt er knytt opp mot eit slags belønningssystem. Når einkvan stryk på oss, klemmer eller klappar oss, blir det frigjort oksytocin, som igjen blant anna gjer at hjarterytmen blir tregare. Dei som har størst risiko for negativ kjenslemessig verknad av manglande fysisk kontakt, er unge menneske.
Me må altså gjere det me kan for å kompensere. Nokre av oss er så heldige at me har ein eller ei som me har lov til å stryke og klemme på. Men kva med alle dei andre? Fairhurst seier at sjølv dei minste endringane av vanar kan vere svært effektive. Forskaren har for eksempel sett at folk kan oppleve å kjenne seg mindre einsame dersom dei steller seg meir. Det er altså bra for helsa å vaske håret, bruke bodylotion, file negler og ja, rett og slett stryke på og vere snill med eigen kropp.

Sjølv om det ikkje er direkte «berøring», kan ein kjenne seg mindre isolert dersom ein ser fjes utan munnbind. Når eg er ute og går med heile ansiktet synleg, smiler eg for tida til alle eg møter. Det gjer godt å få eit smil og eit «hei» attende.
Dagens sitat har eg henta frå psykolog Elke Rønning: «Vi må fortsatt holde blikkontakt. Vi må smile og prøve å opprettholde kontakt og vise empati og emosjonell tilknytning selv om vi ikke har de fysiske verktøyene.»
I november i fjor gjekk Bent Høie ut og bad single unge unngå å ha tilfeldig sex. Sex er no ein ting, men det er nok lettare sagt enn gjort for unge, som lengtar etter nærleik, å halde fysisk avstand til kvarandre. Ein må kysse mange froskar for å finne seg ein prins eller ei prinsesse, heiter det. No har koronaen sett ein stoppar for froskekyssing og prinsejakt. For alle dei som er utan kjærast er det naturleg å lengte etter å kysse og kjenne varmen frå eit anna menneske. Dei unge tek ansvar. Dei er opptekne av å ikkje smitte andre, og eg har vondt av dei fordi dei på mange måtar må setje ungdomstida si på vent.

Eg har skrive om det tidlegare at eg er veldig spent på korleis me kjem til å reagere på store folkemengder når pandemien er over.
Vil me bli reddare for å vere nær kvarandre?
Kva med handhelsing? Eg har lese at ein O`Sullivan har designa eit jakkemerke som skal signalisere til andre om me ynskjer å handhelse eller ikkje? Er det ein god idé?
Kjem eg til å vere like raskt ute med å dele ut klemmar som det eg var før, – eller kjem eg til å klemme oftare og hardare på dei eg verkeleg har lyst til å klemme på?
Me får sjå.
Dette har eg tenkt på denne veka
Det er forbausande få problem og spørsmål som kjem med ferdigtenkte svar eller fasit, og det er fabelaktig å sjå kor mange vegar det finns fram til målet. Det seiest at eit av kjenneteikna på ein god lærar er at han eller ho seier «dette er bra og det er rett, men kunne du ha løyst det på ein annan måte»?

Den personen som har kappa treet over her, hadde ei eller anna oppgåve som han fann ei løysing på. Kanskje einkvan burde ha spurt om han kunne ha funne andre måtar å gjere det på før saga vart tatt i bruk?
Dette siste året har me gjort mykje rart og funne mange underlege løysingar. Eg trur for eksempel at me hadde valt ei anna løysing enn å setje hælane eller olbogane mot kvarandre dersom det var folk over 60 som hadde fått i oppdrag å finne ein smittefri måte å helse på kvarandre på. Eg trur me hadde gått for noko langt mindre kult og akrobatisk.

Som dei fleste andre, så har eg grodd fast i mine eigne mønster. Eg gjer stort sett det same kvar einaste morgon og kvar einaste kveld. Eg har mine rutinar som eg fylgjer utan å tenkje over det. Slik er det, sjølv om eg veit at horisonten blir ørlite grann utvida dersom eg prøver å gjere noko nytt eller annleis. Har du forresten prøvd å pusse tennene eller skrelle poteter med «feil» hand?
Det er mange måtar å leve livet sitt på, og det finnes heldigvis ingen fasit. Kvar einskild av oss er sjef i vårt eige liv, og me har alle ei komfortsone der me trivest best. Eg trur mange av oss hadde hatt det litt meir moro dersom me vågde oss litt nærare grensa for det me trur at «alle andre» meiner er akseptabel oppførsel. Kor viktig er det for oss å fylgje straumen? Er me redde for kva andre vil meine? Dei fleste av oss er jo det.

Eg vil gjerne vere open for dei mogelegheitene livet mitt har å by på. Eg er berre 68 (snart), og er overtydd om at livet mitt framleis vil setje meg på prøve i situasjonar der komfortsona mi blir utfordra. Det kan jo hende at dei vakraste turane går på stigar der eg aldri tidligare har gått.
Eg har val å gjere.
Eg har oppgåver å løyse.
Eg har lov til å velje annleis enn alle andre, for det finnes ingen fasit for livet.
***
Eg lærte av mormor at eg skulle samle på fyrstegongsopplevingar, for dei vart det færre av etter som åra gjekk, sa ho. Den siste veka har eg blant anna køyrt trillebår på skareføre for fyrste gong. Det var meir morosamt enn det eg visste det kunne vere.

Dersom me er merksame og tenkjer etter, kan det godt hende at me kjem over ei fyrstegongsoppleving eller to i veka som kjem og. Det krev ikkje investering av korkje tid eller pengar å syrgje for å få med seg det som hender.
Eg håpar du som les dette får ei veke med glade dagar og fine opplevingar.
God sundag!
Helsing frå Karen-Margrethe