ID-KORT, DVALE OG EI LITA UNDRING

Kjære folk!

Er du av dei som snakkar med deg sjølv? Eg gjer det av og til. Som oftast går den samtalen føre seg inne i hovudet, men det hender at eg mumlar halvhøgt. Dersom eg er aleine, står fast midt i ei strikkeoppskrift eller prøver meg på noko nytt ved komfyren, då hender det at eg treng einkvan å diskutere med.

I dag skriv eg om to ting som eg gjerne kunne ha snakka med fleire om.

Eit nyhende som har fanga merksemda mi
For ei tid attende kunne me lese i alle avisene i landet at no kunne alle norske statsborgarar ordne seg nasjonalt ID-kort.
Så kjekt, tenkte eg.

Onsdag i førre veke var eg i Stokke for å bli eigar av eit slikt nasjonalt ID-kort. Kva eg skulle bruke det til? Jo, eg hadde lese informasjon frå politiet der det kom fram at «nasjonalt ID-kort med reiserett kan brukes som legitimasjon, og som reisedokument når du skal reise til EØS-landene og Sveits

Dette, tenkte eg, var veldig praktisk for meg som er såpass ofte i både Tyskland og Sverige. ID-kortet har same snertne storleiken som førarkortet, og eg slepp å ha med meg pass når eg tek meg ein tur. Eg kan nappe med meg lommeboka og reise av garde. Dessutan, tenkte eg, at det er kjekt å skaffe seg eit slikt no, så slepp eg å tenkje meir på det i åra framover.

I Stokke sat det ei supertriveleg dame som rettleia meg gjennom fotografering, fingeravtrykk og betaling. Kroner 570,- delt på alle dei åra eg skal reise til Tyskland framover er ganske billig, tenkte eg.

Det tok ikkje mange timane før eg fekk melding på telefonen: «Hei, ID-kort med nummer xxxxxxx er ferdig produsert og sendt til registrert adresse. Husk å merke postkassen med fullt navn. Hilsen politiet.»
Så effektivt, tenkte eg.

Måndag låg det i postkassa. Eit grusomt fotografi akkurat som forventa, alle personlege data var sjølvsagt korrekte, men «Kortet går ut 03 MAR / MAR 26»?

Fem år? Det er jo fem år kortare enn den tida eit pass er gyldig. Ein liten augneblink kjende eg meg lurt. Eg hadde, i min naivitet, trudd at det var for livstid. Eg hadde klart meg aldeles utmerka utan ID-kort. Eg har jo både pass og førarkort.

Eit ord å snu og vende på
Bamsemor går i hi og legg seg til å sove når vinteren kjem. Ho finn seg ein koseleg og varm stad, rullar seg saman og held til der vinteren gjennom. Flaggermusa går i dvale og skrur av livet sitt og kroppsfunksjonane så langt råd er for å spare energi.

Eg kjenner meg litt som ei av desse.

Det har kjentes litt slik denne vinteren som at me har vore i ein slags vinterdvale. Det har blitt minimalt med vitjing frå familie, ingen ferie har blitt planlagt og me har ingen konsert- eller teaterbillettar som ligg og ventar. 

Har det vore kjedeleg?
Nei, eigentleg ikkje. Eg likar meg godt samankrølla inne i hola vår. Eg har sagt det før; dette har vore dei introverte sitt år. Dersom eg mot formodning har blitt litt selskapssjuk, har eg kunna ta ein liten prat med han eg deler hiet med. På mange måtar har det vore nok.

Eg er nok litt både flaggermus og bjørn: Litt lik flaggermusa der eg sit inne i hola mi, halvvegas nedfrosen med redusert puls og andedrett, og lurar på om det eigentleg er så stas med sumar. Eg kjenner meg litt lik bjørnebinna også,  – ho som gler seg til å krype ut av koronahiet sitt og kjenne seg sprek og fin når ho tek fatt på den ljose og varme, vidunderlege sumartida. 

Det kan visst bli litt slitsamt når ein skal pakke ned alt i hiet sitt.

Korleis vil det bli når dvalen er over? Har eg spara nok energi slik at eg kan springe ut i sola, strekkje armane opp mot ljoset og gyve laus på alt det som ligg framfor? Blir det både uvant og rart å vere ute utan restriksjonar?

Det hadde vore fint dersom vårsola etter kvart kunne tine opp alle holebuarar, og at nokre stikk i armen kunne gjere oss så trygge at me kunne finne attende til eit liv utanfor hiet, – eit liv som liknar på det livet me hadde for eit år sidan, før eit liv i dvale inne i eige hi vart ein vane.

Dei mest optimistiske seier at i mai/juni vil det kanskje vere så trygt at me kan vere i lag med fleire enn dei med deler hi med. Eg kan hugse at eg av og til likte å leike ute saman med venene mine. Er det tida no for å planlegge ei slik utskeiing eller to tru? Nei, eg vil sitje her inne ei stund til, vente og vente, og så får me sjå. Det er vel best slik. 

Ei lita kjensle

Undring
Når vart det slik
at me ville alt
annleis?
Når byrja det å krible
etter noko meir 
eller mindre?
Kvifor er det så vanskeleg
å vere heilt
nøgd?
Må me ha høgdepunkt,
entusiasme og stor stas?
Er det ikkje mogeleg å berre
vere forelska
i det enkle kvardagslivet?

Desse skyene var ei fin, lita kvardagsoppleving.

***

Me skulle ha vore på «vitjing» i huset vårt denne helga, men torsdag kom vinteren med så mykje snø at ingen av oss hadde lyst til å ta oss ut på vegen. I morgon vil bloggen min likevel dreie seg om hus og om nokre av dei vala me gjer når det gjeld fargar og inventar.

Ha ein god laurdag!

Helsing frå Karen-Margrethe

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: