Kjære folk!
Det hadde dukka opp små spirer av vår. For ei lukke! Dei var så hjarteleg velkomne.
Eg håpar dei overlever resultatet av at Kong Vinter fann ut at det var altfor tidleg for han å reise her ifrå. Desse bileta er tatt på nøyaktig den same staden med berre to dagars mellomrom:


Eit sitat eg vil dele
Då me skulle setje farge på den nye heimen vår, fann eg fort ut at eg ikkje skulle bry meg om mote og trendar, for skulle eg ha gjort det, ville eg ha enda opp som både forvirra og fortvila. Eg titta i ymse katalogar og blad for å finne inspirasjon, men det var litt vanskeleg å bestemme seg. Meldingane var mange. Her er to av dei:


Eg hugsar godt den fyrste gongen eg fekk lov til å velje fargar på eige rom. Eg valde lilla veggar og oransje pledd, puter og saueskinn.
Eg er viss på at ingen av dei fargane kjem til å få stor plass i den nye heimen vår.
Me har gjort våre fargeval, og har stort sett tenkt å halde oss til det i heile huset. Det blir spanande å sjå ferdige golv, tak, lister, gelender, veggar og dør-dekor. Eg håpar det blir like fint som slik eg ser det for meg i fantasien.

I magasinet «Bolig i balanse» fann eg dette sitatet:
«Dyp grå er en typisk nordisk farge. Varme, mørke gråfarger er langt fra kjølige og kliniske, de har en innkapslende virkning i alle rom der de brukes. Fyll på med hvitt treverk og strikkede pledd, så får du det hyggelig på et øyeblikk.»
Me er vel slik at me festar oss ved dei sitata som passar oss best. Eg jublar både over dette sitatet og over det neste som eg fann i «Hus og Bolig, et medlemsblad for Huseierne»:
«Den beste oppskriften på lite holdbar oppussing, er å male hele huset etter årets fargekart. Da er du garantert utdatert til neste år.»
I staden for å kjøpe alt nytt, er det stas å forandre farge på noko av det me allereie har. Eg gler meg til å ta med meg tinga mine og finne plass til alt saman innanfor dei nymåla veggane.

Dette har eg tenkt på denne veka
Eg har lese at den fyrste som snakka om taktile verdiar, var kunsthistorikaren Bernhard Berenson i1896. Han hevda at born som skulle lære om tredimensjonal form måtte både sjå på og ta på. Har me som vaksne gløymt kor viktig berøringssansen er for at me skal ha full forståing av alt det rundt oss som er tredimensjonalt?
Når me no skal fylle den nye heimen vår med materialar av mange slag, har eg, i tillegg til fargar, tenkt mykje på det taktile. Eg har klappa på og stryki handa mi over alt frå golvplankar til møbelstoff. Overflatene er viktige, – ikkje berre for augo.
For tida er det puter som står på arbeidslista mi. Når me er i ein butikk no om dagen, skal me jo helst ikkje ta på dei varene me ikkje skal kjøpe. Eg må tilstå at det var umogeleg å fylgje den regelen då eg var på «Stoff og Stil» for å plukke ut stoff til putevar. Fargane er viktige, men det er jammen også kjensla mot handa.

Sofaputefargen må helst passe til fargen på sofaen. Derfor må det turkise finne plassen sin i eit anna rom enn i stova. Det å ha noko heimestrikka i eit rom, skapar heimekjensle, – så då var det berre å ta strikkepinnane fatt og lage ei ny pute med ny farge.

Eg likar også godt at dei tinga eg har rundt meg har hengande ei lita historie fast til seg. Desse putene har eg for eksempel dekorert med pyntebanda frå stakken på konfirmasjonsbunaden min. Kanskje dette er tull sidan den einaste dette har meining for er meg sjølv, men eg likar no å ha det slik.

Det er stor skilnad på ei kosepute og ei pyntepute. Det må sjølvsagt vere mjukt og godt å legge andletet sitt ned på ei kosepute. Ei pyntepute, som berre skal stå på stas, kan godt vere av ull. Denne vesle puta har eg sydd av eit broderi som eg fann øvst oppe i eit skåp i det huset me har kjøpt. Den er av ull, altfor fin til å bli kosa med og skal berre stå framme på stas.

***
I dag vil eg slutte av med eit sitat frå «Den lille prinsen» av Antoine de Saint-Exupéry.
«Nå skal du høre min hemmelighet», sa reven til den lille prinsen.» Den er ganske enkel. En kan bare se med hjertet. Det vesentlige er usynlig for øyet.»
Dette sitatet passar godt no når eg er såpass oppteken av korleis alt skal sjå ut. Det viktigaste er kjensla.

Eg ynskjer at me alle får ei strålande mars-veke.
Helsing frå Karen-Margrethe