Kjære folk!
Alt heng saman med alt, seies det. Slik er det visst med bloggen min i dag og. Når eg skriv om motar og mat, ender eg opp med å tenkje over mine eigne bidrag til klima og miljø, – litt kjærleik og litt vår vart det plass til og.

Eit nyhende som har fanga merksemda mi
I 2019 skreiv Framtiden i våre hender dette på heimesida si:
«Moteindustrien er en miljøversting.
Tekstiler utgjør en betydelig del av den globale miljøbelastningen. De nyeste rapportene på feltet anslår at klær er ansvarlig for 6,7 prosent av de globale menneskeskapte CO2-utslippene.»
Slike tal danna bakgrunnen for kampanjar som ville ha oss med på «shoppestopp».
I Aftenposten 11. mars kunne me lese om «Kriseår for kleskjedene». Tal frå Virke viser at kledebransjen selde for 10,2 prosent mindre i 2020 enn i 2019.
Dette handlar ikkje berre om korona. Sjølv om mykje av fallet i omsetning kan skyldast pandemien, er 2020 det fjerde året på rad med fall i omsetjing.
For dei som jobbar i bransjen er dette triste tal. Det er jo forferdeleg for mange når heile tre milliardar kroner forsvinn frå kledebransjen på eit års tid. Det er ikkje rart at arbeidstakarane er livreddefor å miste jobben sin, men miljøet har nok hatt godt av at me stort sett har labba rundt i den gamle, gode joggebuksa vår.
Sjølv om eg nok er ei «jåledame», har eg har lenge vore oppteken av å gje kleda mine lang levetid. Om våren pleier eg å kjøpe meg eit moteblad for å få inspirasjon til å sy om, sy opp, sy ut eller inn eller bruke noko av det eg har i klesskåpet litt annleis. Denne veka kjøpe eg meg eit av vårens glansa motemagasin.
Det er fasinerande å sjå korleis språket blir brukt for å femje klesplagg. Motehuset Hermès for eksempel nyttar orda «minimalistisk, raffinert, intelligent og forførende» om sine bidrag til den komande sesongen. Eller kunne dette vere til inspirasjon for oss godt vaksne: «La sterke farger, miniskjørt, elegante snitt og en optimistisk 90-tallsstil få opp humøret ditt denne våren»?
Nei, dette motebladet var nok eit bomkjøp. Eg trur ikkje eg er ein del av den målgruppa redaktøren har i tankane. Eg har ingenting blant kleda mine som kan gjerast om til grøn skinnshorts, rosa puffermar, gjennomskinlege langskjørt eller overdimensjonerte dressjakker. Ikkje er eg spesielt interessert i å sjå ut slik heller.

Eg er så hjartans glad for å sleppe å vere ei usikker ungjente med press på meg til å sjå ut slik som motane og trendane fortel meg at eg skal.

Eg trur at dersom me handsamar kleda våre varsamt og reparerer dei når dei blir øydelagde, vil me få eit nærare forhold til dei, og då byter me dei kanskje ikkje så lett ut heller. Me kan fortsetje å spare miljøet etter koronaen dersom me tek vare på dei kleda me har, og ikkje kjøper nye før me treng det.
Så får det ikkje hjelpe om ikkje eg er av dei som bidreg mest til å oppretthalde storleiken på moteindustrien. (Eg er ingen stor-shoppar, men no må eg innrømme at det snart hadde vore kjekt å kunne ta seg ein butikkrunde, utan munnbind, for å finne seg ei ny bukse.)
Eit ord å snu og vende på
Kva tenkjer du når eg kombinerer «vår» og «mat» og lagar ordet vårmat? Eg ser for meg sprø spirer og bugnande fat med frukt og allslags grønt. Men det er jo slett ikkje slik det eigentleg er. Våren er den tida på året då me har aller minst å ete i Noreg.
Våren er den tida då vinterlageret byrjar å gå tomt. Den nye vekstsesongen har ikkje starta, i kjellaren ligg det att nokre slappe rotgrønsaker, det står att to syltetøyglas i spisskammeret og det ligg ei einaste elgsteik i fryseboksen. Slik kunne i alle fall situasjonen vere for nokre tiår sidan. No derimot, kan me fråtse i langvegsfarande matvarer heile året. I butikkhyllene bugnar det av frukt og grønt året rundt. Det er knapt ein verdsdel som ikkje er representert i matbutikkane rundt om i kvar einaste grend.
Det var faktisk ein del norske grønsaker i kjøleskåpet vårt då eg sjekka:



Men vårløken hadde verkeleg våre på langreise:

Å kjøpe kortreist mat har mange miljøfordelar. Lokal matproduksjon fører til mindre transport og dermed redusert utslepp av klimagassar og mindre forureining i form av svestøv. Men det som betyr mest for klimaet er kva slags mat me plukkar med oss når me er i butikken. Ein kilo norsk storfekjøt kan føre til 50 gonger meir klimagassutslepp enn ein kilo grønsaker (forskning.no), for utanlandsk kjøt er talet så stort som 100/1.
Det er også distriktspolitiske grunnar til å velje kortreist mat.
Å ete grønsaker som er dyrka i Noreg, er uansett eit svært godt alternativ for klimaet, men om våren dominerer «made in Spain» grønsaksavdelinga. Dersom det er dårleg utval i grønsaksdisken, er det eit godt alternativ å ete frosne, norske grønsaker. Grønsakene i frysedisken har eit ufortent dårleg rykte.


Dei frosne grønsakene blir nedfrosne berre nokre timar etter at dei vart hausta på eit norsk jorde. Dei såkalla «ferske» grønsakene me får om våren, har ofte vore på lang reise i dagevis med lastebil eller fly.
Ei lita kjensle
Oss to
Kva blir summen av
deg og meg tru?
To eller tusen?
Lengda på oss to
til saman?
Ei natt til eller for alltid?
Me kan bytast ut,
bukast og skrotast
eller me kan klamre oss fast
til kvarandre
til denne tida
til dette huset
Aldri sleppe taket
før me må.

***
Vårjamndøgn varslar vår. I dag, nøyaktig klokka 10:37, står sola loddrett over ekvator.
Eg lyst til å setje meg ut og lytte til det vårlege fugleblandakoret og nyte at smått og stort blir vekka til live.
Ha ein god vårjamnlaurdag!
Du har fine tankar om kva som er godt for verda som me og dei etter oss ska bu og leve i og med. Å leve enkelt og lett skaper grunnlag at fleire kan leve som oss. Berre 6 % av verdas folk har vore oppe i fly – 10 % av verdas folk brukar 90 % av ressursane. Det er ikkje framtidsretta!
LikerLiker
Hei, hei!
Takk for fin kommentar!
Det er ein kunst å leve enkelt og å kunne glede seg over det. Eg høyrde eit radioprogram om eit par som hadde vunne fleire millionar. Dei hadde slett ikkje blitt lukkelegare.
Ha ei fin helg vidare.
LikerLiker