LATTER OG KORLEIS STÅR DET TIL?

Kjære folk!

Det hender at eg verkeleg kjenner at eg sakanar sosialt fellesskap, og eg har fundert ein del rundt det i det siste. Her ein dagen kom eg på at når me skal på vitjing til einkvan, eller me er invitert bort til nokon, seier eg ofte at «eg håpar det blir triveleg». Eg har tenkt litt meir på akkurat det og funne ut at den trivnaden har eg jo sjølv eit ansvar for å ta med meg inn til folk når eg går for å vere i sosialt lag.

I dag skriv eg om smil, latter og lurar på korleis me eigentleg har det for tida. 

Eg gler meg til irrgrøne, små museøyre. Håpet er verkeleg lysegrønt.

Eit sitat eg vil dele
Eg har kjent på det ofte, – denne gode energien som spreier seg i kroppen etter ein hjarteleg, god latter. 

Då eg byrja å leite etter informasjon om kva latter kunne gjere med oss, fann eg ut at det å le faktisk frigjer hormon i kroppen. Dette er hormon som stimulerer både ro og energi. Eg kunne altså raskt konkludere med at
1. me må syrgje for å vere saman med folk som får oss i godt humør, og
2. me må sjølv vere ein av dei som spreier glede.
Det viser seg at samanhengen mellom latter og god helse har vore kjent blant forskarar i årtier. 

Det gjer godt å le saman, sjølv om me er langt unna kvarandre.

Men det er då ikkje berre berre å byrje å le. Det er jo ikkje daglegdags med ei skikkeleg latterkule, – i alle fall ikkje rundt meg slik vanlegvis.
På utforsksinnet.no kunne eg lese at det også var bra for oss å «aktivere ansiktsmusklene». Det betyr at dersom me er bevisste på å endre ansiktsuttrykket vårt og dra munnvikene oppover innimellom, kan me også endre sinnstilstanden.

«Et smil koster lite, men er verdt mye. Personen som forårsaker et smil er glad, og personen som mottar et smil er takknemlig. Det varer bare et øyeblikk, men minnet varer noen ganger livet ut.» (Mariano Aguirre)

Både smil og latter er smittande. Eit smil har ei kraft som får andre til å smile, og dersom me høyrer at folk ler skikkeleg godt, får me lyst til å gjere det same. Det boblar latter inne i oss ein stad, og me får trong til å sleppe boblene ut.

Det gjer godt å vere saman med optimistiske menneske med smil i andletet. Eg vil gjerne omgje meg med slike, og no veit eg kvifor. Eg likar å bli smitta. 

På ledernett.no les eg at «for femti år siden lo vi 20 minutter hver dag på jobb, i dag ler vi seks minutter på jobben». Er det berre på jobben me har slutta å le?

Dersom det er slik at jo meir me smiler og ler dess meir vil godkjensla sleppe til i liva våre, vil eg gjerne vere ei som har med meg eit smil, eit slikt eit som smittar over på dei eg møter, slik at dei også får lyst til å smile. 

Dette har eg tenkt på denne veka
Ingen eg kjenner har vore uberørt av pandemisituasjonen. Ord som einsemd, uro og lengt har stadig dukka opp i samtalar eg har hatt med slekt og vener. Dei som har blitt hardast ramma, mista livsgrunnlaget sitt over natta og har sidan sliti for å få livet til å henge saman. 

Uvisse gjer at me kjenner oss utrygge.
Mange har fått store endringar i kvardagssituasjonen sin der oppleving av kaos har gjort det vanskeleg å få på plass gode rutinar.
Dei mest sårbare blant oss har hatt det særs vanskeleg når dei ikkje har kome seg unna konfliktar og vald eller når det aldri har vore nokon der som dei kunne støtte seg på.

For mange som har hatt heimekontor, har arbeidstid og fritid smelta saman, kjønnsrollemønsteret har blitt tydeleggjort og forholdet mellom menneske har vist seg som meir eller mindre slitesterkt.

Alle håpar på å finne attende til eit liv i balanse, men eg er redd det ikkje er ein sjølvsagt ting for mange. Eg trur det er fleire enn det det var før pandemien som kjem til å trenge hjelp no. Koronapandemien har gjort mange meir sårbare psykisk, og dei som var mest sårbare frå før, har det vanskelegast no.

Apropos balanse: det gjer godt å leike litt.

På sv.ui.no les eg at pandemien har ført til ei klar auke i symptom på psykiske problem som bekymring, einsemd, angst og depresjon. Professor i psykologi, Espen Røysamb, seier det slik: «Vi skal ikke undervurdere hvordan fraværet av de positive aktivitetene vi har vært vant til, som møter med kollegaer, reiser, fritid virker inn på oss

Når me snakkar med kvarandre, trur eg det er viktig at me bryr oss om kvarandre og ikkje føysar unna eit problem som berre ein bagatell. No er det viktig at me vågar å bry oss og tåler å høyre om vonde tankar. Me må ta det psykiske på alvor.

Situasjonen har vore svært utfordrande dette siste året. Sjølv om myndigheitene nok vil prøve å leggje til rette for at alle skal klare seg psykisk, er eg redd det ikkje er nok. Me må alle trå til for dei me veit er i ein vanskeleg situasjon. Me må bruke dei relasjonane som er der.

***

Før eg sluttar av for denne helga, må eg vise fram eit av dei siste funna i det fine, gamle huset vårt. Lars Andre, entreprenøren vår, ville finne ut korleis det såg ut under taket i inngangspartiet. Der dukka det gamle, vakre taket fram.

Eg er hoppande glad!
Ha ei god veke alle saman!

Helsing frå Karen-Margreth

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

2 kommentarer om “LATTER OG KORLEIS STÅR DET TIL?”

  1. Fine ord og tanker verdt å reflektere over i hverdagen. Vi har allefall nok med tid til å tenke gjennom slike ting, noe som i seg selv kan være positivt, men er man mye alene og tenker, kan det bli negativt.
    Du sprer uten tvil glede hver gang vi møter deg og humøret ditt smitter over. Vi er lei oss for å miste dere som naboer og vår datter får glipp av å ha en fjerde bestemor å henge sammen med. Dere er alltid velkommen på besøk når verden åpner opp igjen 😊

    Likt av 1 person

    1. Tusen hjertelig takk for hyggelige ord! Det er virkelig trist at koronaen kom i veien for nært naboskap.
      Selv om vi flytter, så vet dere hvor dere finner oss og dere er hjertelig velkomne. 😊

      Liker

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: