HUSET PÅ ÅL, HØGHUS OG Å SKUNDE SEG

Kjære folk!

Blir du vêrsjuk? Kjenner du at energinivået ditt fell når lågtrykket ligg tungt over heimen din når du står opp om morgonen? 
Eg er ikkje mykje plaga med svingande humør, men tåke, det mislikar eg. Når skyene ligg heilt ned til dørstokken, kjennest det mykje verre enn regn og ruskevêr. 

Ei øy utanfor Newfoundland Canada, er visst den staden i verda der det er mest tåke. Eg trur at Nedre Kleivene, der eg framleis bur, kan bli kvalifisert for ein plass på tåkelista, – i alle fall denne vinteren. 
Men fine bilete, det kan det bli:


Eg likar meg best når vêret er slik som det eg vakna til i dag:


Temaet for bloggen min i dag er noko heilt anna enn tåke. I dag handlar det stort sett om hus.

Eit nyhende som har fanga merksemda mi
Du store all verda; eg og bloggen min er eit nyhende. I «Pensjonisten» nummer 2/2021, som låg i postkassa vår torsdag morgon, er ei av overskriftene «Voksen hverdagsblogger». Det er så lenge sidan eg hadde vitjing av journalisten frå «Pensjonisten» at eg nesten hadde gløymt heile greia. 

Men difor: For eventuelle nye lesarar gjer eg merksam på at eg for tida ofte skriv om gamle hus sidan me er i ferd med å flytte til eit meir enn hundre år gammalt hus, som no er under rehabilitering i Ål i Hallingdal. 

Huset vårt

Draumen om å bu i eit fint, gammalt hus kjem, om ikkje så altfor lenge, til å bli verkeleg, sjølv om det slett ikkje ser ut som ein draumebustad innanfor veggane akkurat no. Ein ting er eg heilt sikker på; utan erfarne handverkarar, ville det aldri ha vore mogeleg å få til det som no er i ferd med å skje. Me må nok innrømme at me ikkje var klar over kor mykje spesialkompetanse som måtte til for at eit gammalt hus skulle oppfylle ein husdraum. Me forelska oss i Helgerud og bestemte oss for at her ville me bu. All takk til dei som gjer dette mogeleg. Her er nokre av dei.

Fra venstre: Atle Sjong, sjefen sjøl Lars Andre Espegard, Emil Håheim og Ole Bjørn Gjerdene.

Han som sit til høgre på biletet skal ta seg av alt av hyller, skåp og inventar i garderobar og bodar. Han set pris på morosame utfordringar og likar å få det han lagar til å passe inn i gamle hus. Her skal han lage garderoberom til den halvgamle jåledama:

Her skal det bli walk in-garderobe, som det heiter på halling.

Me er heldige som har fått tak i fagfolk som har erfaring med ganle hus og kompetanse på tradisjonshandverk. Lars André Espegard har lokale og kyndige fagfolk med på laget sitt, og me er trygge. Det er godt å møte folk som Lars Andre, som både bryr seg om detaljane og som samstundes har god oversikt. 

Det blir bad både oppe og nede. Oppe er det  allereie klart for flislegging, medan det i fyrste høgda må snikrast både veggar og tak. 

Blide og arbeidssame. Her blir det bad og vaskerom.

Me har gjort den enkle jobben det var å velje fliser. Ekspertane har tenkt på alt det vesentlege, – slikt som blant anna støyping, membranar, sluk og ventilasjon. 

Det blir spanande å sjå korleis det ser ut neste gong me stikk innom.

Ein skal vere varsam med å fjerne alle gamle spor i eit gammalt hus. Me er varsame og passar godt på sjela i huset, men bada blir hundre prosent moderne.

Me ser fram til neste gong me skal vitje huset vårt, møte trivelege handverkarar og sjå at husdraumen vår er i ferd med å bli sann.

Eit ord å snu og vende på
Eg tenkjer altså ein god del på hus. 
Ordet «høghus» vart eit interessant ord då eg køyrde gjennom Brumunddal og oppdaga Mjøstårnet. Dette bygget er faktisk verdas høgaste trebygning. Mjøstårnet er 85,4 meter høgt og har 18 etasjar. Mjøstårnet inneheldt hotell, bustader, kontor, restaurant og symjeanlegg. Dette høghuset stod ferdig i 2019. Det er god grunn til å seie både det eine og det andre både om utsjånad og plassering, men det er ikkje poenget mitt i dag.

Mjøstårnet

Høghus er ikkje berre høge hus, det er slike bygningar som ragar mykje høgare enn dei bygningane som ligg rundt. I Noreg finst det ikkje nokon anerkjent definisjon av «høghus», men det vanlege er at me kallar hus som har meir enn 10 – 12 etasjar for høghus.

Eg vart nysgjerrig og ynskte å finne ut meir om høghus i Noreg. Det viser seg at sjølv om bygginga av dei fleste høghusa i landet vårt møter ganske stor motstand, vert det stadig lansert byggeprosjekt på mellom 20 og 30 etasjar.

Plaza

Det høgaste huset i Noreg som det bur folk i, er Oslo Plaza Hotell. Denne bygningen har 37 etasjar og ragar 117 meter opp frå asfalten. Men i Halden er det ein fabrikkbygning som overgår dette. Nexantårnet vart ferdigstilt i 2010 og er heile 120 meter høgt.

I Aftenposten 5. februar kunne eg lese dette:
«117 meter er tillatt i området rundt OsloS og Bjørvika. Det skal vurderes om dette skal økes. Det skal også vurderes om byen kan ha flere områder med de aller høyeste bygningene.» Då veit me det.

Det nye Munchmuséet i Bjørvika i Oslo blir eit landemerke sjølv om det «berre» er 60 meter høgt. Det knyttar seg stor interesse til dette høge huset, ikkje berre på grunn av høgda og utsjånaden, men fordi det skal huse meir enn 42000 museumsobjekt. Arven etter Edvard Munch utgjer ei av verdas største samlingar frå ein kunstnar. Opninga av Munchmuseet er utsett for tredje gong, – denne gongen til hausten i år. 

Munchmuséet

I juni skal ein skulptur finne plassen sin i eit nytt hamneområde ved Bjørvika i Oslo. «The Mother» skal knele naken og sårbar og vake over Munch-kunsten. 

Munch mista mor si då han var fem år gammal. Statua «The Mother» symboliserer Munch si mor. Den er heile ni meter høg og dekka av bronse. Kunstnaren er britisk og heiter Tracy Emin. I 2018 vann ho den internasjonale konkurransen om å lage eit utandørs kunstverk ved Munch-museet. Eg gler meg både til å vitje høghuset og til å sjå skulpturen. Biletet under her har eg henta frå Aftenposten.

The Mother av Tracy Emin

Ei lita kjensle

Kva er verst
seint ute
eller altfor tidleg,
å gå ein ekstra runde
eller storme fram i siste
liten?

Kva er fram?
Fram til kva?
Det vil vise seg, men

eg vil i alle fall kome
i tide
kvar gong
og helst litt før
utan å skunde meg.
Slik får eg sjansen til
å få med meg heile
meg.

Dette er tatt på Kistefoss. Eg gler meg til ein tur dit att til sumaren.

***

Her i huset skal me nok sitje nokre timar framfor TV-en i dag i selskap med spreke kvinner og menn med ski på beina. Dersom eg i tillegg finn fram strikketøy og fersk rullekake, så høyrest ikkje dette ut til å bli så aller verst.

Eg ynskjer alle som les bloggen min ein framifrå laurdag.

Helsing frå Karen-Margrethe

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

2 kommentarer om “HUSET PÅ ÅL, HØGHUS OG Å SKUNDE SEG”

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: