Kjære folk!
Det er godt å ha fine ting å sjå fram til, og det er jo ikkje så forferdeleg lenge til me kan høyre smeltevatnet sildre i takrenna og kjenne ettermiddagssola varme. Eg gler meg til slike småting som å plante stemorsblomar i krukker ved inngangsdøra og plukke hestehov og setje dei i eggeglas på kjøkkenbordet.

Det er ei lukke å vite at det er ein vår som ventar på oss.
Eit sitat eg vil dele
Koronapandemien har hatt fleire og heilt andre effektar enn det me kunne kome på å tenkje oss då smittevernreglane vart presenterte for oss for snart eit år sidan. Kven kunne ane at dette kom til å ha noko med gamle bøker å gjere? Men no viser det seg at bokantikvariata har auka salet med rundt 25 prosent, – og mest truleg er det koronaen som må ta æra for det.
Efraim Kanestrøm, som driv bokantikvariatet Bokgarasjen, seier det slik:
«Jeg har en følelse av at det er litt trendy å ha bøker igjen.»
Dagleg leiar i Bookbarn Inertnationals, Nick Bates, opplyser til BBC at «folk med hjemmekontor kjøper bøker for å skape en bedre bakgrunn når de er på Teams, Zoom og andre videokanaler.»
Me kan godt kalle det jåleri, men eg må innrømme at eg legg merke til korleis folk har det på veggen bak seg når dei er på TV frå heimekontoret sitt. I mine auge ser det veldig bra ut med ein bokvegg, sjølv om eg jo veit at ei imponerande hylle med klassikarar og tungvektarar ikkje seier noko som helst om at bøkene er lest eller ikkje.

Sidan folk med heimekontor ynskjer å vise fram bokhylla si, må dei vel tru at bøker fortel noko om eigaren. Når eg er på vitjing i ein heim, likar eg å snoke litt i bokhylla dersom dei eg er hos har ei slik. Eg les litt på bokryggane og legg merke til om det er dikt, romanar eller faglitteratur som er dominerande.
Eg synes at ei fin bokhylle er vakkert. Bøker gjer at ein heim ser personleg ut. Det er bra at folk kjøper bøker, for jo fleire bøker me har tilgjengelege, desto større sjanse er det for at ei av dei blir plukka ut av hylla og lest.
Eg har i lengre tid no hatt pause frå romanar, men har tenkt å finne ro i godstolen att med ei bok mellom hendene berre me har komne i orden i ny heim.
Eg gler meg til det.
Dette har eg tenkt på denne veka
Det kan vere ganske irriterande når norske folk snakkar til andre norske folk og seier at «det der var ein fantastisk performance».
Programmet heiter The Voice. Eg elskar det, men eg får lyst til å riste fleire norske ord inn i desse mentorane, – i alle fall i to av dei. Eg veit at dei har vore mykje i det store utlandet og hatt suksess der, men er det verkeleg naudsynt med all denne engelsken?

Engelsk er eit stort og viktig språk i mange land, – også her i Noreg. Me lærer engelsk på skulen og me høyrer engelsk på TV dagleg. Dei unge høyrer nok endå meir engelsk enn oss godt vaksne. Engelsken har kome inn i norsken vår, og dei fleste av oss nyttar engelske lånord i daglegtalen av og til. Me har på ein måte to språk, norsk og engelsk, inne i hovudet samstundes, og då er det kanskje ikkje så rart at det tyt ut litt engelsk når me skal formidle noko. Men alvorleg tala! Her kjem nokre The Voice-sitat:
«Dette var helt crazy.»
«Hjernen min prosesserte «pure awesomeness.»
«For en range.»
«Jeg snudde meg, og da var du den show-woman.»
«Dette var helt amazing.»
«Det var fett og det var fire.»
Eg seier det som det er: Dette er veldig annoying!
***
I går kom me heim frå Ål etter møte med Lars André, han som styrer så fint med, og har oversikt over, alt i det huset som skal bli den nye heimen vår. Det kan hende at eg skriv litt det om neste helg.

Eg håpar det ligg ei god veke framfor oss alle!
Helsing frå Karen-Margrethe