GRATIS FRITID, BEKYMRING OG HÅP OG KULTURLENGT

Kjære folk!

Dagane går fort, tenkjer eg. I dag er det allereie den 51. dagen i året. Eg treng noko å feire. Om ni dagar er det mars. Mars er ein vårmånad. Eg vil feire at det snart er vår, sjølv om det har det snødd i natt her eg er.

Men fyrst er det laurdagsblogg, og i dag handlar den om noko som eg ikkje er samd i, noko eg bekymrar meg for og noko eg lengtar etter. 

Eit nyhende som har fanga merksemda mi
Dette er kanskje gammalt nytt, men eg meiner at det treng ein kommentar.
Eg har sett at både Idrettsforbundet og Sosialistisk Ungdom har kome med forslag om å gjere det å delta i idrett gratis for born og unge. Bakgrunnen for desse forslaga er blant anna at høge prisar kan vere grunnen til at ein god del born og unge ikkje får delta og at det difor kan utvikle seg eit klasseskilje innanfor idretten.

Sosialistisk Ungdom ynskjer eit forpliktande trepartsamarbeid mellom staten, kommunane og idretten, og at staten må stille med friske middel for å få til dette.

Dette høyres både fint og dyrt ut, men er ikkje dette ein ganske snever måte å sjå på fritida til born på? Er det ikkje viktig å sjå på alle fritidsaktivitetar med dei same brilleglasa? Har dei som kjem med desse forslaga om gratis idrettsdeltaking gløymt alle dei borna som ikkje ynskjer å drive med idrett?

Slik illustrerer Arendal kommune fritidstilbudet til born og unge.

Det er ein god tanke å gje økonomisk stønad slik at alle born skal kunne delta i fritidsaktivitetar. Økonomi bør ikkje vere hovudårsaka til kva slags aktivitet born og unge skal kunne velje å fylle fritida si med. 
Teater, fotball, korps og friidrett må stå likt når politikarar i stat og kommune skal bruke pengar på fritidsaktivitetar. Dersom det skal vere gratis å køyre slalåm, må det også vere gratis å lære seg å spele tuba.

Eit ord å snu og vende på
Då eg gjekk på skulen fekk eg høyre at ord som byrja på be ikkje høyrde heime i nynorsk, – men kva heiter bekymring på nynorsk? Otte og sut er ikkje mine ord. Ok, eg kan skrive bekymring, les eg – då skriv eg vidare om dei to orda eg har valt for i dag; bekymring og håp.

Eg har veldig lett for å bekymre meg for både det eine og det andre, for det nære og det fjerne, ja, for det aller meste eigentleg dersom eg let bekymringstankane sleppe til. 

Eg er bekymra for situasjonen i Myanmar. Alle desse orda; militærkupp, husarrest, portforbod, vasskanonar og tåregass er ord som treff meg og skapar uro. Myanmar er langt unna, men orda fortel om liding, manglande demokrati og at slik skal ikkje folk ha det. Det er å håpe at det blir val og at folket vil sigre.

Eg er bekymra for dei muterte virusversjonane som spreier seg til fleire og fleire kommunar rundt i landet, for at den britiske virusvarianten ser ut til å smitte lettare blant born og unge og for at studiar tyder på at dagens vaksiner har begrensa effekt på den sørafrikanske varianten. Me får håpe at dei verkemidla som blir tekne i bruk, stansar utbrota.

Sjølvsagt bekymrar eg meg for mine, slik alle mødrer og bestemødrer gjer. Som oftast er bekymringane grunnlause, og som oftast går det bra, – akkurat slik me håpar at det skal.

Når eg tenkjer nærare etter på kva eg brukar energi på å bekymre meg for, ser eg at det aller meste er ting eg har liten eller ingen innverknad på. Difor er det jo fullstendig idiotisk av meg å la slikt få lov til å ta plass i kvardagen min:

Myanmar har eg absolutt ingen innverknad på, koronasmitten taklar eg best ved å ha tillit til dei som styrer og gjere slik dei ber meg om, og borna mine er vaksne og vel så det. Dei får hjelp når dei spør.

Eg reknar meg sjølv som eit ganske fornuftig menneske, og mine eigne erfaringar fortel meg at det korkje er til hjelp for meg sjølv eller andre at eg er uroleg. Eg veit jo at det nesten aldri går så gale som det bekymringane mine tilseier at det kan gå. Eg har jo gong på gong erfart at det som oftast går heilt fint.

Eg vil satse på håpet, på positive forventningar om at gode ting vil skje. Det er det einaste fornuftige å gjere i situasjonar der eg har liten eller ingen personleg kontroll.

Ei lita kjensle

Kulturlengt
Kva ventar eg på?

Jazz og trommer,
kantate og klaver
som pil inn i
mitt bankande hjarte
med same rytme
som i ditt
skulder ved skulder
i full konsertsal

Levande bilete,
skodespel og koreografi
som pil inn i
mitt bankande hjarte
med same uro og glede
som i ditt
hand i hand
i mørk kinosal

Skodespel og koreografi,
rollar og kunst
som pil inn i
mitt bankande hjarte
med same oppleving
som i ditt
tett i tett
i uforgløymeleg oppleving

Det ventar eg på

Her er eg klar for ei av dei siste kulturopplevingane eg fekk med meg før verda stengde ned.

Ha ein god laurdag vidare!

Helsing frå Karen-Margrethe

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: