Kjære folk!
I dag er det fastelavnsundag – blant anna. Frå gammal tid var dette kvelden før byrjinga på fastetida, og det var om å gjere å få i seg næring. I dag er det mange som kallar dagen for bollesundag. Faste skal me ikkje, men bollar, det vil me ha. Men før bollefesten tek til, er det tid for ein sundagsblogg.

Eit sitat eg vil dele
Førre helg las eg eit intervju med Ronny Brede Aase. Han var programleiar i «P3-morgen» i ti år og han har vunne både radioprisar og språkprisar. No kjenner me han best som ein av programleiarane for Melodi Grand Prix.

Det er ikkje så ofte at eg finn skikkeleg varmande livsinspirasjon av å lese magasin og aviser, men denne gongen vart eg både glad inni meg og fekk lyst til å gjere det beste ut av kvardagane mine. Her er delar av Ronny Brede Aase sin livsvisdom slik det vart sitert i A-magasinet:
«Lag litt helg hele uken. Der det er mulig å kose seg litt, gjør jeg det. De tyngste dagene trenger gode middager, en bit sjokolade eller et varmt bad.»
«Vær raus og god med dem som står deg nær.»
«Rosinbolle på en vanlig torsdag, sier du? Kjør på! Jeg er en tjukk og lykkelig småbarnsfar med litt for lite søvn, jeg tar de gledene jeg får.»
Kanskje det ikkje er vanskelegar enn som så?
Kanskje meininga med det heile er å vere raus og god og ta imot dei gledene me får?
Det kan i alle fall ikkje skade å prøve.
Dette har eg tenkt på denne veka
Utanlandstur? Det er ikkje så farleg for meg. Me kjem høgst sannsynleg til å ha meir enn nok å ta oss til heime rundt eige hus til sumaren, – men kva med alle andre som ikkje har eit arbeidskrevjande prosjekt på gang, og som hungrar etter å reise? Går det mot sumarferie i Noreg i år igjen?
Det er lenge til sumaren, og det verkar uendeleg langt fram til me kan springe barbeint i doggvått gras, plukke prestekragar i vegkanten og ta oss eit glas kvitvin ute etter at sola har gått ned. Men sumaren kjem, det veit me, og det er vanskeleg å sjå føre seg korleis verda kjem til å sjå ut då.

Mange nasjonar lever av turisme, og dei er sjølvsagt desperate etter å få reiselivsnæringa i gang att. I EU er det på trappene å innføre vaksinasjonssertifikat slik at dei som er vaksinerte kan reise fritt rundt i Europa utan å ta omsyn til karantenereglar.
Men kor mange av oss her i Noreg er ferdigvaksinerte før sumarferien?
Beskjedane har vore mange og forskjellige:
– Dersom alt går bra, vart det sagt for ei vekes tid sidan, kan to millionar av oss få vaksine før sumaren kjem.
– På pressekonferansen 10. februar sa helsedirektøren dette: «Om 100 – 150 dager vil alt være annerledes.» Altså om 3,3 – 5 månader vil alt vere annleis.
– Fredag var situasjonen endå meir optimistisk. Då sa FHI at «alle over 18 år kan være fullvaksinert til sommeren om alt som er lovet blir godkjent og levert».
Eg har i alle fall eit håp om at me kan leve nokså normalt i Noreg til sumaren. Og heilt ærleg tala; ville det ha vore så fælt å måtte halde seg innanfor grensene ein sumar til?

***
I dag er det ikkje berre bollesundag, men også morsdag og Valentinsdagen, – også kalla kjærleiksdagen. Eg har ikkje funne noko eintydig svar på kva som er opphavet til at det er denne dagen me skal feire romantikken, men slik har det altså blitt.
I England på 1700-talet gav dei bort heimelaga kort til den dei hadde kjær. På 1800-talet overtok dei masseproduserte kjærleikskorta. I Noreg har me truleg kopiert den amerikanske «Valentines» slik me har sett det på film og i seriar.

Ikkje for å vere sur og grinete, men blir kjærleikslivet betre av at me kjøper kosebamsar med «I love you» på?
Eg håpar alle, også dei som blir utan bollar, morsdagskort og masseproduserte kjærleikserklæringar, ein framifrå sundag.
Helsing frå Karen-Margrethe