Kjære folk!
Ein kan ikkje klage når morgonen er så vakker:

Eg tenkjer på det av og til at dette kjem eg sannsynlegvis til å sakne. Men ein kan ikkje få alt her i livet. Eg må i alle fall ta meg tid til å nyte det medan eg har det.
Eit nyhende som har fanga merksemda mi
Overskrifta på dette avsnittet er «eit nyhende som har fanga merksemda mi», men i dag handlar det nok meir om den uroa eg har for ikkje å bli fanga.
Dersom det ikkje er noko anna på programmet, kan eg sitje i timesvis med avisbunken kvar einaste laurdag. Akkompagnementet er aller helst NRK Klassisk, smakstilsetjinga er svart kaffi og antrekket er helst noko mjukt og litt for stort.
Eg har lurt på kvifor akkurat dette gjer at eg kjenner slik trivsel sidan det handlar mest om problem og konflikt i avisspaltene. Eg trur det for meg handlar om ro og fred, om å få vere inne i sitt eige hovud, om kjensla av å ha oversikt og gleda over å vite og forstå. Men no trur eg at denne laurdagsaktiviteten vil måtte endrast.

I Holmestrand er me så heldige at me bur nært nok inntil hovudstaden til at abonnementavisene blir putta i postkassa kvar dag. Her kan me tusle ut laurdag morgon for å hente Aftenposten, Klassekampen og Dagbladet. På Ål er det ingen som køyrer rundt med aviser dei dagane det ikkje er postombering, og sidan posten sitt tenestetilbod visstnok er ulønsamt å drive med på dagleg basis, blir det heller ikkje aviser kvar dag.
Me har sagt opp avisabonnementa våre med verknad frå 1. mai. Det er jo inga meining i å få laurdagsavisene på tysdag. Eg ser for meg at eg har fylgjande mogelegheiter:
– Alternativ 1
Laurdagsmorgonar med nettbrett.
Det er berre det at i nettaviser kan eg ikke streke under og ikkje rive ut. På det viset blir det mykje meir omstendeleg å hente inspirasjon til bloggen min. Eg kan heller ikkje løyse kryssord og teikne bartar og pannelugg på politikarar i ei nettavis.
– Alternativ 2
Gå på butikken
Kvar einaste laurdagsmorgon etter frukost kan eg kle på meg, gå til Sundre og skunde meg heim att med ryggsekken full av aviser og blader. Då får eg litt trim i same slengen. Det er berre det at eg er heilt sikker på at eg kjem til å treffe på triveleg folk, ta meg ein kaffikopp, stikke innom ein butikk eller to, – og så har føremiddagen gått med til alt anna enn å lese aviser.
– Alternativ 3
Nøye meg med lokalavisa på papir.
Hallingdølen kjem jo i postkassa kvar laurdag, men sjølv om det er ei bra avis, tek det ikke timar å kome seg gjennom den. Men det er jo mykje anna å finne på enn å bruke timesvis på papiraviser kvar einaste helg.
Kven veit, – kanskje det er mykje som kjem til å endre seg etter at me har skifta over til ein annan heimekommune. Me får sjå. Dessutan må eg fortelje meg sjølv at det slett ikkje er naudsynt å planlegge alt mogeleg så nøye.
Eit ord å snu og vende på
Ordet mitt i dag er «møbel», – eit ord som kjennest svært aktuelt for tida.
«Jammen har de kjøpt dykk eit digert hus», seier folk når dei ser bilete av huset vårt på Ål. Men nei, me har ikkje det. Det er mindre enn det me har i Holmestrand. Huset her ser lite ut på utsida, men rommar mykje. Dette medfører at me dessverre ikkje kjem til å få plass til mange av møblane våre når me flyttar.
Me kan ikkje kome på å kaste noko, og me er litt lei oss for at me på denne måten kjem til å bidra til å auke klimagassutsleppet. Mykje av det me har er nemleg for stort, og me må skaffe oss noko anna. Sidan me ikkje har tenkt å bytte ut noko av det me kjøper sidan i livet, må me skaffe oss ting med god kvalitet og lang levetid.

Men kva skal me gjere med alt det me har?
Fyrst spurde me borna våre, men vart ikkje kvitt meir enn ei lita hylle.
Dei neste me tenkte på, var dei som skal overta huset, og i førre veke kom dei innom. Dei viste seg å vere svært hyggelege, og det vart kaffi, triveleg prat og ein runde rundt i huset. Dette medførte avtale om at dei ville overta både det eine og det andre. Dermed kan me blant anna la både kjøkkenbordet og sofaen bli ståande. Det kunne ikkje ha vore betre, men framleis hadde me både for mykje og for stort.
Den tredje mogelegheita var finn.no.
Klokka 14:30, ein dag for ei vekes tid sidan, hadde mannen min lagt ut alt det me ynskte at andre skulle få overta. Klokka 14:45 ringde ein kar og sa at han gjerne ville ha alt saman. Klokka 16:15 var alt ute av huset.
Det er tidleg i februar, huset vårt på Ål er berekna å vere innflyttingsklart ein gong i mai, me har minst tre månader utan blant anna salongbord og kjøkkenstolar.


Eg tenkjer på alt det me eig som me eigentleg ikkje treng. Å flytte er ei fin anledning til å rydde opp og minske på inventaret. Eg har dessutan planar om å nytte både målingsspann og symaskin for å friske opp noko av det me har og som fortener eit liv vidare saman med oss.
Ei lita kjensle
Eg likar meg best
saman med folk
når eg ikkje treng
å seie noko
mellom linjene
***
Denne dagen blir ikkje bra heilt av seg sjølv. Eg må bidra, og det har eg tenkt å gjere.

God laurdag til dykk alle!
Helsing frå Karen-Margrethe