Kjære folk!
No om dagen gler eg meg stort over det vakre vinterljoset.

I dag skriv eg om noko eg slett ikkje forstår og om ting eg hugsar veldig godt.
Eit sitat eg vil dele
Det har liksom ikkje vore fint nok å vere fagarbeidar i Noreg. Dersom ein verkeleg skulle ha noko «å skrive heim att om», måtte det minst dreie seg om ein mastergrad i eitt eller anna fagområde. Men kor mange høgt utdanna akademikarar treng me eigentleg i Noreg? Er det folk med høg universitetsutdanning me manglar?
I Klassekampen laurdag 30. januar kunne me lese Bjørgulv Braanen sin kommentar «Det tøffeste som finnes» og eg vel å dele eit langt og godt avsnitt:
«Mens samfunnsdebatten i årevis har vært dominert av røster som har hevdet at arbeiderklassen er i ferd med å forsvinne, har koronakrisa vist hvor avhengig vi er av at arbeidsfolk går på jobben hver dag. Det kjøres trailere på kryss og tvers over grensene; nye bygg reiser seg, og veier anlegges. I helse- og omsorgssektoren jobber ansatte harde turnuser, og i dagligvarebransjen, detaljhandel og kjøpesentra går hundretusener på jobb hver dag. I skogen durer hogstmaskinene; verftsarbeiderne produserer offshoreplattformer; fiskefartøyene går ut i grytidlige, kalde morgener, og bonden går i fjøset for å se til dyrene og starte melkemaskinen.»
Ungdom ser sjølvsagt at dei praktiske yrka ikkje blir like høgt verdsett som dei akademiske. Difor kjennest det ikkje like «fint» å velje yrkesfagleg studieretning som studiespesialisering. Er det også difor det er mangel på arbeidsfolk i landet vårt?
Michael og Matteo har gjort sine lure skoleval:


No når grensene våre er stengde, er det krise for fiskeria, i verftsindustrien kan dei ikkje ta imot store ordrar på grunn av manglande arbeidskraft og i jordbruket kan det fort bli slik at dei korkje får sådd eller hausta.
Det kjem mange flinke folk frå Polen og dei baltiske statane, men kvifor må me innføre så mykje utanlandsk arbeidskraft på sesongbasis? Er det fordi dei er billigare enn dei norske? Er det fordi dei ikkje krev fast tilsetting og kan bli tilkalla berre når me treng dei? Eller er det fordi me har for få arbeidsfolk? Er det ikkje slik at me har høg arbeidsløyse i landet vårt? Eg får ikke dette til å henge saman.
Me må gjere noko med den haldninga at akademisk utdanning har større verdi og høgare status enn yrkesfagleg utdanning. Dei siste månadene har eg fått endå større respekt for fagfolk og handverkarar enn det eg hadde før.
Eit anna spørsmål er dette: Kven er det som har stått fremst i kampen under pandemien? I tillegg til dei godt synlege representantane med høg utdanning i FHI og Helsedirektoratet, er det dei som jobbar nærast gamle, sjuke og ungar, dei som vaskar og dei som transporterar oss og dei varene me treng, som har tatt dei tyngste taka. Det er også svært viktig at statusen til desse livsviktige yrka blir auka.
Dette har eg tenkt på denne veka
Eg veit ikkje kvifor eg byrja å tenkje akkurat på dette denne veka, men det er mogeleg at det var debatten om heimeskule og eksamen som gjorde det.
I alle fall, – her kjem det ei liste over nokre av dei skuleopplevingane som eg hugsar med størst glede. Dei kjem hulter til bulter i den rekkefylgja eg kom på dei, og med kommentarar om kva nytte eg har av denne gleda i dag:
– Eg elska å teikne bordar. Det skulle ikkje forundre meg dersom desse bordane er ein av grunnane til at handskrifta mi er både rask og leseleg.

– Rolla som Marit i «Øyvind og Bukken» av Bjørnstjerne Bjørnson vart mi ein gong på barneskulen. Eg hugsar framleis «Eg er Marit, mor sin unge, fela til far, huldra i huset, dotterdotter til Ola Nordistuen på Heigardane, fire år til hausten – to dagar etter frostnettene, eg.» Litt underleg eigentleg at eg hugsar det på nynorsk sidan forfattaren var grunnleggjaren av riksmålsrøyrsla.
Eg er ganske viss på at slike opplevingar har gjort at eg ikkje er livredd for å opptre og ta ordet.
– Ein annan gong på barnetrinnet skulle me lage veggavis. Oppgåva skulle gå på omgang, og eg skulle vere den fyrste. Det vart ei veke med mykje avislesing sidan me skulle finne aktuelle utklypp frå aviser og byggje veggavisa vår opp ut ifrå det me fann. Eg kalla avisa «Saksa», og den vart heitande det skuleåret ut.
Kunne det at me kvar veke snakka om nyheiter på denne måten gjere at eg vart interessert i politikk og i kva som hender rundt om i verda? Heilt sikkert er det i alle fall at det gjorde godt for kvar einskild av oss at veggavisa vart hengt opp i klasserommet og at me fekk ros for godt utført arbeid.

– Fleire gonger kvar skuledag song me saman. At dette skapte både samhald og glede, er eg heilt viss på, og eg har framleis stor glede av å kunne dei gamle songtekstane.
– I niande klasse fekk heile klassen reise til Oslo for å gå i teater. Me såg «Spelemann på taket» og eg gløymer det aldri. Etter den dagen har det å sitje i ein teatersal og vente på at teppet skal gå opp, vore noko av det gildaste eg veit.

24. august la Erna Solberg ut ein video på Facebook der ho sa:
«Vi trenger fortsatt en skole som har forventninger til elevene. En skole der lesing, skriving og regning står i sentrum.»
Eg trur det bør leggjast til «ein skule som gir elevane gode opplevingar.»
***
Dette er ein meisterskapsvinter. Det er berre å glede seg:
– VM i alpint 9. – 21. februar
– VM i skiskyting 10. – 21. februar
– VM i einskilddistansar på skøyter 10 – 21. februar
– VM i nordiske greiner 23. februar – 7. mars
Til saman er det 62 mogelege gullsjansar.


Eg veit at mange som sit aleine likar godt å ha selskap av vintersporten på dagar når det ikkje hender så mykje anna. Eg likar det sjølv, eg, – lyden av desse tevlingane er lyden av trygge og trivelege dagar inne.
Eg ynskjer at alle som les dette får ein god sundag og ei framifrå februarveke.
Helsing frå Karen-Margrethe