Kjære folk!
I dag vil eg starte med å dele tre sitat, – alle om morgon og kaffi.
Fyrs eit frå Ole Paus:
«En frokost på kjøkkenet
og kaffen koker.
Du har søvn i øyet
og håret i floker.
God morgen!»

Det neste er frå sjølvaste Bjørnstjerne Bjørnson:
«God morgen, du varme kaffe!
Det dufter av deg i mine sanser.»
… og til slutt Per Larsen:
« – men først en kaffe og avis
i morgenstundens stille bris.»
Så då skulle me vel vere klare for å ta fatt på laurdagen.
Eit nyhende som har fanga merksemda mi
Koronapandemien har brote opp tidslinja vår. Me har fått eit skilje som kjem til å tvinge oss til både å tenkje nytt og å handle annleis.
Mette Fredriksen, statsminister i Danmark, vil bruke 30 milliardar på ny klimasatsing. I Storbritannia snakkar dei om å bygge opp att med fellesskapet som basis.
Eg har ikkje klart å få heilt taket på kva regjeringa vår vil.
Dei har sett ned eit ekspertutval. «Noreg mot 2025» har dei kalla det. Dei 16 medlemmene skal foreslå tiltak for auka verdiskaping. Dei har frist på seg til det fyrste kvartalet av 2021.
Slik eg har forstått det, skal tiltaka gjelde privat sektor. Kva med resten av samfunnet?

Eg fryktar ord som sparekniv og effektivisering når det kjem til offentleg sektor. Kommunane blir ofte framstilt som tungrodde og lite omstillingsdyktige. Koronapandemien har vist at dette ikkje stemmer, – likevel var kommunalministeren ute og bad kommunane om å effektivisere for ikkje mange dagane sidan. Så seint som på Dagsnytt 18 no sist onsdag, sa stortingsrepresentant Stefan Heggelund frå Høgre at dersom me skal behalde velferda vår, må me fortsetje å effektivisere.
Det er fleire sider ved dette eg ikkje forstår.
For det fyrste: Næringslivet utviklar seg ikkje isolert frå resten av samfunnet. Både næringslivet, helse og skule treng ein solid kommuneøkonomi framover.
For det andre: Driftsbudsjetta har allereie blitt redusert ganske mykje dei siste åra. Kor mykje trur dei at det mogeleg å skrape før det går på kvaliteten laus?
For det tredje: Mange offentlege oppgåver let seg ikkje effektivisere. Eit raskare barnevern er for eksempel eit krav som ikkje heng på greip.
Eg har høyrt fleire regjeringsmedlem snakke om at det no er viktig å få hjula i gang att. Marie Simonsen skreiv det slik i Dagbladet for ei tid attende: «Det er ikke nok å få hjulene i gang. De må også svinge inn på riktig spor.»
Me veit at når me kjem ut att på den andre sida av koronatiltak og smittevern, vil verda sjå annleis ut. Då håpar eg at eit stort fleirtal av oss vil slutte opp om klimatiltak, tiltak for å betre helse, betre utdanning og for ei meir rettferdig fordeling.
Eit ord å snu og vende på
Ordet mitt i dag er «draumedame» og til dei som ynskjer å bli ei slik ei, seier eg: Lat vere å prøve og hald deg unna dei som tenkjer slik som dette:
Han likar best ei som er kvinneleg, mjuk og rund å halde rundt,
men slank som eit siv å sjå til.
Det er ikkje bra å bruke mykje pengar på sminke og dyre klede, seier han,
men alle kvinner er vakrast når dei pyntar seg, legg han til.
Draumedama er reflektert, politisk interessert og står for eigne meiningar,
men ho må helst ikkje meine noko om absolutt alt mogeleg.
Kvinnfolk snakkar for mykje.
Ho må vite kva ho vil med livet sitt,
men han set pris på at ho er lydig, mild og medgjerleg.
Dersom ho treng hjelp av og til, kjenner han seg mandig og modig.
Det likar han godt, men han set pris på at ho er sterk og klarar seg sjølv.
Tårer og hysteri likar han slett ikkje.
Det viktigaste er at ho er blid og snill og ler kvar gong han seier noko morosamt.
Om han som ikkje likar deg slik du er, – om han veit eg ein ting:
Han er ikkje draumemannen din, for det er betre å vere den du er enn å prøve å vere ein versjon av den du trur at han vil ha.
(Sidan denne slags draumedame ikkje finnes, er det heller ikkje mogeleg å oppdrive bilete av ho.)
Ei lita kjensle
Glasskår
Dei ligg i sola,
skin vakkert
sot-farga,
flaskegrøne,
klare som dagen
og minner meg om
at det ikkje var slik eg hadde meint det
Naturen brukar
ein million år
på å bryte ned glas,
så ikkje mas
er du snill
Eg har prøvd å svelge dei
og puste dei inn,
men stort som eit hus
blenkjer det eine,
kvast som ei nål
skrapar eit anna
heilt inntil beinet
Så sårande vakkert er
dette livet
at det ikkje nyttar å vri
seg unna
***
Eg trur det var Cicero som sa at den som eig ein hage og ei boksamling, manglar ingenting. Eg har altså absolutt ingen grunn til å klage på noko som helst.
Ha ein god laurdag.
Eg skriv meir i morgon.
Helsing frå Karen-Margrethe