KLEMMING, SNIKFOTOGRAFERING OG MYTER OM ELDRE MENNESKE

Kjære folk!

God morgon!

Mor mi hadde ei utklippsbok der ho samla dikt og godord som ho fann i blad og aviser. Det hender eg blar i den boka og kjenner at det rører meg når eg les ord som rørde ved henne. Det siste eg las var dette:
«Noen er alltid
fylt av tvil
og elsker å klage
og klandre –
mens noen med
vennlige ord
og smil
gjør det lettere
å leve
for andre.»
Eg er heldig – eg har stort sett folk rundt meg som er av det sistnemnte slaget.
IMG_5378

Før eg byrjar på dei faste sundagsoverskriftene mine, vil eg nemne at denne sundagen samalst muslimar over heile verda til fest med familie og vener for å markere slutten på fastemånaden Ramadan. Eg blir glad når eg på vg.no i dag les om ei kyrkje i Berlin. Der får muslimar halde fredagsbøn i det store kyrkjerommet, slik at dei på den måten kan halde avstand og vere trygge for smittespreiing. Eid Mubarak.

IMG_5386

Eit sitat eg vil dele
«En vårmorgen, mens sola pusset tennene, fortalte Pappa Bjørn en hemmelighet til gutten sin: det er nok å gi noen en god klem for å få en kjempefin dag
Slik byrjar biletboka «Klem meg, vær så snill» av Przemyslav Wechterowicz og Emilia Dziubak.

IMG_5371

Kva blir konsekvensen av at me plutseleg fekk mindre nærkontakt og færre klemmar?
Av og til når eg står saman med mange, kjenner eg at kroppen min er einsam. Den same kjensla har eg når eg møter folk eg set høgt. Eg saknar noko som eg ikkje veit om eg har ord for, men eg kjenner det godt. Det er som om eg har ein sans eg ikkje får lov til å ta i bruk.

Dersom dette skal vare lenge, ser eg to mogelege resultat:

  1. Me får lyst til å kaste oss i armane på bortimot kven som helst og knuseklemme både ungar og gamlingar, – og me kjem til å gjere det.
  2. Me får innebygd eit automatisk metermål i systemet vårt slik at det vil kjennes naturleg å halde oss unna kvarandre.

Eg er redd for at det er dette siste som vil skje. Me blir ståande på rekkje, disiplinerte og med armelengdes avstand. Dersom me kjem for nært inntil, vil folk skvette unna som om dei hadde brent seg. Eg er redd for det. Livredd eigentleg.
Når dette er over, skal eg i alle fall gjere mitt for å ta klemmen attende i mitt liv. Det kjem nære og kjære til å merke.

Ei oppleving eg vil bere med meg vidare
Eg ser ting på ein måte, medan andre ser same tingen på eit anna vis. Slik er det, – og det er fint. Når eg er ute i hagen, finn eg ofte noko vakkert å fotografere. Men då eg her ein dagen, gav mobilen til barnebarnet mitt, Anine på 12, og sa «sjå om du finn noko du har lyst til å ta bilete av», – då vart det heilt annleis enn om det hadde vore eg som var fotografen. Sjå berre her:

Tulipan:

Farmor har med seg ein snikfotograf:

Detaljar frå blomsterbedet:

Til slutt ein selfie:

IMG_5289

Det vart ein fin, liten time for oss båe, – og ei overraskande oppleving for farmor då Anine hadde redigert ferdig og viste fram resultatet. Eg anbefalar opplevinga til andre som er så heldige at dei har ein liten snikfotograf i nærleiken av seg.

Dette har eg tenkt på denne veka
Kva er det folk flest trur om korleis det er å bli slik litt oppi åra? Og stemmer det me trur?

Myte 1: Me blir surare med åra.
Eg har sett mange filmar og lest fleire bøker der eldre menneske blir framstilt som surpompar og kranglefantar. Ryktet vil ha det til at folk blir surare og surare etter som åra går. Dette viser seg heldigvis å ikkje vere sant. Forskarar ved Houston University har gjennomgått ein svær database med personlegdomsdata og funne vitskapeleg belegg for at me blir vesentleg venlegare med alderen. Men grinebitarar finnes sjølvsagt i alle aldersgrupper, også blant eldre.

Myte 2: Eldre menneske meiner at alt var betre før.
Linn-Heidi Lunde er spesialist i klinisk aldringspsykologi. Ho skriv fylgjande i ein artikkel i «Pensjonisten»: «Når det gjeld folk som klagar og synes alt var betre før, finnes desse i alle aldersgrupper. Det handlar nok meir om personlegdom og mental innstilling enn om kronologisk alder.»

Myte 3: Me blir mindre nysgjerrige med alderen.
Ein personlegdomsforskar med namnet Oliver John seier at dette slett ikkje stemmer. Sanninga er at dersom du fyrst er open og nysgjerrig, kan du ikkje stenge for dette uansett alder.

IMG_5375
Ho ser litt morsk ut her, mormor, men ho var alt anna enn det. Det ser óg ut som om ho har pelskrage. Slikt fekk ho nok aldri. Mormor lurte alltid på så mykje, – ho spurde og grov. Det var alltid morosamt å undre seg saman med henne.

Myte 4: Livskvaliteten blir mindre med høg alder.
I 2016 ga Velferdsinstituttet Nova ut rapporten «Aldring, mestringsfølelse og livskvalitet». I den rapporten blir det bekrefta at dei fleste eldre menneske i Noreg har høg livskvalitet og er stort sett nøgde med livet. Det er faktisk slik at tilfredsheita med livet aukar jamt med alderen, langt inn i alderdommen. Dei mest tilfredse er dei rundt 70 år. Ein av forskarane bak rapporten, Thomas Hansen, seier til og med at eldre er flinkare til å nyte de små tinga og tek gjerne lettare på problema i kvardagen.

Myte 5: Eldre menneske har ikkje noko å bidra med.
Denne myten kjenner eg at gjer meg litt sint. Det var derfor godt å lese eit utdrag frå ein publikasjon «Agening – Exploding Myths» utgitt av Verdens Helseorganisasjon. Der blir det for eksempel slått fast at berre i USA blir to millionar born tatt hand om av besteforeldra sine slik at mor og far kan vere yrkesaktive. Det er dessutan slik at mange frivillige organisasjonar i den industrialiserte verda ikkje hadde fungert utan innsatsen til dei eldre. Dette var USA. Det er vel ingenting som skulle tilseie at dei eldre er mindre viktige i Noreg.

IMG_5373
Denne gamle mannen med dei kloke augo har treft den norske folkesjela i snart 100 år. 

Myte 6: Dei kreative evnene blir svekka hos eldre menneske
At dette er tøys, det beviser alle forfattarane, biletkunstnarane og skodespelarane som er i verksemd langt over pensjonsalder. Mange av dei held på med kunstnarpraksisen sin fram til dei døyr i høg alder. Dei sluttar aldri å vere kreative.

Når eg les over det eg no har skrive, må konklusjonen bli at alderdom og personlegdom heng nøye saman:

  • Er du gretten, så blir du gretten
  • Er du ein som klagar, då vil du fortsette å klage
  • Er du open og nysgjerrig, vil du bli det også som gammal.

Dette må bety at for dei aller fleste gamle, er det neppe tilfredsstillande å få servert bingo, andakt og makramé som dei einaste underhaldnings- og aktivitetstilboda. Det ville i alle fall ha gjort meg sur.

***

I dag vil eg vere min eigen besteven, vere oppmuntrande og støttande dersom det går litt trått i bakkane, snakke fint til meg sjølv dersom det går ei maske og raknar litt i sjølvkjensla. Når alt kjem til alt er det jo oss sjølv me må halde ut med heilt til det siste. Då er det vel like greitt at me øver litt på å vere besteven med oss sjølv.

IMG_5381

Eg håpar det ligg ei god veke framfor oss alle.

Helsing frå Karen-Margrethe

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: