Kjære folk!
God laurdagsmorgon!
Eg kjenner her eg sit ved morgongry at eg er kjempeheldig som får lov til å starte på ny. Så banalt, men likevel så sant.

No er eg på Ål, har sove 466 meter over havet og får oppleve våren ein gong til på same året.

Eit nyhende som har fanga merksemda mi
Kva er dette samvitet som har vore ein del av den politiske debatten dei siste vekene?
Denne gongen har det vore bioteknologilova som har vore utgangspunktet. Mange einskildrepresentantar frå fleire av partia på Stortinget har vore usamde med dei standpunkta som partiet deira har teke. I fleire av partia har det vore langvarige debattar før dei har gjort seg opp ei meining om eggdonasjon, assistert befruktning for einslege, tidleg ultralyd og avansert blodtesting skal bli lovleg i Noreg.
Det er ikkje vanskeleg å forstå at slike debattar er krevjande. Det handlar blant anna om så store ting som om born sin rett til å kjenne dei genetiske foreldra sine og om å kunne tilby medisinsk behandling for å reduserer risiko for både kvinner og foster.
Krf bad representantar frå Frp om å stemme slik samvitet deira bad dei om å gjere. Dette gjorde dei for å få stoppe liberaliseringa av bioteknologilova.
SVs Kari Elsisabeth Kaski uttalte i Aftenposten 24. mai at spørsmåla om endring i bioteknologilova er verdispørsmål der alle representantar bør stemme etter eiga overtyding uavhengig av kva som står i partiprogrammet.
Ja, – kvifor skulle ikkje alle gjere det dersom Frp skulle gjere det?
Det vart ei spanande avstemming. Ei historisk liberalisering av lova vart vedteke med full stortingssal. Krf tapte alle dei viktigaste kampane i denne saka. Det er altså slik at fleirtalet av stortingsrepresentantane våre har eit anna samvit enn det Krf ynskte seg at dei hadde. Regjeringa må dermed rette seg etter fleirtalet i Stortinget. Du skal sjå at både Høgre og Venstre eigentleg er glade for det.
Men altså, – kva er dette samvitet?
Store Norske Leksikon definerer samvit slik:
«egenartet følelse av behag eller ubehag, hvorvidt en person opplever sine handlinger som moralsk rette eller gale.»
Då eg leita etter definisjon av «moral», fann eg denne på Nasjonal digital læringsarena: «Å handle moralsk betyr å oppføre seg etter de normer og regler som gjelder i den gruppen man tilhører.»
Det er altså ikkje vanskeleg å forstå at dette er vrient. Grunnlaget for om me vurderer noko som moralsk eller umoralsk/om me får dårleg samvit eller ikkje, er altså tufta på det miljøet me kjem ifrå, – og det harmonerer nødvendigvis ikkje alltid saman med kva slags parti me høyrer til i. Og det er jo ikkje slik at Krf har eineretten på verdiar og moral her i landet vårt.
Uansett kva me måtte meine om utfallet av denne saka, finn eg fleire ting å vere glad for:
- Det er godt å bu i eit land der me fritt kan drøfte verdispørsmål og der det er lov til å vere både rasande og opprørd, – utan å bli straffa for det.
- Eg er glad for at politikarane våre tek verdidebattar på så stort alvor. Det gjer oss til betre menneske.
- Det er godt å sleppe å måtte bestemme seg for kva ein skal meine om alle store og vanskelege spørsmål. Eg er altså glad for at eg ikkje er stortingspolitikar.
Men når det gjeld dette med samvit; Er det ikkje mange andre politiske saker der einkvan kunne få lyst til å krevje full stortingssal, pleksiglas og røysting etter kva samvitet, kjenslene eller det magen for den saka si skuld, ber representantane om?
«Partipisk» er eit ord som for mange har ein svært negativ klang, men korleis hadde det då vorte, dersom alle skulle kunne gjere som dei ville uansett kva partiprogrammet sa? Korleis skulle me, veljarane, då vite kva me stemte på dersom det ikkje var partiprogrammet, men den einskilde sitt samvit som var utslagsgjevande når politikarane skulle røyste?
Eit ord å snu og vende på
I dag er ordet mitt «kroppen».
Det er fort gjort å fokusere på alt det ved eigen kropp som kunne ha vore mindre, større, slettare, glattare, lengre, slankare, kortare … Slike tankar kan kome snikande innpå oss om me er unge eller gamle, menn eller kvinner.
Ganske dumt, ikkje sant? Kroppen vår kan jo så mykje meir enn det å ta seg ut. Den er rett og slett fantastisk, – og det er alt dette ubegripeleg fantastiske me burde konsentrere oss om.

Hjartet mitt slår 3600 gonger kvar einaste time og det gjer det heilt av seg sjølv.
Nerveimpulsane rasar av garde i 270 km i timen, eg pustar mellom15 og 20 gonger i minuttet utan at eg tenkjer over det og kvar dag blunkar eg omtrent 1400 gonger.
Er det ikkje fantastisk?
Når eg tenkjer etter, er eg så glad for alt det kroppen min gjer for meg kvar einaste dag.
Eg er glad i musikk. Det viser seg at det er kroppen min og. Hjartet tilpassar seg rytmen i musikken og det gjer også pusten og blodtrykket. Derfor er det sant at dersom me treng å stresse ned, så er musikk god medisin.
Det er ei enkel sak å finne artige fakta om kroppen. Her er tre:
- Kvart menneske har vore ei einaste celle i 90 minutt. Det skjedde då me var minus ni månader gamle.
- Kroppen kan overlevere rundt sju dagar utan mat, men me kan ikkje klare oss utan væske i meir enn to til tre dagar. Eit gjennomsnittsmenneske drikk meir enn 60 000 liter vatn i livet sitt.
- Alle mistar 600 000 hudpartiklar kvar einaste time. Dette utgjer meir enn 15 kilo i løpet av livet.

Eg er milliardar av celler med ulike eigenskapar, som alle samarbeider for at eg for eksempel skal kunne snakke, puste og synge.
Eg og kroppen min kan grine og le, sove og danse, sjå og lukte.
Eg er glad i denne fantastiske kroppen min sjølv om han har eitt par «vondter» her og der og stadig finn på å vise fram fleire og fleire teikn på levd liv.
Denne kroppen er min, det er ingen andre som har akkurat maken og eg har tenkt å ta såpass godt vare på han at eg kan håpe på å ha han lenge.
Ei lita kjensle
Her kjem eit minne om kjensler frå ei tid då ingenting var som no.
Eg venta og
var god til det
Venta på ein,
på smil,
ord
Når det kom,
var det ofte
for seint for
eg hadde byrja
å vente
på nytt
på blikk,
på ros,
kyss
Ikkje kom og vis deg,
sa eg,
då vil draumen bleikne.
Hald deg der du er,
og ikkje sei ifrå
dersom du kjem
Så slutta eg å vente
Då kom du
***
Det er heilt naturleg å vere opptatt av å bli likt av andre menneske. Slik er me nok alle i større eller mindre grad. Derfor er det òg slik at alle er seg sjølv nærast og mest opptekne av seg sjølv.
Olin Miller skal ha sagt det slik:
«Vi ville antakelig ikke ha bekymret oss over hva andre tenkte om oss – hvis vi visste hvor sjelden de gjorde det.»
Fint, ikkje sant? Så då har me ei bekymring mindre.
Ha ein god laurdag vidare.
Helsing frå Karen-Margrethe