Kjære folk!
Det er slett ikkje alltid eg har det slik, men denne morgonen kjenner eg at livet er akkurat slik eg ynskjer at det skal vere. Eg skal ikkje rekke noko, eg har inga arbeidsliste og eg må ingenting. Eg har berre ein ting å gjere og det er å leva. Eg skal kjenne godt etter medan eg held på med det.

Eit sitat eg vil dele
Eg er så heldig at eg har kokebøkene til både mormor og mor mi på kjøkkenet. Det er ikkje så ofte at eg les i dei, men her ein dagen sette eg meg ned med ei av dei i fanget i staden for å ta fatt på ei kjedeleg oppgåve som eg eigentleg hadde planlagt for dagen.

Eg startar med eit sitat frå forordet. Det er ikkje naudsynt med fleire kommentarar enn at det har skjedd ein del dei siste 90 åra. Her handlar det om kvinnene sine plikter og forventningane til husmora:
« … men kommer han hjem i en ren, koselig stue hvor et velstelt maaltid venter ham, da skal der noget til at han saa snart gaar sin vei. Mere end en gang har vistnok en flink husmor som forstod at hygge hjemmet, hindret sin mand fra at bli en drukkenbolt. For det at være en ret husmor er et stort kald skulde jeg mene, og dere skal paa ingen maate tro at deres gjerning er uvigtig.»
Mi bestemor vart født i 1902. Ho var 30 år då denne boka kom ut. Eg ser for meg at ho las dette og prøvde og gjere så godt ho kunne for å vere ei god husmor. Eg trur ho klarte det godt. Heldigvis var ho høgt elska av ein snill og arbeidssam mann.

Eg hugsar godt korleis det var å kome på vitjing til mormor og morfar. Dei var alltid blide og stemninga i huset var alltid god. Bestemor skifta frå kjoleforkle til kjole berre på sundagar. Bestefar hugsar eg best i arbeidsklede. Når han tok på seg kvitskjorta, var det anten julekvelden eller gravferd.
Bestefar brukte snus. Eg hugsar spyttebakken som hadde fast plass i stova. Eg var imponert over kor treffsikker bestefar var. Han bomma aldri.
Eg tek med eit sitat til. Dette er frå kapittelet «Hygge og ordenssans ute og inne»:
«En ganske nødvendig ting i en ordentlig stue er en spyttebakke. (…) Vil manden at konen skal gjøre det litt hyggelig for ham inde i huset, faar han paa sin side gjøre saapas, at han ikke forøker hendes arbeide med sit slurveri – Altsaa bør han baade anskaffe og benytte spyttebakken.»
Ei oppleving eg vil bere med meg vidare
Me har vore på kunstutstilling og det gjorde godt. Eg kunne kjenne det på kroppen då eg for fyrste gong sidan slutten av februar stod i ei luke og og betalte inngangspengar. Kvardagen er på veg attende til oss og med den kunsten.

I fleire år har me kvar einaste sumar vitja Kistefos Museum i Jevnaker. Fyrste gongen var det knapt nok skilta ned dit og me visste ikkje kva me skulle møte då me tok turen.
I fjor var det inngangspengar og i år har New York Times tatt Kistefos med som eitt av «52 places to go in 2020». Utlendingane kjem ikkje i år, men kunstinteresserte og andre bør finne vegen dit denne sumaren.

I bygget «The Twist», som snor seg spektakulært over elva, byr muséet på 32 kunstnarar. Spesielt starten på utstillinga er overveldande.

Til og med vitjinga på toalettet er eit høgdepunkt:

Utstillinga, som er ei slags feiring av mennesket, er kalla «Come Out». Utstillinga handlar og om korleis kunsten kan spegle og reflektere over den krisa verda no er inne i. Sidan me for tida har på oss «koronabriller», får kunstverka ei heilt spesiell meining.


Utanfor «The Twist» ligg ein heil skulpturpark og ventar med mange fantastiske opplevingar.

Eg sette meg saman med ein eldre (eldre enn meg) mann, eg vil nesten seie ein herre, på ein benk i nærleiken av «The Ball». «Før dreide kunsten seg om kvinnekroppen», sa han og fortsette: «no er det mest berre menn å sjå.» Det hadde ikkje eg tenkt på og sa han ikkje imot då han hevda at kvinner har dei vakraste kroppane. Det var ei kort samtale som fortalde meg at jammen legg me merke til og tenkjer på forskjellige ting her i livet.

Eg skal attende til Kistefos, – minst ein gong denne sumaren.
Dette har eg tenkt på denne veka
Alle menneske treng å bli sett. Alle har behov for at einkvan forstår korleis det er å vere akkurat den du er.
Når me menneske blir gamle, er eg redd for at det kjem til å stå så mykje i vegen som «skuggar for utsikta», så mykje som kan vere irriterande, tidkrevjande og til og med litt ekkelt for dei som skal ha kontakt med oss.

Dersom eg ein gong endar opp på ein gamleheim/sjukeheim og skal halde meg der dei siste vekene, månadene eller åra i livet mitt, – kven vil då pleiarane sjå når dei let blikket sitt kvile på meg? Kanskje dei berre ser henne som, sjølv om ho får hjelp til å få maten inn i munnen, brukar kjempelang tid på å ete det ho har på tallerkenen sin og som sølar saft nedover kleda sine. Kven ser dei når eg strevar med å få på meg kleda og slett ikkje alltid rekk å kome meg på do i tide? Kanskje dei berre ser ei skrukkete, lita dame med tomt blikk og oppfattar ho som både sur og utakknemleg, – og til og med litt lite intelligent. Kanskje eg ikkje høyrer så godt? Kanskje eg ikkje hugsar alle orda? Vil dei likevel sjå meg?
Eg har tenkt på noko eg trur eg skal gjere i god tid før eg kjem dit. Eg skal skrive ein slags CV som eg skal bringe med meg til det siste einerommet mitt, og så håpe at dei som skal mate og dusje meg, vil lese og derfor lettare sjå meg som ho som blant anna
– elska å danse
– var forelska og blei elska
– smilte ofte og tålte ein «trøkk»
Det er vel ikkje så mange som kjem til å skrive ein slik CV, sikkert ikkje eg heller, men kanskje dette er en idé til pårørande når mor eller far skal flytte heimanifrå. Det vil heilt sikkert vere nyttig dersom alle får med seg si svært personlege skryteliste med vedlagt bilete av ein blid ungdom.
Eg har sett nok gamle damer med feitt hår, ustelte negler og haka full av skjeggstubbar. På min CV skal det stå at eg eigentleg er ei jåle. Eg håpar det vil gjere susen!
Kva vil du ha med i din CV?
***
Eg vil avslutte i dag med to små forteljingar som kan vere verdt å ta med seg vidare i livet:
- Walt Disney fekk sparken frå jobben sin fordi han mangla fantasi og gode idéar.
- Oprah Winfrey fekk høyre at ho ikkje passa på TV.
Ikkje la andre definere kven du er!
Ha ei god veke!
Helsing frå Karen-Margrethe