Kjære folk!
Eg håpar at du som les, har ein god laurdagsmorgon!
I dag har eg lyst til å starte med å vise fram to bilete frå hagen min slik den er no tidleg i juni. Dette gjer eg berre fordi slikt er til å bli glad av.


Når eg no skriv om det nyhendet som har dominert i det siste, er det alt anna enn til å bli glad av.
Eit nyhende som har fanga merksemda mi
Me har alle høyrt det:» I can`t breathe. I can`t breathe.»
Eg har ikkje orka å sjå videoen.
«Ver så snill. Eg får ikkje puste. Eg kjem til å døy.»
Ingen skal måtte ligge bakbunden og trygle slik.
Ingen skal måtte vere redd for å bli drepen berre på grunn av hudfarge.
Dei siste fem åra har 5367 personar blitt drepne av politiet i USA og svarte har langt høgare risiko for å bli drepen av politiet enn kvite.
I år 2000 var det 15 gonger meir sannsynleg at ein svart person vart sperra inne for eit narkotikabrotserk enn at ein kvit vart det, – sjølv om bruk av narkotika er ganske jamt fordelt mellom svarte og kvite.
Svarte blir stansa oftare enn kvite fordi dei kan vere mistenkte for eit brotsverk, dei blir handsama meir brutalt og dei havnar oftare i fengsel.
Dette går ikkje over av seg sjølv. USA treng eit oppgjer med både rasisme og politivald. Vil drapet på George Floyd kunne føre til ei endring i eit system med så rasistisk slagside?
Problema i USA kan ikkje løysast på anna vis enn ved å skape større likestilling mellom borgarane. Jim Mattis, tidlegare forsvarsminister under Donald Trump, seier at Trump er den fyrste presidenten i hans levetid som ikkje gjer noko for å sameine det amerikanske folket. Trump lèt ikkje ein gong som om han prøver. I staden prøver han å splitte oss, seier Mattis til avisa The Atlantic.
I eit direkte folkemøte på nett natt til torsdag (norsk tid), sa tidlegare president Barack Obama dette: «Eg vil snakke direkte til unge svarte menn og kvinner i dette landet. Eg vil at du skal vite at du betyr noko. Eg vil at du skal vite at draumane dine betyr noko.» Deretter bad han alle ordførarar i amerikanske byar om å gå gjennom retningslinjene til politiet for bruk av makt.
I Noreg har alle i politiet ein bachelor-grad, utdanninga byggjer blant anna på menneskerettane og dei lærer og øver på at arrestasjonar skal skje med minst mogeleg bruk av makt. Til samanlikning er politirekruttane i Baltimore for eksempel, klare med våpen, batong og politibil etter seks månader med kurs og to månader praktisk opplæring.
Her i Noreg sit mange av oss no og er sinte og opprørde, men kjenner oss makteslause. Sjølv om USA er langt unna, har me behov for å seie ifrå om at dette er alt anna enn greitt.
Tysdag gjekk sosiale media i svart, – eit lite bidrag i kampen mot rasisme. Sjølv om verda ikkje blir endra av svarte bilete på Instagram og Facebook, trur eg at summen av det engasjementet som blir vist er viktig. Kva meir kan me gjere?
Amnesty International ber oss om å signere ein aksjon. Oppropet blir sendt til guvernøren i Minnesota med kopi til ambassadøren for USA i Noreg. Dersom du går inn på amnesty.no, kan du vere med på den aksjonen.
Det sinnet me no er vitne til i USA smittar over heile verda. Fredag hadde meir enn
18000 sagt at dei ville stå saman i ein støttedemonstrasjon utanfor den amerikanske ambassaden i Oslo. Arrangementet fekk ikkje fritak frå smittevernreglana og arrangementet vart difor endra til at 50 skulle møte opp framfor Stortinget. Politiet sa på førehand at dei ikkje ville vere smittevernpoliti og at det skulle mykje til før dei ville gripe inn.
I regnveret samla det seg i går store folkemengder. I Oslo starta samlinga klokka 17 framfor Stortinget med 8 minutt og 46 sekund stillheit medan dei siste orda til George Floyd vart lese høgt. I bakgrunnen kunne me høyre demonstrantane som kom frå den amerikanske ambassaden. Til slutt vart det heilt stille.
Politiet takka deltakarane for ein fredeleg demonstrasjon.
Slampoeten Guro Sibeko sa blant anna dette:
Har du pust, la den bli til ei stemme.
Har du ein kvit kropp, bruk den til å verge oss andre.
Eit ord å snu og vende på
Ordet mitt i dag er «god». Det finnes mange måtar å tenkje om å vere god.
Då eg las om mor Teresa, ho som vandra rundt i slummen i Calcutta med ei enkel kappe og i sandalar, kom eg over historia om ei kvinne som stod og såg på mor Teresa i det ho vandra gjennom ei folkemengd. Kvinna skal då ha sagt det slik til dei ho stod saman med: «Mor Teresa har ei hemmelegheit. Det er at ho kjenner seg fri til å vere ingenting. Det er derfor Gud kan bruke henne til alt.»
Då eg leita etter sitat om å vere god, fann eg og det kyrkjefader Augustin skal ha sagt: «Den som er god, er fri, om han så skulle vere ein slave. Den som er vond, er ein slave, om han så skulle vere ein konge.»
I nyttårstala si i 1992 lanserte Gro Harlem Brundtland slagordet «Det er typisk norsk å vere god.» Den gongen fekk ho kritikk frå fleire som meinte at ho her viste fram slik norsk sjølvgodheit me har når me går rundt og ser på oss sjølve som dei beste i heile verda. Andre kritiserte Brundtland for å fremje det middelmåtige. Her i Noreg skal ingen vere betre enn andre. Ingen skal vere best.
Eg reknar med at det Gro Harlem Brundtland snakka om, var å vere god til noko/ å få til det ein held på med. Eg for min del er redd for at det er svært vanleg å ikkje ha høge tankar om seg sjølv og tenkje at ein ikkje er god nok. Det er veldig vanleg å samanlikne seg med andre, og at det gjer at me blir usikre. Me veit i alle fall at det er mange ungdommar som strevar med tankar om at dei ikkje er like gode som andre på skulen, på idrettsbanen eller i ein annan aktivitet.
Det er godt at det er ein helsesjukepleiar på dei fleste ungdomsskular. Der er det mogeleg å stikke innom og bli heia på og finne gode tankar som gjer at ein kjenner seg litt betre.
Det er heller ikkje uvanleg å høyre vaksne seie «eg gjer så godt eg kan, likevel er det ikkje godt nok.»
Kva er godt nok?
Kva er ei god mor, ein god lærar, eit godt menneske?
Ikkje veit eg, men eg er heilt viss på at det ikkje handlar om å smørje kreative matpakker, aldri gløyme regnbuksa til to-åringen, alltid vere fyrst ute med det siste, rekke alt og få til det meste. I dag har mange kjensla av at det er forventa at me skal vere perfekte på alle arenaer, – og det er jo umogeleg. Det er ein drøss med standardar å leve opp til. Krava er for mange og alt dette skapar eit usunt stress.
Det eg er heilt sikker på er at gode menneske ikkje er perfekte. Eg er og viss på at godt nok er nok, – av og til er godt nok meir enn nok.
Eit anna spørsmål er dette: Kan ein vere eit godt menneske utan å vere god mot seg sjølv? Må ikkje gode menneske ta vare på seg sjølv og eigne relasjonar? Er det ikkje naudsynt å passe på at ein ikkje vert utnytta? Det er jo ikkje slik at du ikkje er god når du verdset og respekterer deg sjølv. Det må jo vere slik at me alle må tenkje på oss sjølv og leggje bort andre sine bører av og til. Det er viktig å ikkje slite seg ut, – ikkje sant?
Kva tyder det å vere god? Kva vart konklusjonen? Eg veit ikkje, men eg trur eg vil merke det dersom eg møter ein som ikkje er det. Er eg naiv no? Sannsynlegvis er eg det, men då er det mitt val å vere litt blåøygd.
Eg veit at mange av oss slit med å seie «nei». Trur me at det å seie «nei» gjer oss til dårlege menneske? «Nei» er eit ord eg må tenkje meir på. Det skal eg gjere og skrive om det i morgon.
Ei lita kjensle
Eg veit ikkje heilt kva lengt er, men eg trur det handlar om å prøve å hugse noko eg framleis ikkje har opplevd eller noko eg skulle ynskje at framtida mi kunne innehalde. Eg trur og at denne lengten gjer livet mitt rikare. Sjølv om lengt kan smake surt, søtt og til og med litt bittert, trur eg at eg bør vere glad over å kunne lengte, – sjølv om eg ikkje riktig veit kva eg lengtar etter.
Til lengten
Eg lengtar ofte
men heilt annleis no
enn før
då du var utan
ein kven
eit kva
og kvifor
No veit eg at
kven har eit namn,
kva har lukt og lyd
og eit kvifor
Når eg knelar,
er det for di skuld.
Når eg ber,
er det difor.
Når eg pyntar
på sanninga,
er det di.
Når eg blundar,
kjenner eg deg.
Det som var,
var
Det som kjem,
kjem
og difor.
***
Til slutt noko frå sjølvaste Voltaire:
Det er tre ting som er vanskelege:
- Å halde på noko som skal vere hemmeleg
- Å tåle ei fornærming
- Å utnytte fritida
Eg kan kome på fleire vanskelege ting, men til dette om fritid; juli nærmar seg. Det er ein månad då dei aller fleste av oss har fri tid. Eg har planlagt sumaren min med nok tid til å gjere ingenting og det kjennest som ein fin måte å utnytte fritida på.
Ha ein god laurdag vidare!
Helsing frå Karen-Margrethe