Kjære folk!
Denne sundagsmorgonen vil eg starte saman med Erik Bye:
«Kom og lytt til lyset når det gryr av dag.
Solen løfter sin trompet mot munnen.
Lytt til hvite sommerfuglers vingeslag;
Denne dag kan bli vår beste dag!»
Eit sitat eg vil dele
Eg står her,
du langt der borte.
Skal me byggje ei bru?
Så kan me stå
midt utpå,
henge over gelenderet
saman
og sjå på utsikta
Skal me byggje ei bru?
Dette var mine ord. Sitatet kjem etter kvart.
Ei bru er ein konstruksjon som er laga for kryssing av eit område som er vanskeleg å ta seg fram i. Har du eit vanskeleg farbart område?
Treng du ein brubyggjar?
Bruer bind oss saman. Dei blir til fordi me menneska har behov for å kome oss fram, – behov for å kommunisere.
Bruer kan vere alt frå monumentale turistattraksjonar til slike som ein knapt legg merke til at er der. Her kjem eksempel på båe; ei bru i «Gardens by the Bay» i Singapore og ei i skogen like ved her eg bur.
Kor lenge er det sidan ei bru slutta å berre vere noko som skulle gjere vegen framkomeleg? Kor lenge er det sidan menneska byrja å få sansen for det vakre og tenkte at det skulle gjelde bruer òg? I dag vil me jo gjerne at ei bru, i tillegg til å vere praktisk, skal gje oss ei visuell oppleving.
Å vere ein brubyggjar har fin klang. Eg ser opp til dei som nyttar livet sitt til slike oppgåver, – både dei som syrgjer for veg over elvar, vatn og djup og dei som hjelper folk med å finne fram til kvarandre gjennom krig og konflikt.
Det er mange som står på kvar si side og som treng ei bru.

Og så var det sitatet:
Her ein dagen fann eg noko fint som Halvdan Sivertsen har skrive. Les det høgt for deg sjølv og høyr kor fint orda kling og meininga ber.
«Rundt og mellom fjellan
finn du fjord på fjord,
sund og skjær og øya, –
se kor vilt vi bor.
Før gikk veian dit kor veian måtte snu
Nu har mange krevd og nå`n har fått ei bru
Kem si at betongen
alltid må vær stygg?
Bruan dem e vakker.
Bruan dem e trygg.
Der du før va fremmed finn du dæ en venn.
Bruan bær dæ over om og om igjen.
Rundt og mellom fjellan
over alt på jord
grev vi stadig grøfta
som e altførr stor
Korsen kan du vite æ e sånn som du?
Ingen kan kom over før vi bygg ei bru.»
Ei oppleving eg vil bere med meg vidare
Denne filmen greip meg frå fyrste stund. Ein skikkeleg hjartevarmar.
Wonder handlar om ein smart, snill og omtenksam gut som blir mobba på grunn av utsjånaden. Det er umogeleg å ikkje få sympati med vesle Auggie.
Sjølv om filmen har stjerner som Julia Roberts og Owen Wilson, er det barneskodespelarane som verkeleg stel showet. Spesielt er det sjarmklumpen Auggie, spela av Jacob Tremblay, som gjer at eg ber med meg denne filmopplevinga vidare.
Ungar kan vere fulle av fordommar og Auggie er lett å mobbe. Han er født med ein genfeil som gjer at andletet er deformert. Men filmen handlar ikkje berre om Auggie, men og om dei menneska han har rundt seg. Filmen er delt inn i fleire delar der me ser den same historia frå fleire synsvinklar. Dette gjer at me får tenkje over at alle har sitt som dei strevar med, sjølv om det ikkje er synleg på utsida.
Ja visst er det ganske polert, men det kjennest som eit truverdig portrett av ein familie og dei problema dei står ovanfor.
Det er vakkert og rørande å få vere vitne til ungane sine opplevingar, samtalar og kjensler.
Wonder handlar om toleranse, vennskap og kjærleik, om å drøyme og bruke fantasien, om å tore å vere seg sjølv, stå på eigne bein og om å vere ein del av ein samanheng.
Det er sorg, det er glede, det er morosamt og rørande. Rett og slett ei god filmoppleving.
Her er eit sitat frå filmen: «Alle fortener ståande applaus minst ein gong i livet.»
Dette har eg tenkt på denne veka
I går skreiv eg om å vere god og fann ut at eg i den samanhengen måtte tenkje meir over kva konsekvensane er av å ikkje vere i stand til å seie nei?
Er det mogeleg å gje så mykje at ein mistar seg sjølv?
Er det slik at ein som alltid gjer noko for andre, har ein tendens til å ignorere sine eigne kjensler? Er NEI! noko av det viktigaste me skal lære born å seie? Har me i så fall forsømt oss?
Eg veit at eg slett ikkje er den einaste som ynskjer å rettferdiggjere meg sjølv dei gongene eg seier «nei». Eg forklarar og seier gjerne «du skjønar det at det har seg slik at …» eller «eg er lei meg, men akkurat i dag …». Sjølvsagt veit eg at eg ikkje treng godkjenning frå nokon andre enn meg sjølv og at dersom eg ikkje tek vare på meg sjølv, er det ingen andre som gjer det, – men likevel opplever eg at «nei» er eit vanskeleg ord.
Det er visst slik at det er kvinner som har den største motstanden mot å seie «nei». Psykolog Cathrine Moestue seier at denne motstanden kjem av gode eigenskapar som empati, sensitivitet og omtanke, og at me treng å kjenne nærleik, varme og omsorg. Det er dette som leier oss til å seie «ja» når me burde seie «nei». Me likar ikkje å skuffe andre og mange av oss har derfor ikkje lært oss å setje tydelege grenser.
Psykologen seier og at desse vanskane med grensesetting stort sett gjeld privatlivet. Mange kvinner er flinke til å setje grenser i jobbsamanheng.

Ein annan spesialist, parterapeut Eva Tryti, meinar at me må lære oss å seie «nei» utan forklaring. Dette er menn mykje flinkare til. Kvinner må rett og slett øve seg på å seie «nei» utan å få dårleg samvit etterpå.
Eg har leita etter gode råd om korleis ein kan bli flinkare til å seie «nei». Her er noko av det eg har funne:
- Ikkje svar med det same. Det kan hjelpe å tenkje seg om.
- Skriv ned tankane dine. På den måten kan du få hjelp til å klargjere kva du eigentleg meiner og finne ut kva som er det rette svaret.
- Tilby eit alternativ. Foreslå eit anna tidspunkt som passar betre eller sei at du kan hjelpe til med noko anna.
- Uttrykk deg opent og ærleg, men hugs samstundes at det ikkje er naudsynt å forklare.
- Vit at det ikkje er noko gale med deg sjølv om du av og til kjenner at du må seie «nei».
Kan dette vere gode måtar å seie «nei» på?:
- Eg vil gjerne hjelpe deg, men akkurat no passar det dårleg.
- Eg skulle gjerne ha vore til hjelp, men det let seg dessverre ikkje gjere.
Andre gonger og i andre situasjonar kjennes «nei» både naudsynt og naturleg. Ordet «nei» er nytta i mange kampanjar; nei til vald, nei til atomvåpen, nei til EU, nei til vindmøller, nei til bompengar, nei til rasisme osv, osv.
Når me melder oss inn i ein nei-organisasjon eller togar under eit nei-banner, er det saman med mange og ingen treng vere redd for å bli korkje einsam eller venelaus. Slike «nei» kan i staden gje oss både sjølvkjensle og fellesskap.
På postkassa har me eit slikt lite klistremerke som gjer at me slepp mykje mas om alt me burde gjere, kjøpe eller tenkje på. «Nei takk til uadressert reklame» står det. Eg har aldri angra på dette vesle merket sjølv om me møter mykje av det same maset frå andre kanalar.
Eg avsluttar nei-skriveriet med eit nei-dikt:
Nei takk
eg er forsynt av
råd om korleis eg kan bli vakrare,
bilete av strigla stover,
plakatar som fortel om sumarmotane,
smil som ikkje når augo,
ord utan meining
Nei takk, seier eg
Eg er forsynt!
Ljoset svir i augo
Musikken tvingar meg til å danse
Må eg ta imot?
Eg er så stappmett
Eg vil ikkje ha meir
dårleg samvit for alt
endå eg gjer
så godt eg kan
Nei takk!
Høyrer du?
***
Her ein dagen fekk eg fekk dette spørsmålet: «Har du overraska deg sjølv i det siste?».
Svaret mitt var «Nei …», – og eg er ganske sikker på at det var eit sant svar. Korleis skulle det ha skjedd? Kva skulle det ha vore?
Eg likar slike spørsmål som gjer at eg får noko nytt å fundere på.
Har du overraska deg sjølv i det siste?
Eg ynskjer alle som les ei god veke!
Helsing frå Karen-Margrethe