Kjære folk!
God morgon!
Kor mange gir har du? Eg har ofte lurt på om eg berre har to; 1: Full fart framover og
2: Parkering. Dei fleste dagane vaknar eg i gir 1. Eg veit at dette gjer meg ganske krevjande å ete frukost saman med for dei som startar litt tregt og girar opp utover dagen. Når kvelden kjem og mange er i fest og fullfart-gir, då går eg tidleg over i gir 2. Det har vist seg at dette giret slår inn tidlegare og tidlegare etter som åra går. Er eg aleine om å ha det slik tru?
Men no over til dei faste laurdagsoverskriftene.
Eit nyhende som har fanga merksemda mi
Laurdag for ei veke sidan skreiv eg om rasisme og politivald. Bileta me har sett frå USA har gjort at eg har prisa meg lukkeleg over at politiet her i Noreg handsamar hendingar av ymse slag annleis enn det dei amerikanske gjer. Politifolka våre er godt utdanna og er opplærte til å drive førebyggjande arbeid. Utdanninga byggjer på menneskerettane og på dei verdiane og ideala me har for å skape eit trygt samfunn for alle.
For eitt par år sidan var debatten om politireforma ganske så høglydt her til lands. Eg fekk lyst til å titte litt attende på den i lys av dei siste demonstrasjonane mot rasisme.
Det tok meg i underkant av eitt minutt å finne ut at målet med politireforma var eit synleg og tilgjengeleg politi, men at kritikarane hevdar at resultatet av reforma har vore sentralisering, ressursmangel og at politiet ikkje er til stades der dei bør vere.
Dersom kritikarane har rett, kan ikkje dette seies å vere bra, – i alle fall ikkje når det gjeld førebygging. Eg er viss på at å vite om, bli kjent med og ha respekt for sin «eigen» representant for politiet, vil vere med å fremje trygge nærmiljø. Dersom folk i bumiljøet og politiet skal kunne samarbeide, må dei kjenne kvarandre og vere trygge på at dei står saman om felles mål. Ungdom må tru at politiet vil dei vel. Slikt samarbeid krev at dei same politifolka er å sjå i det same nærmiljøet og at dei er der ofte.
I april 2019 publiserte Arbeidsforsikringsinstituttet ein rapport om korleis reformen hadde verka på arbeidskvardagen til politiet. 3125 tilsette i politiet hadde svart på spørjeundersøkinga. Heile 65,9% av respondentane seier at dei er heilt eller delvis einige i denne påstanden: «Jeg har ofte en dårlig følelse i magen når jeg går hjem fra jobb, fordi jeg ikke fikk tid (el hadde ressurser til) å gjøre en så god jobb som jeg ønsket.»
Christin Thea Wathne, ein av forskarane som stod bak rapporten, konkluderer med dette: Reformen har hatt effekt på det som går på å ruste politiet for alvorlig kriminalitet, men det skorter på målet om å ha et tilstedeværende politi.»
Dei som kritiserer reforma spør:
Kvar har det blitt av det politiet som var forankra i og integrert i lokalsamfunnet?
Kvar er dei politifolka som skal løyse oppgåvene sine i eit aktivt samspel med publikum?
Fagforeininga til politiet, Politiets Fellesforbund, fokuserte på denne problematikken under Arendalsveka i 2019. Dei la fram tydelege mål for kva dei ynskte seg for det framtidige politiet. Her er dei tre fyrste:
- «Publikum skal oppleve at politiet er lokalt forankret gjennom å være desentralisert og integrert i lokalsamfunnet.
- Publikum skal oppleve en god hverdagsberedskap som er tuftet på forebygging, etterforskning og operative tjenester.
- Publikum skal oppleve et tilgjengelig og tilstedeværende politi.»
Eg kan ikkje sjå nokon grunn til ikkje å støtte politiet i arbeidet med å nå desse måla.
Dersom politireforma har gjort det slik at politiet no har dårlegare lokalkunnskap og dersom reforma har ført til mindre kontakt mellom politi og folk i nærmiljøet, ja, då må politikarane sjå til å gjere noko med det.
Dette handlar om så viktige ting som å skape trygge nærmiljø for alle uansett bustad, religion, farge på huda, alder og kjønn.
Me må passe på slik at me ikkje kjem i den same situasjonen som det me har sett i USA der politifolk utan lokalkunnskap blir tilkalla berre for å ordne opp når noko skjer.
Eit ord å snu og vende på
Nysgjerrigper! Er det eit kompliment eller ei fornærming?
«Du er så nysgjerrig på alt mogeleg!» Det har eg høyrt folk seie til meg så lenge eg kan hugse. Ja, det er kanskje sant, men samstundes er eg ei av dei som nektar å lese «Se og hør» og som ikkje kan særleg mykje om kjendisar. Eg veit ofte ikkje kven dei er, dei som dukkar opp som gjestar i diverse underhaldningsprogram.
Likevel har det å vere nysgjerrig hatt mykje å seie for livet mitt. Eg har alltid likt å finne ut kvifor det vart slik det vart, kva konsekvensen kan bli, kven som sa at … og så bortetter. Spørsmålet «korleis veit du det?» har irritert fleire enn ein.
Eg berre elskar at det er mogeleg å google alt mogeleg og finne ut omtrent kva som helst berre med eitt par trykk på smarttelefonen. Det kravde meir av nysgjerrigheita vår når me måtte reise oss, hente eit av dei mange oppslagsverka og leite oss fram alfabetisk. Særleg oppdaterte var opplysningane heller ikkje.
Men samstundes er det svært få ting her i livet som er så enkelt at me kan finne det fullstendige svaret i eit google-søk eller i eit oppslagsverk. Derfor trur eg det er lurt å spørje, om att og om att, og aldri bli heilt nøgd med svaret på dei store spørsmåla. Det er ofte mogeleg å fylgje opp med eit nytt «kvifor».
Å vere nysgjerrig har i alle fall vore ei av dei viktigaste drivkreftene mine for å tileigne meg kunnskap. Eg kjenner det som om eg får premie når eg finn svar på noko eg lurar på. Det som kan vere frustrerande er at ofte blir eg sitjande att med fleire spørsmål etter å ha funne eit svar enn det eg hadde før eg byrja å leite.
Ei lita kjensle
Er eg den einaste som av og til får nok?
No driv dei med sitt
Ingen ser
at eg listar meg
ut
snik meg vekk
med proppar i øyrene
og sjokolade i lommene
Vekk frå alt
om att og om att
om ingenting og
latter for alt
Ikkje fortel meg
at eg ikkje
veit
å kose meg
***
Kva forventar du av denne dagen? Det seiest at positive forventningar er viktige. Forventningar kan fungere som sjølvoppfyllande profetiar. Eg trur på det. Dette blir ein god dag.
Helsing frå Karen-Margrethe