Kjære folk!
Eg håpar de alle har ein god sundagsmorgon!
Denne veka har eg fram til no møtt to barnebarn, tre bonusbarnebarn, ein son, ei dotter , to vennepar og fem studievenninner, – utan å gje nokon av dei ein einaste klem. For nokre veker sidan lurte eg på om eg kom til å venje meg til dette klemmelause tilveret. Så langt har det ikkje skjedd. Eg saknar klemmane.
Eit sitat eg vil dele
Eg hadde tenkt at under denne overskrifta skulle det alltid finnast noko som var veldig godt sagt, men til i dag fann eg noko interessant i staden.
I dag, 14. juni, er det markblomane eller villblomane sin dag. Og dei treng verkeleg sin eigen dag, – for dei siste 100 åra har heile 80% av blomsterengene i Noreg forsvunne og rundt ein av fire plantar er no rekna for å vere truga. Dersom naturen stadig blir nedbygd, kan me risikere at me mistar fleire av dei kjende og kjære blomane våre.
I Aftenposten tysdag fekk eg svar på fleire av dei spørsmåla eg hadde om markblomar. Eg visste at blomane har sterke fargar for å tiltrekke seg insekt slik at dei kan bli pollinert, men eg visste ikkje at «blomster konkurrerer om oppmerksomheten til pollinatorene og «pynter seg» både i farge, form og duft. På den måten øker sannsynligheten for at en type pollinator foretrekker en art over en annen og ikke besøker alt den kommer over.» Genialt, seier eg! For dersom humla fyrst vitjar ei soleie og deretter flyg over for å kose seg litt hos ei lita stemor, då vil det jo ikkje bli noko pollinering hos nokon av dei.
Har du lurt på kvifor det er så få knallraude blomar i Noreg? Det har eg. Jeanette Viken, som er biolog i Norsk Botanisk Forening, seier at dette er heilt naturleg: «Insekter ser nemlig ikke rødt! Røde blomster er dermed ganske sjeldent der hvor insekter er hovedpollinatoren.»
Litt klokare kan eg no gå ut i juni-sundagen og feire villblome-dagen. Kanskje eg skal gjere slik eg gjorde med barnebarna mine då dei var mindre; å sjå kor mange villblomeslag eg finn på stigen som går rett utanfor huset?
Ei oppleving eg vil bere med meg vidare
Eg har tenkt på det mange gonger, ja, i fleire år har tanken vore der; i det museet burde eg ha vore. I fjor var det 150-årsjubileum, men eg kom meg ikkje dit då heller. For ei veke sidan baud anledninga seg. Me fekk til og med privat omvising og eg er så takksam.
Gustav Vigeland er den bilethoggaren som ruvar mest i norsk kunsthistorie. Hovudverket hans er Vigelandsparken. Den utgjer heile 320 dekar av Frognerparken. Dette er ein turistattraksjon som turistar frå heile verda har på lista si over dei opplevingane dei ynskjer å få med seg her i livet. Museet derimot, er det ikkje like mykje snakk om.
I 1921 fekk Vigeland i stand ein avtale med Oslo kommune som forplikta kommunen til å byggje eit atelier for han der han kunne både bu og arbeide. Som «betaling» skulle alle arbeida hans tilfalle kommunen.
Gustav Vigeland budde her frå 1924 til han døyde i 1943. I tredje etasje er heimen hans restaurert og står i dag slik den var på den tida Vigeland budde der. Vigeland har sjølv designa mesteparten av interiøret.
Samlinga i museet inneheld portrett, monument og gipsmodellar til skulpturane i Vigelandsparken. Arbeidsprosessen til kunstnaren er godt dokumentert i museet. Historia til fleire verk, blant anna den om Monolitten, er fortalt gjennom ord og fotografi, skisser og modellar.
Eg lærte mykje på mine to timar med museumsoppleving og eg er endå meir imponert enn det eg var over alt det eg me kan beundre i Vigelandsparken.
Dette har eg tenkt på denne veka
På byrjinga av sumaren fann eg ut at i år ville eg ut på eventyr. Denne veka har eg difor tenkt på nettopp det; korleis skal sumaren min bli eit eventyr.
Å kome seg ut på eventyr, høyres både dyrt og litt farleg ut, – men ikkje er eg milliardær og ikkje har me lov til å reise jorda rundt for tida, – så kva slags eventyrlege opplevingar eg ynskjer meg, det er eg foreløpig ikkje klar over.
Då eg som lita jente lærte kva eit eventyr er, fekk eg høyre om noko fantasifullt, ofte med overnaturlege vesen, overmodige heltar og med eit pedagogisk poeng mot slutten. Det er ikkje slike eventyr eg er ute etter. Det overnaturlege synes eg er litt skummelt, heltar har ein tendens til å ta for stor plass og pedagogiske poeng har eg pensjonert meg vekk ifrå.
Eg har høyrt folk seie at «ho har visst hatt seg eit lite eventyr». Slikt står heller ikkje på ynskjelista mi for sumaren 2020. Eg er nemleg godt nøgd og vel så det med han eg har tenkt å ta med meg på eventyr. Det er kjempegodt å sleppe å vere på leit etter slikt nokon kallar «turkamerat».
Min definisjon av «eventyr» denne sumaren trur eg difor skal vere alt det som tek meg vekk frå kvardagsrutinene mine. Det skal altså ikkje så mykje til før det kan bli eit lite eventyr. Men då må altså eg klare å vere litt meir spontan, ta ting litt meir på sparket og hive meg uti det utan for mykje planlegging før det blir eit eventyr av det. Og kva er det eigentleg som er i vegen med rutiner?
Når eg tenkjer meg om, så er det vel heller ingenting i vegen med god planlegging, med hugselister og nøye gjennomtenkte reiseruter. Er eg eigentleg så glad i å prøve nye ting utan anledning til å vere forberedt?
Det er heilt sikkert fint å møte nye menneske, men det er då vel ingenting i vegen med dei gode, gamle. Er det ikkje eventyrleg nok å møte dei folka eg veit at eg set pris på og vere saman med dei?
«Kva er det som hindrar deg i å gjere sumaren til eit eventyt?» Dette las eg ein stad og det var dette spørsmålet som fekk meg inn på tanken om å gjere sumaren min eventyrleg. Men eg, som er så heldig, at eg allereie har mange bittesmå eventyr i kvardagen min, treng eg eigentleg det eventyrlige? Spontan blir eg jo aldri.
Eg går for ein vanleg, godt planlagt og likevel eventyrleg god sumar.
***
Ha ein framifrå sundag.
Helsing frå Karen-Margrethe