HALMSTRÅ, TOMME TANKAR OG SUMARFERIE

Kjære folk!

God laurdagsmorgon!

Eg har veldig mange grunnar til å vere glad og eg treng ikkje gå langt for å finne kvardagsgledene. I blomsterenga rett utanfor kjøkenvindauget gøymer det seg for tida tallause, små og søte markjordbær. Angen heng i lufta no i dei varme sumardagane. Det er berre å gå barbeint ut i graset og glede seg.

IMG_5648
Det vart ein munnfull både til meg sjølv og til han som sat på terrassen.

 

Fortsett å lese «HALMSTRÅ, TOMME TANKAR OG SUMARFERIE»

VILLBLOMEDAGEN, VIGELAND-MUSEET OG SUMAREVENTYR

Kjære folk!

Eg håpar de alle har ein god sundagsmorgon!

Denne veka har eg fram til no møtt to barnebarn, tre bonusbarnebarn, ein son, ei dotter , to vennepar og fem studievenninner, – utan å gje nokon av dei ein einaste klem. For nokre veker sidan lurte eg på om eg kom til å venje meg til dette klemmelause tilveret. Så langt har det ikkje skjedd. Eg saknar klemmane.

IMG_5544

Fortsett å lese «VILLBLOMEDAGEN, VIGELAND-MUSEET OG SUMAREVENTYR»