I dag er det allehelgenskvelden og/eller halloween. Markeringa av denne kvelden er opprinneleg ei heidensk feiring, som seinare vart gjort til ein kristen skikk, men som i vår tid har utvikla seg til ei ikkje-religiøs høgtid.
Sidan årtusenskiftet har det blitt stadig vanlegare å feire halloween i Noreg. I fylgje undersøkingar som Virke har gjort, brukar me mellom 200 – 300 millionar kroner på godteri, kostymer og pynt i samband med halloween-helga i Noreg!!! I år blir det nok annleis, og eg reknar ikkje med å få utkledde ungar på døra i kveld.
Eg gjer det av og til; går bort til ei bokhylle, dreg ut ei bok, opnar ho på ei tilfeldig side og set fingeren ned på sida. I dag kunne eg lese dette i Fredrik Skagen sin tekst om Vincent van Gogh «Stjernenatt»: «Hun ristet på hodet og trakk morgenkåpen tettere rundt seg. – Jeg vil heller skrive litt om noe som nettopp falt meg inn.»
Vincent van Gogh: «Stjernenatt»
Eg skal gjere som ho i sitatet før eg går ned til nytrakta frukost og ferdigdekka bord.
Eg håpar at du som les, har ein god laurdagsmorgon!
I dag har eg lyst til å starte med å vise fram to bilete frå hagen min slik den er no tidleg i juni. Dette gjer eg berre fordi slikt er til å bli glad av.
Blåregn over inngangen til terrassen.
Kanskje det er nokon som hugsar kor brunt og daudt det var her for nokre veker sidan , … og snart kjem det blomar på alt dette grøne. Eg gler meg.
Når eg no skriv om det nyhendet som har dominert i det siste, er det alt anna enn til å bli glad av.