PRESIDENTVAL OG KVAR VIL DU BU

Kjære folk!

Eg gjer det av og til; går bort til ei bokhylle, dreg ut ei bok, opnar ho på ei tilfeldig side og set fingeren ned på sida. I dag kunne eg lese dette i Fredrik Skagen sin tekst om Vincent van Gogh «Stjernenatt»:
«Hun ristet på hodet og trakk morgenkåpen tettere rundt seg. – Jeg vil heller skrive litt om noe som nettopp falt meg inn.»

Vincent van Gogh: «Stjernenatt»

Eg skal gjere som ho i sitatet før eg går ned til nytrakta frukost og ferdigdekka bord.

God morgon! Skrive fyrst og frukost etterpå.

Eit nyhende som har fanga merksemda mi
I dag er det akkurat ein månad til USA skal velje president. Som me alle veit, er det Donald Trump (74) som stiller til val for ein ny fireårsperiode for Republikanarane medan Joe Biden (77) stiller for Demokratane. 20 januar vil USAs nye president og visepresident bli tekne i ed.

Dette opptek tankane mine meir enn det eg sjølv ynskjer at det skal. Både republikanarar og demokratar seier at USA si framtid står på spel dersom det andre partiet vinn valet. Det er verkeleg mykje som står på spel denne gongen, – ikkje berre for amerikanarar.

Det blir sagt og skrive mykje som kan kaste ljos over presidentvalet. Me har fått kjennskap til avsløringar om Trump sin privatøkonomi og manglande skattebetaling, me har høyrt han skryte av måten han har handtert pandemien på og at han påstår at det berre er valfusk som kan gje Biden ein siger. 

Ein kommentar eg la meg på minnet var noko Ketil Raknes skreiv i Morgenbladet nr 28: «Donald Trump vil viske den amerikanske rasismen fra historiebøkene. Det er i praksis liten forskjell på å benekte USAs rasistiske fortid og å benekte at holocaust skjedde.»

Natt til onsdag i veka som gjekk møttes presidentkandidatane til sin fyrste TV-sendte duell, og me fekk sjå ein Trump som ikkje tok avstand frå kvite, rasistiske maktgrupperingar og som viste fram alt anna enn god folkeskikk og respekt for motkandidaten. TV-duellen vart av mange omtala som den verste debatten nokon sinne der debattleiaren fleire gonger måtte be Trump om å halde seg til dei reglane alle hadde blitt samde om på førehand. Hadde han bestemt seg for å skape kaos? Var dette strategien hans, eller er han så ufordrageleg inst inne?

Spaninga kjem til å stige den komande månaden og spaningsmomenta er mange. Eit av dei er dette: For fire år sidan klarte Donald Trump å lokke mange arbeidarar i Pennsylvania over til seg ved å love å vekkje nedlagte fabrikkar til live. Klarar demokratane og Joe Biden å vinne attende arbeidarveljarane sidan løfta ikkje er innfridd?

Det har blitt ein tradisjon i USA at den avgåande presidenten viser rausheit ovanfor den nyvalde etterkomaren. Det kan me ikkje rekne med dersom Trump tapar valet. Det seiest at demokratane allereie bur seg på det som kan bli den mest fiendtlege overgangen mellom to presidentar i heile den amerikanske historia. Eg siterer Aftenposten Innsikt for oktober: «Hvis Joe Biden står igjen som vinner, er det god grunn til å forvente at Trump vil bestride utfallet, i hvert fall dersom valgresultatet er jevnt.»

Eg blir lei meg, sint og litt redd av den amerikanske politikken. Eg trur ikkje at eg har godt av å fylgje så godt med på denne utviklinga av det amerikanske demokratiet.

No har Trump testa positivt på Covid-19 og Biden ber for han og familien hans. Det må vel i alle fall kome ein ting ut av sjukdommen, og det er at den delen av mobbinga av Joe Biden som handlar om at han nyttar munnbind, tek slutt.

Eit ord å snu og vende på
Eg skundar meg og går over til noko heilt anna. I dag har eg valt å skrive om verbet å bu.

For oss som er så heldige at me kan velje, handlar å bu om mykje meir enn å ha ein bustad. Å bu handlar om å velje ein livsstil. Eg har høyrt folk seie at kvar du bur, fortel om kven du er. Det er vel å ta i, men dersom me spør kva som er draumen din, då kjem me kanskje nær ei sanning. (Statistikken seier at me i snitt bur 6,9 år på same stad.) Ynskjer du å bu grisgrendt og grønt eller i fjerde etasje med utsikt mot travle bygater? Vil du gå ut i hagen eller på fortauet? Ynskjer du å kunne boltre deg på fleire hundre kvadratmeter, eller vil du ynskje gjestene dine velkomne til eit krypinn på loftet. Eg gjentar: For oss som er så heldige at me kan velje. 

Eit betre spørsmål, trur eg, vil vere dette: Kvar har du budd og kva har det gjort med deg? Eg har budd på ein jernbanestasjon, i hus med hage, i bygard og i blokk. Eg har budd med utedo og utan kaldt vatn, og eg har budd med to bad. Eg har leigd og eg har eigd. Alt dette har vore med på å forme meg og dei ynskja eg har for å bu. 

Det var fint å bu på ein jernbanestasjon.

I TV-programmet «Hvem bor her?» møter me nordmenn og – kvinner, som utan å vite anna om kvarandre enn namn og yrke, skal finne ut kven av dei som bur i dei heimane dei vitjar. Dei som synes at interiør er spanande, får sitt i dette programmet. Eg har sett tre av programma og har ynskt meg meir «vanlege» heimar utan så mykje glamour, men det kjem vel kanskje etter kvart. Eg ville i alle fall aldri ha vist fram heimen min slik, og latt framandfolk og eit TV-team luske rundt og vurdere kva bøkene i bokhylla, CD-samlinga, kunsten på veggane og innhaldet i kjøleskåpet seier om meg som person. 

Å bu kan vere så mykje. 
Eit fjøs eller ein stall skal gje natte- og vinterly for husdyr. Det finnes to hovudtypar fjøs – det tradisjonelle båsfjøset og nyare lausdriftsfjøs. Visste du at etter 2024 vil det ikkje lenger vere lov å nytte båsfjøs?

Ute i naturen er det alltid spanande å sjå etter tilhaldsstader for ville dyr. Då eg var på tyttebærtur i Våler for nokre veker sidan, fann me eit revehi. Det var ei oppleving for meg, sjølv om me ikkje eingong kunne kjenne lukta av bebuaren. Det var lenge sidan reveenka hadde vore heime.

Eg må leike litt av og til, – leike noko moro, noko eg likar å leike. Kanskje eg har eit born inne i meg som treng å få sleppe seg laus og ta litt plass. Men som oftast går leiken føre seg inne i mitt eige hovud, – slik som når eg er på tur i skogen, stansar opp og lurar på om det bur nokon der inne og tenkjer at her var det så fint at her ville eg ha budd dersom eg var ein tomme stor.

Eg har ei venninne med ein hobby som gjer meg glad. Ho lagar fantasifulle, abstrakte akrylmaleri i vakre fargar. Ofte tenkjer eg at det burde bu «folk» inne i det ho lagar.

Kven bur her?

Dersom du vil sjå fleire av bileta hennar, finn du dei på instagramkontoen #toriljmalerier.

Attende til det eg byrja med. Har du tenkt på kvifor du bur slik du bur og kva heimen din fortel om deg? Du kan jo leike litt i tankane, gå inn til deg sjølv, sjå deg rundt og late som om du ser heimen din for fyrste gong. Kven trur du det er som bur i heimen din?

Her bur eg.

Ei lita kjensle

Sidan eg har budd mange stader, har eg festa kjensler til mange hus. Her ei slik kjensle:

Hus
Eg står
her no att
og stirer mot desse vindauga
som stirer attende.
Det er over.
Det nyttar lite å grine
over hus
med framande gardiner.

***

Sitjande på ein stein verkar både verda og kvardagen langt unna. Eg er heldig som ikkje treng å gå langt for å finne ein som er god å sitje på.

Ha ein god laurdag!

Helsing frå Karen-Margrethe

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: