SÅ RART, SKIFTE AV NAMN OG VER SNILL

Kjære folk!

God sundagsmorgon til deg som les!
I dag har eg visst det eg kan kalle ein lure-på-dag, – og lure på, det gjer eg ofte. 
Denne sundagen undrar eg meg over både små raritetar og over kvifor kvinner framleis vel å byte bort etternamnet sitt. 

Denne veka har det regna mykje. I staden for stadig å lure på kor mykje det har regna, har me skaffa oss ein nedbørsmålar. Kjekt å ha for den som lurar. 

Eit sitat eg vil dele
Eg seier det ofte. «Så rart», seier eg når eg ser eller høyrer noko eg ikkje trudde fantes. 
«Så rart», seier eg når eg blir presentert for snodige fakta eller når eg møter på noko uventa og litt underleg. «Sjå der! Sjå, så rart», sa eg då eg oppdaga dette lauvet. 

Så rart!

Sitatet i dag er henta frå Inger Hagerup si diktsamling Så rart som kom i 1950:

Inger Hagerup fortalde at dagdraum, fantasileik og lesing var eit vesentleg og livsviktig innhald i barneåra. Allereie som born fekk ho det fyrste diktet sitt på trykk i vekebladet Vor Tid. Alt ho sidan skreiv for born vitnar om at fantasileiken ikkje tok slutt sjølv når Inger Hagerup vart vaksen.

Eg tek med eit til av barneversa hennar. Det heiter Erteblomst:

Jeg tror jeg var tenkt til sommerfugl,
for vinger har jeg jo – nesten.
Men likevel sitter jeg fast på meg selv.
Det er ikke dumt forresten
å være både en blomst og en fugl
når en skal prise dagen,
og attpåtil sitte i hemmelighet
med bittesmå erter i magen.


Det er mykje å undre seg over. 
Er det ikkje rart at det berre er ein av kongane i kortstokken som ikkje har bart? Endå rarare er det at det er slik i alle kortstokkar. Kven har funne på at det skal vere slik, og har nokon tatt patent på kongebarten? 
Er det ikkje rart at det er så mykje dyrare å klyppe håret for damer enn det er for menn? Til og med langhåra mannfolk betalar manne-pris når dei vil skaffe seg ein kjekk liten sveis.
Kvifor er ordet «dessverre» så vanskeleg å skrive rett? Ordet er faktisk feilstava 4 millionar gonger på norske nettstader. Det er rart, ikkje sant?
Er det ikkje rart at Leonardo da Vinci har måla Mona Lisa utan augebryn? Det ser i alle fall slik ut.
Er det ikkje rart at det ikkje er mogeleg å brette eit papirark meir enn 7 gonger, uansett kor stort eller tynt det er? Eg har prøvd.

Eg likar altså å undre meg over ting. Tid, for eksempel, er noko rare greier som eg ofte har snakka med barnebarna mine om:

Dersom eg stiller kjøkkenklokka
ein time attende
og nektar å tru på at den digitale, allestadverande tida
er den rette,
får eg då ein
ekstra time
som eg kan nytte
til å sitje
og berre stire
på den klokka som viser
den tida som berre er mi?
Men når eg då må
gå attende til den tida alle andre har,
kvar vart det av den tida som var berre mi,-
og får eg då god eller dårleg tid?

Denne har vore samtaletema mange gonger

Eg veit ikkje om det er sant, men eg har høyrt at ein fireåring kan stille rundt 400 spørsmål kvar dag. Det er ikkje  rart, synes eg. 

Dette har eg tenkt på denne veka
Eg har lurt på det lenge, men aldri kome meg til å gå nærare inn i det: Kvifor held kvinner framleis på med å skifte til mannen sitt etternamn når dei giftar seg? Er ikkje det berre ein skikk frå 1800-talet som sit att frå den tida då mannen vart rekna som hovudpersonen i familien og ho bortimot som hans eigedom? Eit namneskifte vart den gongen eigentleg sett på som ei markering av at faren overleverte kvinna til ein ny mann.

For snart enn 100 år sidan, i innstillinga til den fyrste norske namnelova, stod det skrive slik: 
« (…) det er hverken naturlig eller hensiktsmessig, at mann og hustru fører forskjellige slektsnamn.»

Lovgjevinga er ikkje lenger noko hinder for full likestilling på området. Me er ikkje pålagt å ta mannen sitt slektsnamn. Frå 1964 kunne alle kvinner som ynskte å behalde sitt eige namn etter giftarmålet, krysse av for dette på vigslepapiret. 
I 1979 vart det innført full likestilling mellom kvinner og menn i val av namn ved giftarmål, og då det kom ny namnelov i 2003, vart det opna for at dei som gifta seg kunne lage eit nytt felles etternamn dersom dei ynskte det.

Nyare undersøkingar tyder på at kvinner i langt større grad overtek mannen sitt etternamn enn vice versa. Dei fleste vel å behalde jentenamnet sitt som mellomnamn, slik det vart lovleg å gjere allereie i 1923.

Noreg er eitt av dei aller mest likestilte landa i verda. Me kjempar for lik løn, auka andel kvinner i styrer og i leiing og me er stort sett samde om at samfunnet fungerer best dersom menn og kvinner deltek på likt grunnlag – både heime og i arbeidslivet.

Det er for meg ganske overraskande når dei siste undersøkingane konkluderer med at åtte av ti kvinner tek mannen sitt namn når dei giftar seg. 

Dersom eg leitar etter årsaker til at det framleis er slik, har eg kome over og kome på desse: 

  • Det er tradisjon at kvinna skiftar namn. Mor gjorde det slik, difor gjer eg det slik og.
  • Når eg skiftar namn er det ein måte å markere kjærleiken vår på. Det er romantisk å ha det same namnet.
  • Det er praktisk at heile familien heiter det same.
  • Det er kvinnene som tenkjer på om dei skal skifte namn eller ikkje. Dei fleste menn kan ikkje eingong kome på tanken på å skifte namn. 
  • Namnebyte blir ikkje lenger oppfatta som eit symbol på at mannen er overhovudet og kvinna underordna.

Men det er noko med logikken her som eg ikkje klarar å forstå; kvifor må det vere namnet hans som skal skape den nye familieidentiteten? Burde det ikkje vere naturleg å velje det sjeldnaste, fjongaste og flottaste slektsnamnet?

Når eg søker på mitt etternamn hos SSB, får eg opp det biletet eg viser under her. Sjeldnare etternamn er det kanskje ikke mogeleg å finne. Likevel bytta eg det bort i 1974 …

***

Når me hastar fram, kvar for oss i eige liv og tenkjer på vårt eige, er det lett å gløyme at på innsida kjempar alle dei me møter på med sin eigen kamp. Difor; ver snille med kvarandre.

Eg ynskjer alle ei god veke med denne morgonmånen som eg fanga tysdag i veka som gjekk.


Helsing frå Karen-Margrethe

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: