STREIKERETTEN, MANN/KVINNE OG EI TRIST KJENSLE

Kjære folk!

God sundagsmorgon!
Her i Holmestrand har haustveret hatt fest i natt. Regnmålaren er full, og vinden har sendt litt av kvart inn i hagen. Eg kunne ikkje dy meg, – eg måtte teikne på vindauget i vinterhagen før eg gjekk for å skrive.
 

Eit nyhende som har fanga merksemda mi
Ein stor del av bussjåførane våre har innvandrarbakgrunn. Mange av dei kjem frå land der det ikkje er lov til å organisere seg, og fleire stader er det dødsstraff for å vere medarrangør av ein streik. Då det vart kjent at bussjåførane var tekne ut i streik, var det difor mange som ringde til den tillitsvalde og spurde kva dei skulle gjere, korleis dei skulle oppføre seg og om dei hadde grunn til å vere redde.


I Noreg er streikeretten heimla i Arbeidstvistlova og i Tenestetvistlova. Streikeretten er dessutan ein del av erklæringa om menneskerettar. 
Streikeretten har vore ei kjelde til oppbygging av velferdsstaten gjennom tariffavtalane. Det har handla om anstendige løner, arbeidstid, ferie, pensjonar, uførepensjon, forsikringar, permisjonsrettar, stillingsvern og sjukepengar, – for å nemne noko. Alle desse ordningane kom fyrst i stand gjennom tariffavtalar. Sidan har mange ordningar blitt gjort til lover vedtekne av Stortinget. 

Mange trur at alle desse velferdsordningane automatisk vil gjelde for all framtid. Slik er det ikkje. Annakvart år blir mange av ordningane reforhandla. Dei etablerte ordningane må altså bli etablerte på nytt, og kvart einaste punkt i tariffavtalene kan kome opp til forhandling.

I år har koronapandemien gjort at forhandlingane går føre seg no, – og bussjåførane er altså i streik. Eg skal ikkje meine noko om grunnlaget for denne streiken, men eg går gjerne i demonstrasjonstog for den retten dei har til å streike. 

Me veit at det er det er politiske parti i Noreg som ynskjer å kneble streikeretten. Me veit at det er politiske parti i Noreg som ynskjer å endre maktbalansen mellom arbeidsgjevarsida og arbeidstakarsida i favør av arbeidsgjevarane.

Heile det norske samfunnet er basert på eit samarbeid der offentlege myndigheiter, arbeidsgjevar- og arbeidstakarsida er partar. Denne måten å samarbeide på gjer Noreg til eit av verdas beste land å bu i.

Eg har høyrt at det er dei som meiner at det er kynisk å ta ut bussjåførane i streik no under pandemien. Men det er no det er mogeleg å føre denne lønskampen. Systemet er slik at det er Helsetilsynet sin jobb å vurdere om ein streik går ut over liv og helse. Debatten på NRK viste og at dette var både arbeidstakar- og arbeidsgjevarsida einige om.


I byrjinga av veka høyrde eg ein av dei streikande bussjåførane på radioen. Han var opprinneleg frå Kongo. Han kjende seg trygg her i landet og gav ros til det norske demokratiet. Her kunne han, saman med gode kollegaer, endeleg trygt kjempe for rettane sine.

Streikeretten må me ikkje tukle med.

Eit ord å snu og vende på
Ein mann er ein mann, – enkelt og greitt. Ordet i seg sjølv set ikkje i sving altfor mange fordommar og det ligg heller ikkje ei mengd rolleforventningar i sjølve ordet. Eg seier ikkje at alle menn er like og heller ikkje at det alltid er enkelt å vere mann, men her og no er det ordet mann eg er opptatt av. Mann er rett og slett eit kjønnsnøytralt ord for eit kjønnsmodent menneske av hankjønn. Og ikkje nok med det; mann kan på norsk, og i fleire andre språk, bli nytta om ein person reint generelt. Skikkeleg nøytralt altså.

Eg tok opp dette med mannen min ved frukostbordet her ein dagen, og etter å ha tenkt seg litt om, nikka han då eg sa at det ikkje finnes eit like nøytralt namn på mitt kjønn. 


Eg er kvinne. Ja visst er eg det, sidan eg er eit kjønnsmodent menneske av hokjønn. Mann er hankjønn, kvinne er hokjønn. Men er det så enkelt? Dersom me speglar avsnittet over; Har «eg tok opp dette med kvinna mi ved frukostbordet» det same innhaldet? 
Kjensla mi av at det ligg noko meir bak kvinne-ordet, blir bekrefta av denne setningen eg kunne lese på Wikipedia.no: «ordet kan også betegne en person av hunkjønn som en mann har et seksuelt forhold til.» Altså slett ikkje eit nøytralt begrep. Og når eg legg til dette om opphavet av ordet, blir kjensla mi ytterlegare styrka: «Ordet kvinne gjenfinnes i engelske queen (dronning) og i lavtysk kwenne hvor det betyr hermafrodit kvinnelig mann og dominant kvinne.» Ikkje heilt nøytralt, nei.

Kva med dame då? Herre og dame – to ord som høver saman. Dame er eigentleg eit ord for ei kvinne med fornem herkomst. Ho blir betrakta som både danna og kultivert. Det er lett å høyre forskjellen på «ho er tvers igjennom kvinne» og «ho er litt av ei dame». For ein kan godt vere kvinne, men likevel absolutt inga dame. Dette er altså slett ikkje eit nøytralt ord. Dersom me går til adjektiva kvinneleg og damete, blir dette veldig tydeleg.

«Jente» er heilt utelukka å bruke om meg sjølv. Eg kjenner meg ikkje som ei av dei  alderspensjonistane som snakkar om tur for «oss jentene». Jente er eit musefletteord.
I tidlegare tider vart jente også nytta om ei som ikkje hadde kome seg inn i dei rollene som var forventa av henne. I samansette ord har jente blitt brukt om ei i ei underordna stilling, for eksempel tenestejente og kjøkkenjente.

Dette er meg som jente, og det ordet passar slett ikke i dag.

Kva med frue? Dette er eit ord som berre fortel at eg er gift. I Noreg gjekk fru Ditt og fru Datt ut av bruk rundt 1970. Det er heilt greitt. Me klarar oss godt utan. Eg har aldri kjent meg som fru korkje det eine eller det andre.

Kva med kone då? Dette ordet har to hovudtydingar; ei eldre kvinne frå eit lågare samfunnslag og ei gift kvinne. Er ikkje «kone» ei litt gammal ei … krokrygga med skaut … og knytt opp til hus og heim? Men eg kan smile når han presenterer meg som kona si. Kva skal han elles seie? Hadde han sagt «dette er min kvinne», – då hadde eg blitt tverr.

Kvinne? Dame? Frue? Kone? Kjerring?

Eg gav ikkje opp leitinga etter eit nøytralt hokjønnsord og gjekk til synonymordboka.no for å leite vidare. Der fann eg 140 synonym til ordet mann, – blant anna for eksempel assistent og autoritet. 
For kvinne var det berre 45! … og korkje assistent eller autoritet var blant dei. Kvifor ikkje tru? Men eg fann eit anna synonym som eg likte godt: Medsyster.

Ja, ja, – dette er vel ikkje av dei viktigaste spørsmåla i livet, men ganske interessant likevel.

Ei lita kjensle
Eg har det ofte med å prøve å setje meg sjølv inn i situasjonen til folk eg høyrer om, les om eller møter. Eg veit ikkje om det er bra for meg eller ikkje, men det set i alle fall i gang kjensler. Her er slik eg trur det vil vere for meg å bli plassert på sjukeheim medan han er att heime. 

Fra Edvard Munch «Livsfrisen»

Eg og
Eg og vil
at alt skal hende
og hende, så
skriv meg eit brev og
fortel om
kva du har på brødskiva di 
om morgonen
Ser du dit eg sat?

Skriv nokre linjer
om kva du har på deg.
Saknar du nystrokne skjorter?

Skriv nokre ord
kjærlege, men
sanne og
med litt lukt av lengt

Skriv meg eit brev
før sola skal skine på
dei siste stega over
frosen mark

Skriv
medan eg framleis er
ei av dei levande.
For eg og vil at alt skal hende
og hende.
Eg og

***

Ein ting eg kan ha problem med å ta innover meg, er at nokre gonger er ingen ting så viktig som å gjere ingenting. Det skal eg prøve å få til i dag, – i alle fall litt av og til.

Her og der blomstrar det litt framleis.

Ha ein god laurdag!

Helsing frå Karen-Margrethe

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: