Kjære folk!
God sundagsmorgon!
Denne sundagen skal eg unne meg sjølv å berre vere glad, – og kanskje kan gleda mi smitte over på fleire.

Det er ikkje vanskeleg å kjenne på gleda i dag sidan kjensla frå gårsdagen sit att i heile kroppen og får meg til å smile. I går gjekk me til Dyna som ligg 1212 meter over havet. Det var strålande sol og matpakka var stor og god.



Eit sitat eg vil dele
Dagens sitat er henta frå norskmat.no:
«På høy tid å synge den norske geitostens pris. Den er i sitt livs form.»
I Noreg går mesteparten av geitemjølka med til å lage brunost, men her og no vil eg slå eit slag for dei strålande, norske, kvite geitostane.
Tidlegare hadde geitemjølk ein beisk smak, men no har avl og fôring fjerna den stramme smaken. I fleire år har mjølkeprodusentane arbeidd for å betre kvaliteten på geitemjølka.

No finns det eit mangfald av kvite geitostar, – både tradisjonsrike og spanande nye. Tine sin kvite geitost er god på brødskiva og fungerer ypparleg på pizzaen.
Har du prøvd norsk Chevre? Varma i steikeomnen? I salaten?
Bør ikkje geitemjølk få høgare status?
På Hol Ysteri kjøper eg fersk kremost av geitemjølk.



Kvifor er eg så opptatt av geitost? Jo, fordi geitemjølk er mild for magen og kan gje gode kvitostopplevingar også for dei som ikkje tåler kumjølk.
Dessutan:
*For mange millionar menneske i verda er geita den viktigaste kjøtkjelda dei har. Her i Noreg er det lite geitekjøt på middagsbordet. Dei fleste kjea blir faktisk avliva ved fødselen.
*Geiter treng mindre fôr enn for eksempel kyr. Dermed kan det bli ala opp fleire geiter på det same området som må til for å fø ei ku eller ein okse.

Aasmund Nordstoga sa det slik i eit innlegg i Nationen: «Geitosten er ikkje kva han ein gong var. Han er betre.»
Hipp hurra for geita og geitosten!

(Sidan ingen har bedt meg om å skrive, og ingen betalar meg for å skryte av geitemjølk, kan dette heller ikkje bli rekna som reklame, – dersom det var nokon som lurte på det då.)
Dette har eg tenkt på denne veka
Me har alle noko felles; det grunnleggjande behovet for å bli sett. Når me blir sett og lytta til, så bekreftar det at me er sopass mykje verdt at me får ta litt plass i ein annan person si tid.
Alle, – ungar, ungdom, vaksne og gamle har ein verdi. Ein heilt eigen verdi som gjer at me alle fortener å bli sett. Helst kvar dag. Eg tenkte mykje på dette då eg var lærar. Eg prøvde så godt eg kunne å få til at kvar elev skulle møte blikket mitt og høyre meg seie namnet sitt på ein positiv måte kvar dag. For me veit jo alle kor utruleg godt det er når nokon ser meg inn i augo og er interessert i det eg har å kome med.

Dette har også streifa tanken min mange gonger dette siste halvåret; 2020 har vore spesielt også på dette området, og heldigvis har mange funne nye måtar å sjå kvarandre og sjå om kvarandre på. Nokre ord på for eksempel Messenger er mykje betre enn ingen ord.
Det finnes sjølvsagt situasjonar då me kunne ynskje at me var usynlege, men det er noko anna. Opplevinga av å bli sett er som oftast positiv og gjer at me kjenner oss verdsett og akseptert. Dette er viktig for oss heilt frå den dagen me dreg pusten for fyrste gong.

Eg har høyrt, eg hugsar ikkje av kven, at me møter verda med tre store spørsmål:
Er du glad i meg?
Vil du leike med meg?
Får eg hjelpe til?
Sidan me veit at me alle har det slik, bør kanskje det å vise andre positiv merksemd vere noko å satse på denne hausten?
***
Dei siste dagane har me, slik eg har fortalt, vandra i raudnande lyng og sett naturen spegle seg i glasklåre fjellvatn.

Kven er du som kjem trippande
med vinden i hendene
og gler deg til
å ta styringa?
Er det ikkje ho sjølv,
med branngult broderi
rundt skjørtekanten,
med mosegrøne støvlar
og frostroser i flettene?
Hjarteleg velkomen, kjære fru Haust.
Eg dansar gjerne
etter di pipe
no
eitt par månader.

***
I dag skal eg heim til Holmestrand. Det er fint der og, – og det er alltid godt å kome heim til eiga stove og eigen hage. Slik såg det ut då eg drog derifrå for nokre dagar sidan:


Eg håpar for alle som les bloggen min at den komande veka blir fylt av gode dagar.
Helsing frå Karen-Margrethe
I en gammel reklamefilm for ost kom utsagnet «ost er ost». Jeg tror mange spiser ulike geitoster med god apetitt uten å tenke over at det faktisk er geitost. Den tradisjonelle brunosten spiser jeg helst på vafler. De andre geitostene er ofte festmat på kjeks og sånn. Det er mange viner som passer godt til geitost.
Geitekjøtt får man vel ikke i «vanlige» dagligvarebutikker? Er det mange nok som etterlyser det? Sesongtilbud på linje med sau/lam i får-i-kål-tida, kjøtt som har ligget på fryselager i årevis?
Dine tanker om å se og bli sett vet vi gamle lærere mye om, ja.
Høsten er en fantastisk tid ved sjøen/havet. Vi har vært på hytta i Risør noen dager, og stengt for vinteren. Hadde fint lite lyst til å dra hjem til skauen i Kongsvinger.
Hilsen Helge
som fortsatt leser bloggen din med glede, men ikke rekker eventuelle kommentarer før det dukker opp en ny!
LikerLiker
Tusen takk, Helge for fin og innholdsrik kommentar i dag. ☺️
Den gamle ostereklamen inneholdt både «ost er ost» og «mann er mann», hvis jeg ikke husker feil. Jeg har litt erfaring med både mann og ost og kan med stor tyngde bekrefte at mann ikke er mann og at ost absolutt ikke er ost. Heldigvis er smaken forskjellig, – ellers hadde det blitt veldig uhåndterlige køer rundt omkring. 🥴😂
Takk for at du leser bloggen min. Det liner jeg, veit du.
Fortsatt god høst!
LikerLiker