Kjære folk!
God laurdag!
Denne helga vil bloggen min, både i dag og i morgon, bere sterkt preg av at eg har vore på Ål dei siste dagane. Eg er her framleis og nyt vakre septemberdagar i strålande haustrvér.

Eit nyhende som har fanga merksemda mi
Sist laurdag hadde eg laga meg ei liste over mykje av det eg synes er vondt og vanskeleg. Denne laurdagen har eg leita etter saker det er mogeleg å glede seg over. I dag og plasserer eg eit vakkert haustbilete mellom kvart punkt. Denne gongen er alle bileta frå Ål.
Det er faktisk slik at det aldri før har levd så mange menneske som ikkje er direkte truga av krig. Me har ikkje fått ein ny verdskrig sidan FN vart oppretta. PRIO (Peace Research Institute Oslo) har i samarbeid med matematikarar ved Universitet i Oslo utvikla ein statistisk analyse og meiner å kunne slå fast at verda, samanlikna med nokre tiår attende, har blitt fredelegare. Det betyr ikkje at verda er ein fredeleg stad å bu, men det kan kanskje tyde på at verdssamfunnet i nokon grad har lukkas i fredsarbeidet. Stadig færre menneske blir drepne i krig. Slik er det til tross for dei endelause konfliktane i for eksempel Syria, Yemen og Libya og til tross for det høge talet på regionale maktkampar og ikkje-statlege konfliktar rundt om i verda.

Ny forsking viser at innbyggjarane i Noreg har høg tillit til politikarar og politiske institusjonar dersom me samanliknar med situasjonen i andre land. Dette er bra, tenkjer eg. Slik tillit er nok avgjerande for å få til eit robust og velfungerande demokrati. Me har og høg tillit til kvarandre her heime. Me støttar opp om velferdsstaten og ser helst at det ikkje er for stor skilnad på Jørgen Hattemaker og Kong Salomo. Då korona-pandemien råka oss, hadde me tillit til at styresmaktene gav oss gode råd og fornuftige pålegg. Eg jublar for den høge tilliten.

Her er nokre «regnbogesigrar» som er verdt å feire:
Det er lov å gifte seg med den du elskar i Nord-Irland
Homoseksualitet er avkriminalisert i Gabon.
Homofile menn får gje blod i Brasil.
Fleire slike positive nyhende er å finne på verdensbestenyheter.no.

Dersom ein leitar, er det mogeleg å finne positive naturvern- og miljønyhende. Her er nokre av dei:
Kvifor snakkar me ikkje om ozonlaget? Grunnen er at verda har klart å stoppe skadane på ozonlaget.
For ikkje mange tiåra sidan, var det heilt greitt å dumpe miljøgifter rett ut i naturen. I dag er det lover mot slikt.
Det er nedgang i avskoginga i Indonesia, landet der me finn verdas tredje største regnskog.
Snikjakta på elefantar er halvert.

Medan me ventar på vaksine mot korona, kan me juble for eit effektivt legemiddel mot ebolaviruset. I Kongo døyde det meir enn 2200 menneske av ebola i 2019. Mange fleire hadde mista livet utan denne medisinen. Samstundes vart det utvikla ei ebolavaksine under leiing av det norske Forskningsrådet. Denne er allereie tatt i bruk i Kongo og i fleire av nabolanda. Det er all mogeleg grunn til å rope hurra for legevitskapen.

Dersom eg hadde leita meir, hadde eg heilt sikkert funne meir. Me må aldri gløyme at det alltid er mykje å vere takksam for. Me må heller aldri kome dit at me tek det positive i verda som sjølvsagt. Fred, natur og tillit er alle skjøre saker som treng at me står opp og kjempar kvar på vår kant.
Eit ord å snu og vende på
Det er i minst 300 000 ord i det norske språket. Ut av alle desse har eg i dag, merkeleg nok, valt meg «vinter».
Er du av dei som ventar på vinteren og gler deg?
Håpar du på mykje vinternedbør som vil føre til ein bra ski-vinter?
Eller er du ein av dei som kjenner seg att i songen «Her kommer vinteren» der Jokke & Valentinerne syng om «den kalde, fine tida» då det er lov til å mure seg inne og vere seg sjølv?
«Er du av typen som er svak for sport,
men bare på skjermer og bare når vi vinner?»
På Ål ligg det i alle fall to ute i graset og ventar på vinter og snø:
Nede ved Hallingdalselva ligg denne ski-brua og ventar på at ho skal bli lagt på plass slik at folk med god glid kan suse over ho.

Oppe på fjellet ligg denne snøskuteren og kjenner seg attgløymt. Det er vel mest sannsynleg at han etter kvart kjem til å kjenne seg nedsnødd.

Korleis blir denne vinteren? Blir han mild, våt og vindfull eller blir det beinkaldt i Noreg? Når kjem snøen og blir det mykje? Det er mykje å lure på, og slikt kan vere gode samtaleemne når me møter på kven som helst.
På Finnskogen fekk eg dette svaret i sumar: «Så høg som tistil`n er når`n blåmstrer, så mie snø skær det bli teill vinter`n.» På Finnskogen blir det altså mykje snømåking den komande vintersesongen.

Ei lita kjensle
Elvelangs i Ål er ein tre kilometer lang turidyll langs Hallingdalselva. Etter ein tur elvelangs skreiv eg dette:

Her,-
når freden renn gjennom
meg
som elva.
Her, –
når sorgene siglar
bort
i elvesuset.
Kor velsigna godt
det er å leva.
Her.
***
På min dagsorden i dag står det god frukost, fjelltur på Veståsen, avislesing, pizza og Stjernekampen. Det kan knapt bli betre.
Eg håpar at det ligg mange glade mogelegheiter på lur denne dagen for deg som les.

Ha ein god laurdag.
Helsing frå Karen-Margrethe
Lørdag morgen – på sommerhytta i strålende vakkert septembervær. Du traff meg helt spesielt godt i dag, Karen Margrethe. Tusen takk for den fine starten på dagen du ga meg – ja, mye er vondt og vanskelig – men viktig å trekke frem det som faktisk går bedre også👏 I dag gleder jeg meg til å lese Modellen (Lars Saabye Chr.) Av uforklarlige grunner har jeg ikke lest den før, men så den tilfeldigvis i bokhyllen i går👍 Det må også bli tid til en tur og kanskje (årets siste ) sjøbad?? God helg til deg – alltid godt å lese det du deler med oss🥰
Sendt fra min iPhone
LikerLikt av 1 person
Så hyggelig med en slik positiv kommentar. Tusen takk! Det gjør godt å få vite at blogginnlegget mitt kan bidra til at noen får en fin start på dagen. Dersom du har gjennomført planene dine, tror jeg du har hatt en super septemberdag. Men sjøbad? Jammen er du en tøffing! Håper du får mange gode høstdager framover. Klem til deg! 🙂
LikerLiker