Å KJEDE SEG, PAPIR OG DET SPANANDE LIVET

Kjære folk!

God sundagsmorgon!
Når du les bloggen min i dag, vil du finne ut at den ber preg av at ho som skriv, langt ifrå er det ein kan kalle «ung og lovande». Av og til er det fint å kunne glede seg over å vere akkurat slik i sin beste alder.

Litt gamle damer kan finne mykje å leike med på Kistefoss.

Eit sitat eg vil dele
Når eg tenkjer på å bli gammal, høyrest ikkje det så grueleg keisamt ut. I dag vil eg bringe vidare to sitat, nettopp om å kjede seg. 

Eg er eineborn og det var ikkje alltid så mykje å finne på aleine inne ein sur haustdag. 
«Eg kjedar meg. Kva skal eg gjere?» Eg trur eg sa det toppen to gonger, for slik var svaret eg fekk frå far min: «Det er berre dumme folk som kjedar seg. Finn på noko
Dum ville eg jo ikkje vere, – så eg fann på noko. Det har eg fortsatt med å gjere.

No likar eg meg aleine og eg er ganske flink til å finne på. Dersom lista over morosame ting å gjere er oppbrukt, er eg så heldig at det som oftast skjer underhaldande greier inne i hovudet mitt. Dette kan eg altså takke far min for.

Dette vesle skiltet fann eg på ein vegg i Åsgårdstrand.


11. juli las eg om noko av det same i Magasinet til Dagbladet: 
«Hvis partneren din er blitt kjedelig, bør du spørre deg selv om det snarere er din evne til å se som er problemet

Kjedar du deg? Løysinga er altså; finn på noko.

Dette har eg tenkt på denne veka
Når eg av og til tenkjer attende på den tida eg var ung, på før i tida, på den tida ungane kallar gamledagar, for så etterpå å lure på korleis alt kjem til å bli når borna mine når pensjonsalderen, – då ser eg verkeleg kor fort utviklinga går.

Det er jo ikkje  lenge sidan 1970-talet, ikkje sant? Dersom eg måtte ha tak i einkvan på den tida, tok eg heisen ned i kjellaren i den blokka der eg budde. Der stod ein telefonautomat som åt kronestykke.
I stova stod ein ganske liten svart-kvit-TV med ein norsk kanal.
På skulen dreiv eg tavleundervisning og delte ut stensilar til elevane.
Til jul fekk eg LP-plater og vakkert brevpapir. Det er ikkje meir enn 45 år sidan.

Papir, ja, – er me, besteforeldregenerasjonen dei siste som har bruk for papir? 
Eg noterer i notatbøker.
Eg likar best å lese romanar i bok i staden for på brett.
Eg har avtalebok i handveska.
Eg har «skriki meg til» å behalde papiravisa.
Det hender faktisk også at eg skriv ut brev eg får tilsendt digitalt. Det som er veldig viktig må eg ha på papir. Slikt er det vanskeleg å venje seg av med.

Eg trur eg er papiravhengig.

Gamaldags? Ja, visst er eg gamaldags. Likevel syntes eg det var litt rart då det låg eit papirskjema frå sjukehuset i postkassa mi. Skulle eg verkeleg fylle ut med hand? Stolar dei ikkje på nettet i helseføretaka? Har dei ikkje e-postadresse, tenkte eg. 

Sjølvsagt har eg fylt ut massevis av skjema på papir tidlegare, men eg trudde alle hadde slutta med slikt.  Eg har jo allereie nesten gløymt korleis det var å fylle ut sjølvmeldinga for hand. Det har ikkje vore naudsynt sidan byrjinga på 2000-talet.

Det er lenge sidan nokon har bedt meg om å sende inn noko med posten. Det ville verkeleg ha vore gamaldags. Men eg har konvolutt altså, dersom så skulle skje. Sjølvsagt har eg konvoluttar, – minst 50 tenkjer eg, – i tilfelle. 

***

Dersom ein tenkjer for mykje på kor spanande dette livet eigentleg er, kan ein fort bli litt redd. Ingen av oss veit kva me kjem til å møte på rundt neste sving, bak neste dør eller i neste time. Eg trur dei har gjort eit lurt val, dei som ser på seg sjølv som ein nyfiken oppdagingsreisande i eige liv. Det høyrest spanande ut på ein trygg måte. 

Eg trur også at det er lurt om me reiser litt langsamt og tek oss tid til å oppdage og undre oss over det me møter på, – for jammen er det mykje både fint og forunderleg å både sjå og høyre.

I veka som gjekk har eg vore heldig å få vere saman med og dele kvardagen med gode vener. Gjennom langsame haustdagar med høg himmel og strålande ver, har eg blitt løna med alt frå triveleg bordfellesskap til skogturar med god tyttebærfangst.

Berre på eit blunk vart det seks kilo tyttebær. Då er det moro.

Eg ynskjer alle dei som les bloggen min gode dagar i veka som kjem.

Helsing frå Karen-Margrethe

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: