Kjære folk!
I dag er det visst den internasjonale migrenedagen. Då eg fann ut det, tenkte eg fyrst at det vil eg i alle fall ikkje skrive noko om på bloggen min, men då eg skumma nedover nettsida, kunne eg lese at «ofte reduseres plagene med økende alder (…)». No, på denne dagen, kan eg altså trøyste andre migrenemenneske med at det stemmer. Denne litt gamle dama har «reduserte plager». Hipp hurra for «økende alder»! Eg ynskjer alle ein god og migrenefri migrenedag.

Eit nyhende som har fanga merksemda mi
Det har skjedd mykje dei siste vekene. Ja, eg vil seie at det er underlege tider me lever i. Omtrent dagleg kjem eg over noko i aviser eller andre media av slikt som gjer meg forundra, trist, uroleg, motlaus, – eller at eg rett og slett må lure på om eg las eller høyrde rett. Her er ei lita liste. Eg plasserer eit vakkert haustbilete mellom kvart punkt. Det kan hende det er fleire enn meg som treng ei lita tenkepause innimellom alt det vonde og vanskelege. (Alle bileta er tekne i Ranum i Våler i Solør den siste veka.)
*Nicolai Tangen var viljug til å punge ut med fleire milliardar for å byrje i draumejobben. Det som forundrar meg med det, er at det er mogeleg å vere så rik at slike som eg ikkje eingong klarar å forstå kor mykje det han betalte, altså fem milliardar, er. Tangen er heilt sikkert ein flink mann, men er det ikkje rart at det måtte til ein slik prosess før det vart klart kva som måtte gjerast før han kunne tiltre stillinga? Er det ikkje slik at bukkar ikkje får lov til å passe på havresekkar i Noreg?

Valnemnda i Trøndelag Arbeidarparti måtte lage to einstemmige innstillingar til leiarvervet, men ingen av dei to toppkandidatane vart valt. Ei svært trist førestelling, spør du meg. Er det slik det er å stille til val i eit politisk parti, så er det ikkje så forunderleg at ikkje mange gjer det. No er det vel på tide at folk i Arbeidarpartiet byrjar å fortelje fine forteljingar om kvarandre, rose kvarandre og heie på kvarandre. Dersom så ikkje skjer, kan dei ikkje forvente å vinne eit val. Eg har forresten aldri høyrt nokon snakke stygt om Erna Solberg. Der er det einkvan som har noko å lære. Han Jonas treng både trøyst ein skikkeleg heiagjeng.

I USA oppfordrar presidenten til lovbrot når han ber veljarane om fyrst å sende inn stemma si med posten for deretter å gå og leggje stemmesetelen i stemmeurna. Berre for å sjekke om det er mogeleg, seier han. Det eg gjerne skulle ha sjekka, det er korleis det er mogeleg å gje stemma si til ein slik mann. Det er ikkje noko mindre enn verda som står på spel. Og når Frp-politikar Tybring-Gjedde seier at han har nominert Donald Trump til Nobels fredspris, då gjev eg meg heilt over.

I Berlin har meir enn 30 000 menneske gått i protestmarsj mot tiltaka som er sette i verk for å hindre koronasmitte. Allslags grupperingar, frå høgreradikale til magedansarar, har funne saman i kampen. Dei vil ha fridom framfor tryggleik! For meg er dette fullstendig ubegripeleg! Kva er det dei ikkje har fått med seg? Eg håpar verkeleg at me her heime beheld vitet gjennom heile koronakrisa.
Eg kan jo fortsetje å håpe, men torsdag meldte nrk.no om at seks av ti som har fått pålegg om karantene eller isolasjon, bryt pålegget. Verstingane er dei over 50. Skjerpings, folkens!

Når Sian vil markere seg, vil mange demonstrere imot og vise si avsky. Det er ikkje særleg forunderleg. Eg kunne ha vore ein av dei. Men det er slett ikkje greitt når eit fåtal andre møter opp og nyttar høvet til å skape uro og vise aggresjon mot politiet.
Stortinget har slått fast at terskelen for å forby hatefulle ytringar skal vere høg og at ytringsfridomen skal vernast. Difor har politiet i oppgåve å syrgje for at dei som vil, kan spytte på Koranen framfor Stortinget medan politiet står rundt og passar på. Det kjennest ikkje greitt det heller. Er det slikt som er meininga med den norske ytringsfridomen?
I dag står Hamar for tur. Eg håpar alle held seg unna slik at Sian får akkurat så lite merksemd som dei fortener.

Og så var det soknepresten i Øksnes som nektar å samarbeide med kvinnelege prestar; korleis kan det ha seg at me i 2020, i eit av dei mest likestilte landa i heile verda, kan la ein prest med slik overtyding bli ståande i prestegjerninga? Heilt utruleg! Ingen prest bør kunne reservere seg mot å samarbeide med andre prestar.

Til slutt på denne lista:
Når regjeringa har kome fram til at det er rett å hente ut 50 flyktningar frå Moria-leiren, er dette i tillegg til at det er altfor seint, sjølvsagt altfor lite. Det er rett og slett problematisk å tenkje på at dei som styrer det landet eg bur i ikkje ser seg i stand til å hjelpe fleire. Det er menneske som lid, – det er systrer, mødrer, brør, fedrar, bestemødrer … No er det på tide å tenkje med innsida av hjartet.

Dette vart ei lang utblåsing, – men det gjorde godt å skrive det ned og sende det ut!
Eit ord å snu og vende på
For ei veke sidan hadde eg «fasade» som det ordet eg snudde og vendte litt på. I dag fortset eg med ein viktig del av fasaden, nemleg klede.
I Aftenposten Innsikt nummer 8 fann eg ein lang og svært interessant artikkel om tekstilsortering. Innan 2025 skal alt av tekstilar bli sortert ut av restavfallet, men dette er Noreg ikkje rigga for. På dette området er Noreg, i fylgje Aftenposten, ei miljøsinke. Pr i dag har me ikkje eit system på plass for å handtere den store mengda tekstilar.
Kvar av oss skal i snitt ha 359 klesplagg i skåpet, og i snitt skaffar me oss 23,5 plagg kvart år. 86 prosent av det me kjøper er nytt.

Det hender eg høyrer folk seie noko slikt som at «eg tenkjer aldri over kva eg har på meg». Eg trur ikkje heilt på dette. Klede er slett ikkje uvesentleg.
Klede kan vere opprør.
Klede kan vere frigjering.
Klede kan vise kven me ynskjer å høyre saman med.
Klede kan fortelje noko om kven som er inni kleda.
Med klede kan me prøve å vere noko me ikkje er.
Eg trur me lever i eit samfunn der klede betyr ganske mykje.
Det kan ikkje berre vere den einskilde sitt ansvar å skaffe seg meir berekraftige klesvanar.
I 2019 kom Østfoldforskning med ein rapport der forfattarane hadde desse forslaga til dei norske myndigheitene:
«- Øke kvaliteten og holdbarheten til tekstiler som blir markedsført i det norske markedet.
– Oppmuntre til lengre aktiv levetid av disse gjennom forretningsmodeller for delingsøkonomi.
– Påvirke forbrukeradferd mot valg av kvalitet og bedre håndtering og pleie av tekstiler.»
Eg vart sydd til som born. Mor var utruleg flink til å sy, og eg var stolt eigar av heimesydd julekjole, ballkjole og vinterkåpe. Eg lærte at kleda ikkje måtte vere nye og heller ikkje dyre, men at dei måtte vere passeleg store og passe saman.
Dessutan fekk eg høyre at møkkete, holete klede ikkje var bra, men at eit reint og fint lappa eller stoppa klesplagg var av det gode. Slike klede viste at det var einkvan der heime som viste omtanke for dei plagga me var så heldige at me eigde.
Her er yndlingsbuksa mi:



Eg trur at du gjer eit val kvar gong du kler deg. Det ligg ein tanke bak. Vil du vere synleg og stikke deg fram eller ynskjer du heller å kle deg litt kjedeleg og vere usynleg? Er du opptatt av mote eller vil du helst vise at du ikkje bryr deg om slikt? Vil du vere litt annleis eller som alle dei andre?
Uansett kven me vil vise fram, er denne lista med ord vel verdt å ha med seg når me ryddar i klesskåpet: redesign, reparere, sy om, byte, låne og arve.
Eit anna spørsmål eg stiller meg sjølv oftare enn før er om eg treng fleire klesplagg. Svaret er som oftast «nei!»
Ei lita kjensle
To små sure
Dette er ein telefonsvarar
for Erlandsrud sitt uro og tankespinn.
Det er for tida stor trafikk.
Ver venleg og vent.

«Ta fram det gode humøret!
Fokuser på dei små gledene!»
Lett å seie,
men vanskeleg å gjere
for eit badedyr
som veit at einkvan snart
skal kome og sleppe ut lufta.

***
Me jublar for dei som kjem fyrst, hoppar lengst, presterar best og vinn mest.
Er det ikkje like imponerande å gjere sitt beste?
Med det ynskjer eg alle ein god laurdag vidare.
Helsing frå Karen-Margrethe