TRE, FOTBALL OG EI LITA HAUSTGLEDE

Kjære folk!

God sundagsmorgon!
Eg har sagt det før, og eg seier det igjen; dersom morgonen har byrja litt trått, er det aldri for seint å få ein god start på dagen. 

Bloggen i dag blir korkje tung eller vanskeleg, men fleire tusen milliardar tre er kanskje verdt eit blogginnlegg? Og korleis står det til med mi manglande fotballinteresse?

Eit sitat eg vil dele
I dag er altså ordet mitt «tre». Ikkje som i ein-to-tre, men som i ei stamme med greiner på. 

Eg har to venninner som er spesielt opptekne av tre. Den eine av dei nektar å hogge ned treet sjølv om det har vore daudt i årevis. Den andre let att augo og klemmer trestammene. 
Eg er meir der at eg likar suset frå skogen, nyt å vandre der, synes tre er vakre og veit kor nyttige desse trea er. 

Her er eit tre i vårskrud og nokre gamle furutre på Sundreberget i Ål:

«Om trær som vokser seg skakke i trange, skyggefulle hager,
men som likevel (eller nettopp derfor)
gjør inntrykk og som man husker livet ut

Det var dette sitatet frå Rune Christiansen som var utgangspunktet for at eg byrja å sjå nærare på dei trea eg møtte på. 
Her er to bilete av tre som har «valt seg ut» litt kronglete og karrige stader å vekse opp på.

Før eg sette meg for å skrive dette, prøvde eg å lese meg opp og vart litt meir hekta på desse trea enn det eg var før. 
Her har du nokre kjekke fakta:

  • Eit tre er jo ikkje berre eit tre. Det er eit økosystem. I eit einaste tre kan det visst bu fleire hundre ulike artar, – slike som flaggermus, fuglar, insekt, sopp, lav og mose.
  • Tre er dei lengstlevande organismane på jorda. Eg las ein stad at nokre tre kan leve i fleire tusen år.
  • Eit tre kan drikke fleire hundre liter vatn dagleg.
  • Det er rundt 3000 milliardar tre i verda.
  • I Noreg kan ei gran bli heile 50 meter høg.
  • Dei vanlegaste årsakene til at tre døyr er soppangrep, insektangrep og stormfelling.

Her er Einar Skjæråsens dikt «Om styrke»:
Fire furu`r frampå stupet.
Kan du skjønne liv kan gro her.
Havet under: Stormen vrir dem.
Himmel over: Sola svir dem.
Men de står her som de stod her.

Sjå det krøkte, viljestive:
Klor deg fast og heng ved livet.

Fire arge furu-kaller
Ytterst utpå armodsjorda.
Je vil døpe dem og sette

namn som ryk tå slit og svette:
Per og Halvor, Lars og Ola.

Lær tå dem. Ta det. Bær det.
Stritt og sterkt og hemkjært er det.

Dette har eg tenkt på denne veka
Det har vore nokre travle fotballveker, og det kjem til å bli ein travel fotballhaust. Her i heimen har me vore gjennom sluttspelet i Europa-league og i Champions-league for både damer og herrar. I tillegg har både tippeligaen og Obos-ligaen spelt sine kampar, – alt svært komprimert på grunn av koronaen. Sist fredag rulla landslagsfotballen i gang att og.

Eg har ofte undra meg over kvifor så mange elskar fotball. Eg har leita etter svar og funne desse forklaringane:

  • Folk frå alle samfunnslag ser på fotball. Fotball fungerer som eit slags lim i samfunnet sidan folk med høg og låg utdanning og både unge og gamle ser fotball saman.
  • Fotball er noko alle kan diskutere og vere saman om sjølv om dei ikkje har noko anna felles.
  • Ein fotballkamp er som ei god historie med høge spenningskurvar, overraskingar og mange duellar mellom spelarane.
  • Spelet er lett å forstå samstundes med at det er mange detaljar å fordjupe seg i.
  • Media er i stor grad med på å forsterke interessa for fotball.
  • Nokre blir fanga av det estetiske, andre av systematikken medan atter andre blir fasinerte av sjølve «striden» mellom motstandarlaga.

No har eg lista opp seks gode grunnar til å elske fotball. Kvifor har då ikkje eg forelska meg? Kvifor ser eg berre eit tjuetals personar som spring etter den same ballen?

Eg kan alle reglane, så det er ikkje innsikt eg manglar.
Eg har stor sans for både estetikk og systematikk.
Eg har budd saman med menn (inkludert far min) i tre livsfasar, og alle tre har elska fotball.

Kanskje eg må skaffe meg eit favorittlag i staden for å irritere meg over den elleville pengebruken og fotball-lønningar i 100-millionklassen?
Eller ville det hjelpe å bli stor-fan av ein fotballspelar og lese alt eg kjem over om denne personen i staden for å bli forarga over det høge talet avissider med fotballstoff? 

Eg har sansen for den tyske trenaren til Liverpool, Jürgen Klopp, men det hjelp ikke stort på fotballinteresse.

Men eg  ikkje like fotball, må eg vel? Det går heilt fint utan mi fotballinteresse så lenge me har plass til to TV-apparat i heimen. 

***

No når det nærmar seg den tida då solskinsdagar med rundt 20 varmegrader er historie for i år, gjeld det å finne fram dei små haustgledene. 

Dei siste dagane har eg sanka frø på blomsterenger og i grøftekantar. Planen er å få til mi eiga vesle eng i ein del av hagen neste sumar. Eg trur det vil bli endå meir morosamt, og mestringskjensla vil bli endå større med sjølvplukka frø enn dersom eg gjekk og kjøpte dei.  Langtidsplanlegging, tenkte eg, det er sikkert lurt. Så får me sjå.

Eg har fått tilbakemelding frå ei som les bloggen min kvar helg om at sundagsbloggane mine ofte er litt lange. Eg trur ho har rett. Denne sundagen har eg difor berre to overskrifter. Kanskje eg bør ha det slik framover? Eller bør eg gå attende til berre eitt tema både laurdag og sundag eller kanskje spre det utover fleire dagar? Eg tek gjerne imot fleire meiningar om både dette og alt anna.

Dei er vakre, desse septemberdagene.

Ha ei god septemberveke, kjære lesar! Heile veka!

Helsing frå Karen-Margrethe

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: