Kjære folk.
Då eg sette meg ned for å setje saman denne bloggen, var det plutseleg ingenting som fungerte slik det skulle. Bileta ville ikkje flytte på seg, og eg fekk melding om at «lagring lot seg ikke gjennomføre». Dette er slikt som gjer meg superirritert. Eg hatar datatrøbbel. Dette gidd eg ikkje meir-tanken kom, eg slo av heile skiten og gjekk for å hente meg ein kopp kaffi. Då eg, etter nokre minutt med roleg inn- og utpust, sette meg ned att, fungerte alt, – men nytt og annleis.

Det er kanskje med datamaskiner som med dei fleste andre ting her i livet; dersom me trykkjer på av-knappen eller koplar av ei for stund, så verkar alt som normalt att. Slik er det vel med deg og meg og.
Eit nyhende som har fanga merksemda mi
«Har koronapandemien påverka likestillinga?» las eg ein dag for ei stund sidan. Eg syntes dette var eit litt merkeleg spørsmål heilt til det gjekk opp for meg at svaret utan tvil var «ja», og at pandemien faktisk har ført til forsterking av gamle kjønnsrollemønster.
Ein Fafo-rapport frå april viser at korona-krisa har forsterka den kjønnsulikskapen som eksisterer i norske heimar. Kvinnene har gjort mykje meir husarbeid, inkludert omsorg for born, enn mennene, medan menn har hatt hovudansvaret for reparasjonar og vedlikehald.
Ja, og kva så, spør du kanskje. Er det så farleg om det er slik? Sjølvsagt er det farleg! Sidan det er slik i denne verda at alt heng saman med alt, er det ein tett samanhang mellom likestilling i heimen og likestilling i arbeidslivet.
I Dagbladet 20. august kunne eg lese at under nedstenginga av Noreg, auka antalet artiklar frå mannlege tilsette ved Oslo Met kraftig, medan bidraga frå dei kvinnelege tilsette hadde ein like markant nedgang. Me treng ikke lure på kvifor det var slik.

Men endå verre enn dårlege tider for likestilling i heimen, er dette: For mange er heimen den farlegaste staden dei kan opphalde seg. Valdsforsking viser at valden i heimen aukar medan det pågår kriser, og at det fortset slik i inntil to år etterpå. Skremmande, men slik er det. Likevel står krisesentra i Noreg mest tomme. Denne delen av hjelpeapparatet har det uvanleg stille. Det bør me bekymre oss for.
Til og med FN slår alarm i ein rapport som peikar på ei rekke område der likestillinga kan kome til å lide:

Koronakommisjonen, som blant anna skal kartlegge dei samfunnsmessige konsekvensane av pandemien, må ha likestillingsperspektivet med i vurderinga si. Det er fleire kjønnsspørsmål me må få svar på:
- Bør likestillingsperspektivet vere med i vurderinga når arbeidsgjevar bestemmer kven som skal ha heimekontor og kven som bør få kome attende til arbeidsplassen?
- Kva må til for at hjelpetelefonar og krisesenter blir tatt i bruk i nasjonale krisesituasjonar?
- Det ser ut til at gutane er ramma sterkare enn jentene av den digitale heimeskulen. Dersom det viser seg å vere slik, kva kan gjerast?

Til det siste spørsmålet må eg legge til at kjønnsforskjellar i skuleprestasjonar må vere ei bekymring for både skuleeigar og politikarar. Det viser seg at når dei unge går ut av grunnskulen, skårar jentene høgare enn gutane i 12 av dei 13 fellesfaga. Slik har det vore lenge og er ikkje berre ei korona-sak. Her må det systematiske forsøk til.
Eit ord å snu og vende på
I dag har eg valt å skrive om ordet «fasade».
Kor opptekne er me av fasade og sosiale spelereglar?
Gløymer me å kjenne etter korleis me eigentleg har det når me prøver så godt me kan for å passe inn?
Er me skodespelarar i eige liv?
Eg synes dette er vanskelege spørsmål, og eg veit heller ikkje heilt om eg har gode svar. Å bli sett av andre som den me er, er jo noko heilt anna enn å bli sett som den me ynskjer å vere, – for me spelar vel ei rolle av og til alle saman, ikkje sant? Me tek vel på oss ei maske innimellom og lét som, – gjer me ikkje? Det seiest jo at me er heilt oss sjølve berre når me er heilt aleine.
Dei to bileta eg vågar å legge ut her no, er tekne med omlag 24 timars mellomrom. Det er vel ganske klart at det berre var på det eine at eg hadde anledning, krefter og helse nok til å orke å passe på fasaden.


Heilt ærleg tala; kor opptekne er me av fasaden vår? Sanninga er jo at liva våre ikkje alltid er «ein dans på roser». Er det greitt å innrømme eit nederlag av og til? Er det viktigare at alle trur at me er lukkelege enn at me verkeleg er det?
På Facebook og Instagram presenterer me som oftast glansbileta vår. Sanninga er jo at sjølv i dei lukkelegaste familiane er det problem, irritasjon, sorg og konflikt. Eg er redd for at all denne iscenesettinga av liva våre gjer at mange går rundt og kjenner på at dei ikkje strekk til, – ikkje er gode nok.
Framstillinga av livet må i alle fall ikkje bli viktigare enn innhaldet i livet.
Eg siterer Store Norske Leksikon:
«Fasade betyr utseende eller en ytre fremtoning som dekker over noe. Man kan for eksempel kle seg i løpeklær uten å løpe eller trene, da har man en sportslig fasade, mens man bak fasaden ikke er sportslig.»
Frå Verdens Gang 20.04.1949:
«det er nå engang så at nypressede bukser og hvit skjorte ikke forteller om annet enn et ønske om å holde fasaden i orden.»
Me veit jo at fasaden spelar ei lita rolle samanlikna med det som finst innanfor. Så kvifor er me likevel opptekne av korleis me framstår? Kvifor brukar me så mykje pengar på alt slikt som gjer utsida blank og fin?
Dette er ikkje den fyrste gongen eg skriv om desse fasadane våre. Då eg for mange, mange år sidan låg nokre veker på sjukehus på tre«manns»rom, skreiv eg dette i dagboka mi:
«Det er rart –
i en sykehusseng blir du fullstendig uten identitet.
Her er du bare en pasient uten skall.
Alle klær, all sminke, – ja selv frisyren er borte.
Vi må snakke sammen for å finne ut.
… helt til familien kommer på besøk og viser fram fasaden din.»Eg
Me vil jo gjerne vere ærlege personar som vågar å stå opp for eigne verdiar. Me veit jo at kva me har lese er viktigare enn kva me har utstilt i bokhylla. Me veit at det smilet som når augo er vakrare enn det som blir smilt med perfekte lepper. Me veit at stemninga inne i heimen er viktigare enn om det er asfalt eller grus i innkøyringa.
Men er det feil å ynskje å skape eit godt inntrykk av seg sjølv?
Kanskje det er best å ikkje plundre for mykje med slike tankar og heller gjere så godt me kan med å vere gode medmenneske for kvarandre.
Ei lita kjensle
Lukke på ein stig
Å gå på ein stig
utan å vite
kva som vil hende
bak neste sving,
kjenne det mjukaste graset
mot leggane
og håpe
på ingenting.

***
Eg ynskjer alle som les dette ein minnerik laurdag, – ein laurdag med sekund det er verdt å ta vare på. Gode minne kan me ta fram att og hygge oss med gong etter gong. Dei let seg ikkje bruke opp.

Helsing frå Karen-Margrethe