LIKESTILLING I KORONATIDER, FASADE OG LUKKE PÅ EIN STIG

Kjære folk.

Då eg sette meg ned for å setje saman denne bloggen, var det plutseleg ingenting som fungerte slik det skulle. Bileta ville ikkje flytte på seg, og eg fekk melding om at «lagring lot seg ikke gjennomføre». Dette er slikt som gjer meg superirritert. Eg hatar datatrøbbel. Dette gidd eg ikkje meir-tanken kom, eg slo av heile skiten og gjekk for å hente meg ein kopp kaffi. Då eg, etter nokre minutt med roleg inn- og utpust, sette meg ned att, fungerte alt, – men nytt og annleis.

Det er kanskje med datamaskiner som med dei fleste andre ting her i livet; dersom me trykkjer på av-knappen eller koplar av ei for stund, så verkar alt som normalt att. Slik er det vel med deg og meg og.

Fortsett å lese «LIKESTILLING I KORONATIDER, FASADE OG LUKKE PÅ EIN STIG»