FANTASI, FJELLFLORA OG DET ER ALLTID EI ÅRSAK

Kjære folk!

God sundagsmorgon!
Er det slik at kvar dag er som eit blankt ark, og at eg kan velje kva slags fargar eg skal fylle det med? Til ein viss grad er det vel slik, sjølv om eg ikkje er aleine om å velje fargar. Det er jo ingen av oss.
No er klokka snart 8. Eg pleier å leggje meg rundt klokka 23. Eg har altså 15 timar i dag som stort sett er mitt eige ansvar å fylle med dei fargane eg ynskjer at dagen min skal ha, – for meg sjølv og for dei eg har rundt meg.

IMG_6183

Eit sitat eg vil dele
Eg likar meg godt når eg er så heldig at eg finn noko fint som eg ikkje har leita etter. Det skjedde her ein dagen då eg sat og las om store oppfinningar og kom over desse to sitata:

Astrid Lindgren:
«Alt stort som skjedde i verden, skjedde først i et eller annet menneske sin fantasi

Albert Einstein:
«Fantasi er viktigere enn kunnskap

Då let eg oppfinningane liggje og gjekk over til å undre meg over fantasien. Som så ofte elles fann eg fleire spørsmål enn svar.

Dersom fantasien er så viktig for alle nyskapingar til alle tider, kvifor har me då eit kunnskapsdepartement og ikkje eit kunnskaps- og fantasidepartement?

Aristoteles definerte fantasi som evna til å lage indre bilete. Han meinte at evna til å fantasere er ein av dei eigenskapane som skil oss frå dyra. Dette er logisk for meg. Me kan då vel ikke finne opp noko me ikkje fyrst har fantasert oss fram til, eller er det nok å vite, kalkulere, rekne og forske? Platon derimot meinte at det han kalla imaginasjon var den funksjonen til sjela som stod lågast fordi den drog sinnet vekk frå det verkelege og inn i slikt som ikkje finst.

Då lurar eg på om ikkje for mykje av samfunnet er tufta på slike som Platon. Favoriserer vi alt det fornuftige samstundes som me har mistillit til fantasien?
Eg veit ikkje mykje om dette og kan berre svare ut ifrå meg sjølv. Eg veit at når eg les ei bok, lagar eg meg ei verd inne i mitt eige hovud. Eg ser ting, har kjensler eg elles ikkje ville ha hatt og let meg rive med. Dette er det fantasien som hjelper meg med. Når eg legg frå meg boka, har eg vore ein annan stad, kjent på korleis det er å vere eit anna menneske, og eg har kanskje forstått at alt ikkje treng å vere akkurat slik eg har det for at det skal vere bra.

IMG_5991

Bør me ta fantasien meir på alvor?
Eg berre spør.

Ei oppleving eg vil bere med meg vidare
Alle som går i fjellet ser at vegetasjonen kan endre seg frå stad til stad, og at nokre artar er mykje meir vanlege enn andre.

Som alt anna liv på jorda, har også fjellplantene som mål å reprodusere seg og bringe genane sine vidare til neste generasjon. Dei som ikkje har lukkast med dette, finst ikkje på fjellviddene våre.

På høgfjellet må plantene tåle å vekse på svært lite gjestmilde stader. Vinteren er lang, sumaren er kort, og allereie i september er frosten der. Dei plantene som veks i fjellet må like seg når sumaren er kort og kald.

Eg har vener som kan mykje om floraen i fjellet. Dei siste fjellturane mine har eg, i mangel på nokon å spørje, hatt med meg «Fjellfloraen» og hygga meg med å finne namnet på og lære meir om dei plantane eg har funne. Desse her har eg fotografert 1135 meter over havet langs Fagerdalsvegen på tur mellom Hovet og Rødungen:

IMG_6034
Tyrihjelm blir mellom 75 cm og 1,5 m høg.
IMG_6045
Fjellkattefot, står det i Fjellfloraen, men eg har alltid kalla denne planta Harelabb.
IMG_6044
Tettegras har tjukke, kjertelhåra blad, som fangar små insekt. Du ser dei der nede i graset.
IMG_6035 2
Harerug. Kanskje den eg likar aller best. Liten og ikke direkte vakker, men står der rett i ryggen utan å gje seg.

Dette har eg tenkt på denne veka
Det hender eg tenkjer på han, som på veg ut av klasserommet, sparka skulesekken til klassekameraten sin bortover gangen, og som i det eg gjekk forbi ropte «fuck you, drittkjerring!»
Han hadde kanskje for fjortande gong prøvd å få betre enn ein toar på ei engelskprøve, og dagen før hadde han kanskje fått høyre at dei skulle flytte att, – heilt til Bergen denne gongen.
Det er alltid ei årsak.

Ganske ofte tenkjer eg på han, som av og til når pleiarane hadde stellerunden sin, banna og slo etter dei, –  og som aldri ville ete saman med dei andre bebuarane. Ikkje eingong på julekvelden.
Då kona hans døyde, kunne han ikkje felle ei einaste tåre og han klarte aldri å vitje grava hennar, men sorga sat som ein stor og hard isklump i han.
Det er alltid ei årsak.

IMG_6205
Stemninga var ofte god når han fekk vitjing av famile.

Men kva skal me tenkje dersom det dreier seg om noko mykje meir alvorleg enn å vere umogeleg og slenge litt med kjeften? Kva dersom det dreier seg om kriminalitet? Skal me då og ta utgangspunkt i at det alltid er ei årsak? Sjølvsagt skal me det, tenkjer eg. Årsakene til kriminalitet er avgjerande for kva slags tiltak samfunnet skal setje i verk for å førebygge kriminaliteten.

Statistikken viser at det er overvekt av folk med låg utdanning, med trøblete bakgrunn og utan jobb som hamnar i fengsel. I 2007 skreiv Justis- og politidepartementet slik: «En aktiv og helhetlig velferdspolitikk er nødvendig for å forebygge og bekjempe kriminalitet.» Sjølv om samfunnet ikkje kan ordne alt, så gjeld vel dette sitatet framleis. Det handlar blant anna om gode oppvekstvilkår, utjamning av ulikskap, likeverdige skuletilbod for alle, gode helsetenester, arbeid for alle osv, osv.
Det er alltid ei årsak.

IMG_6172

I eit debattinnlegg i Dagbladet 18. august skriv leiar av Oslo Arbeidersamfunn,  Zaineb Al-Samarai, dette: «Hvis du tror at trangboddhet og det å leve i fattigdom ikke påvirker valg du gjør seinere i livet, så har du aldri vokst opp i det miljøet selv.
En slik bakgrunn kan aldri bli noen unnskyldning for dårlige valg du gjør, men det er en forklaring. Og når vi kjenner forklaringen – har vi ikke da en plikt til å forsøke å rette på det?»

Det er alltid ei årsak. Det er ikkje det same som at det er ei unnskyldning.
***

Denne sumaren, som me no er i ferd med å legge bak oss, har vore fylt med mange utflukter i såpass kort avstand heimanfrå at dei ikkje har kravd overnatting. Dei fleste ferieturane har ikkje vore lengre enn ut i hagen. Der er det framleis ganske mange som fortener litt merksemd.

 

Det er mykje tid att til fine opplevingar ute framover og framleis tid til seinsumargleder. Eg oppmodar alle til å nytte dei anledningane som byr seg til å gå ut og nyte det som er att av sumaren. Den er her framleis.

Eg ynskjer dykk alle ei god seinsumarveke.

Helsing frå Karen-Margrethe

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: