NY MATPOLITIKK, DIGITALISERING OG NOKO SKJEDDE

Kjære folk!

Allereie 15. august såg eg den fyrste, vesle grågåsplogen flyge over oss her på fjellknausen vår. Sumaren er på hell, men eg gjer alt eg kan for å få med meg den siste slumpen av sumar.
Når eg sit, frisk som ein fisk med nakne føter i graset, har eg ikkje mykje å klage over.

IMG_6204
Berrføtt i graset betyr at det framleis er sumar.

I går, då den lilla neglelakken min poserte for fotografen, var véret varmt nok til sitje slik og vifte med tærne. I dag må det nok til både sokkar og sko for å trivast ute. Eg trur rett og slett det blir mest inneaktivitetar denne laurdagen. Men fyrst skal eg skrive litt om heilt andre ting enn vér og tær.

Eit nyhende som har fanga merksemda mi
Både aviser og kulørt vekepresse har dei siste vekene fortalt oss korleis me raskt kan kvitte oss med dei ekstra korona- og feriekiloane.
Her er eit utsnitt frå ei Dagbladframside:

IMG_6016

I juli kunne me lese avisoppslag om at britane er feitare enn alle andre i Europa og at Boris Johnson vil ta grep for å slanke det britiske folket. Han meiner at han dermed vil spare både menneskeliv og pengar.

Korleis står det så til i Noreg?
I ein kronikk i Aftenposten 16. januar skreiv Gunhild A. Stordalen og Line Gordon at det døyr fleire av feil kosthald i Noreg enn av tobakkskader. Berre 14 prosent av dei vaksne i landet vårt et nok grønsaker, og berre eit mindretal fylgjer dei norske kosthaldsråda.
I fylgje Helsedirektoratet kostar dette samfunnet vårt over 150 milliardar helsekroner i året.

Det seiest at nye råd om kosthald er på veg. Spesialistar frå dei nordiske landa skal oppdatere seg på tusenvis av sider med ny forsking om kva slags mat som er viktig og bra for oss.

På helsedirektoratet.no finn eg dette om «overvekt og fedme»:
«Økende overvekt og fedme bidrar i stor grad til sykdomsbyrden i de Nordiske land. Vektreduksjon for overvektige og opprettholdelse av sunn kroppsvekt vil derfor også få et økt fokus i de nye anbefalingene.»

Me treng kanskje meir kunnskap og ein folkehelsekampanje. Må det til ein ny matpolitikk? Mange påstår at det er dyrare å ete sunt enn usunt medan andre seier at dette er berre tull, – kva er sant? Kva med reklame for søtsaker? Burde det innførast eit forbod mot usunn reklame retta mot born og unge? Er det greitt at alle freistingane er plassert i nærleiken av kassa eller bør daglegvarekjedene flytte søtsakene til eit anna område?

Treng me ein Boris Johnson-strategi i Noreg og?

Eit ord å snu og vende på
Det hender at eg ynskjer at det heile er ein draum, – at det ikkje er sant at røynda er som den er. Men det er ho. Ordet mitt i dag er digitalisering.

Når barnebarna set seg ned ved farmor sitt kjøkkenbord for å gjere lekser etter pannekakemiddagen, er det utan bøker å lese i, utan blyantar, viskelær og skrivebøker. Dei sit med kvar sin laptop og leitar fram tekstar som kjem opp på skjermen for deretter å forsvinne like fort som dei kom. Borna har ingen linjer som pekefingeren kan fylgje når dei les, og ofte les dei berre til dei har funne det svaret dei leitar etter. Dei har ingen skrivebøker der dei kan teikne border, og der læraren kan stemple stjerner i margen. Lekser blir levert digitalt. Borneborna mine er digitaliserte, og det er ikkje like lett å få dei til å krype inn i armkroken for å øve på leseleksa som det var då dei øvde og lærte med papirbok i fanget.

IMG_6181

Forsking rundt digitalisering i skulen gjev sprikande svar på om utviklinga er god eller ikkje. Der spørs sjølvsagt blant anna på kva forskarane spør etter og ynskjer å finne svar på. Har nokon for eksempel forska på kva elevane går glipp av? Eg er redd me gjer ein gedigen tabbe dersom me ikkje set dette på pause og tenkjer oss litt om. Skal ord som for eksempel skriftforming og fargeblyant på museum? Kva gjer digitaliseringa med elevane – som menneske? Den digitale skulen var bra å ha under korona-nedstenginga, men det kjem forhåpentlegvis mange normale skulekvardagar etter kvart.

I sumar har eg snakka med mange besteforeldre som har hatt barnebarna sine saman med seg i ei av ferievekene. Dei har alle vore opptekne av det same; å prøve å unngå at born og unge sit med all merksemd inn mot ein skjerm store delar av døgnet. Me veit alle kva dei går glipp av.
Eg lurar på kva digitaliseringa gjer med for eksempel samarbeidsevna og empatien til den slekta som no veks opp. Korleis vil barnebarngenerasjonen bli som leiarar, sjukepleiarar, generalar og barnehagelærarar?

IMG_6177
Visste du at Noreg har eit digitaliseringsdirektorat? Det vart oppretta 1. januar 2020 og har som oppgåve å bidra til raskare og meir samordna digitalisering av offentleg sektor.

I augustutgåva av «Pensjonisten» blir det slått stort opp at «rundt 400 000 eldre over 67 år bruker fortsatt ikke data. Men mange gjør nå en innsats for å bryte ned den digitale generasjonskløften i samfunnet vårt.»

Eg forstår bekymringa. Det er viktig at alle innbyggjarar får delta i demokratiet. Eg forstår at det er naudsynt med opplæring slik at ingen blir ståande utanfor det digitale samfunnet. Men eg er faktisk like, om ikkje meir bekymra, for ein annan type utanforskap som ei total digitalisering kan føre med seg. Det vil vere eit marerittaktig tilvere å ende opp i ein bustad for eldre der ein robot gjer husarbeidet, ei datamaskin er samtalepartnaren og du ein gong innimellom får eit nettmøte med ein som er proff på digital eldreomsorg.

Me må ikkje berre digitalisere. Me må bevare óg, – for ikkje å miste det umistelege som lett kan digitaliserast vekk.

Ei lita kjensle

Det skjedde noko
eg veit ikkje når
eg veit ikkje kva,
men det er her no:
den langsame gleda for
slett ingenting,
korte innpust eg kallar lukke

Eg kan
gå lange turar,
finne ørsmå under
under flate steinar,
lytte til langspelplater
og fylgje kvar akkord,
lese lange tekstar
og tenkje etter

Langsam glede
Innpust av lukke

Eg trur det var alderen
som skjedde
Eg har tid
og rom som eg tidlegare har hasta forbi
står no
med opne dører.

IMG_5882
Ved Øvresetertjern i nærleiken av Frognerseteren

***

Kva skal til for å kjenne på litt glede? Kanskje eitt av svara kan vere ein stor potet.
Denne har eg bakt i steikeomnen og lagt oppå litt Oatly iMatFraiche (du kan sjølvsagt bruke rømme eller creme freche i staden). Eg har blanda inn dei urtene og det krydderet eg likar smaken på.

IMG_6189

Ei lita glede er óg ei glede.
Eg ynskjer at alle dei som les får ein laurdag med minst ei lita glede.

Helsing frå Karen-Margrethe

 

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: