Kjære folk!
God sundag!
23. august er den siste av hundedagane. For ikkje så altfor lenge sidan meinte folk at dersom det kom regn denne dagen, ville det kome til å regne i fire veker.
Her hos meg ser det slik ut i dag, og yr.no seier dette om véret her:
Det ser altså slett ikke så aller verst ut for dei komande vekene, – i alle fall vérmessig.
Eit sitat eg vil dele
Livet kan vere eit slit. Det kan kome tider då dagane berre kjennes tunge og vonde å kome seg gjennom. Då er det lett å tenkje at det aldri nokon gong kjem til å bli bra att.
Desse siste vekene har eg med ujamne mellomrom høyrt Sandra Lyng synge sumarens mest banale og klisjéfylte tekst:
«Eg kan ikkje lov at du får
nye tanka om i går,
men tida lege alle sår
for sola skinner, den vil skinn igjen.
(…)
Eg har en tanke du kan tenk litt på.
Bakom skyan der er himmelen blå.
Det er en ting vi må forstå
Det du høster det er det du sår.»
Ingen kan vel skulde tekstforfattaren for å ha produsert god poesi. Den fyrste gongen eg høyrde songen på radio vart eg nesten irritert. Men etter kvart har eg tenkt at ho har eit poeng eller to her, ho Sandra, – har ho ikkje? Er det så nøye om det ikkje alltid er så godt sagt dersom det er godt meint?
Ein av desse varme og nesten vindstille sumardagane sat eg under parasollen med Sandra Lyng på radio og Dagblad-Magasinet mellom hendene. Medan ho song «Det bli bra igjen», las eg om ein som hadde funne att gleda i livet sitt. Han hadde fylgjande råd å gje oss:
- Ikkje la det bli for mykje eller for lite av noko. Finn balansen mellom kvile og aktivitet, leik og alvor, aleinetid og sosial tid, arbeid og fritid.
- Skil mellom kvardag og helg
- Gjer ting som tidlegare i livet har gjort deg glad
- Ver nøye med kven du vel å vere saman med. Vel dei som gjer deg godt.
Eg trur dette er gode råd.
Kvifor skal eg irritere meg over ein banal songtekst. Eg vel heller å synge med.
Ei oppleving eg vil bere med meg vidare
Er det mogeleg å bli glad i ein av personane i ein film eller ein serie?
Å bli glad i er kanskje å overdrive, men er ikkje det at me får kjensler for rollefigurane ein av grunnane til at me synes at ein film er god? Eg er overtydd om at å leve seg inn i rollefigurane sin situasjon og føle noko av det same som personane i filmen, har mykje å seie for filmopplevinga.
Dersom eg ikkje likar hovudpersonen noko særleg, blir eg heller ikkje så interessert i å sjå korleis det går med han eller henne. Slik er det med romanar og. Eg må halde med hovudpersonen.
Empati er å forstå kjenslene til andre menneske. Dersom ein film eller ein roman ikkje vekkjer empatien i meg, blir ikkje opplevinga like sterk.
Når eg les ein god roman, blir eg trekt inn forteljinga. Slik vil eg gjerne at eg også skal oppleve det når eg sit i kinosalen eller heime i sofaen med ein film eller serie på skjermen. Eg veit at dei store, kommersielle filmselskapa brukar alle dei verkemidla dei har til rådigheit for at publikum skal kjenne på kroppen alt det rollefigurane opplever. Eg veit at dei gjer kva dei kan for å få meg med på notane, – og eg nyt det.
Forskarar har funne ut at å lese romanar styrkar dei empatiske evnene våre. Filmopplevingar kan gjere det same.
Eg er ei av dei mange som har sett «Et sted å høre til» på nrk-tv denne sumaren. Eg har fått innblikk i tabubelagte område, problemstillingar og familiehemmelegheiter. Eg har blitt forferda, lei meg, glad, sint og rørt, og eg har levd meg inn i kjenslene til fleire i persongalleriet.
Eg kjenner faktisk at eg har blitt spesielt glad i Elisabeth Bligh/Goddard.
Det kjem nok til å gå over. Andre står i kø for å overta. Eg har mange , både i bokhylla og hos streamingtenestene som ventar på at eg skal forelske meg.
Det er fint å ha det slik.
Dette har eg tenkt på
Å gå ein tur kan vere god medisin mot både det eine og det andre. Det vart me gjort merksame på då me tusla rundt i Trondheims gater i sumar. Der var det nemleg måla oppfordringar på asfalten om å gå.


I tillegg til at gåing er bra for å lære, er det sjølvsagt bra for helsa, – både den psykiske og den fysiske:
- Ein gå-tur kan gjere deg klar i toppen – særleg dersom du går i naturen. Nye tankar og idear kan finne vegen fram og ta plass i tankestraumen.
- Forsking har faktisk vist at det er minst like effektivt å kjempe mot depresjon med regelmessige gå-turar som med medisin.
- Sjølvsagt er det slik at dersom du går ofte, blir beina dine sterkare, kondisjonen betre og du forbrenn fleire kaloriar enn om du sit i ro.
I tillegg til alle desse fordelane synes eg at det fine med å gå er at eg ikkje treng å vitje eit treningssenter, det er heilt gratis, eg treng ikkje fancy utstyr av noko slag og eg kan gjere det kvar som helst og når eg sjølv vil.
Eg likar godt å gå, og eg veit om alle desse fordelane ved å gå som eg no har ramsa opp. Kvifor har eg det likevel då ofte slik at det er eit tiltak å få på seg skoa og kome seg ut? Det lurar eg verkeleg på.
***
Det hender at eg funderer over kva som er meininga med dette vesle livet.
I dag tenkjer eg at meininga må vere å leve slik at nokon er glad for at eg er til.
Eg ynskjer alle ei god veke!
Helsing frå Karen-Margrethe