Kjære folk!
– Kva for ein dag er det i dag?
– Det er i dag, svara Nasse Nøff
– Favorittdagen min, sa Ole Brumm.
Det er ikkje alle dagar det passar å starte med eit slikt A. A. Milne-sitat, men i det siste har eg gledd meg slik til denne dagen at det passar så godt. Det er bloggedag i dag, og det kjennest som veldig lenge sidan sist.
Eg håpar de alle har hatt ein framifrå sumar. Det har eg, og no har eg skrivekløe.
Mange av dei fyrste tekstane mine vil naturleg nok bere preg av slikt eg har opplevd, lest og tenkt desse sumarmånadene. Og kort fortalt kan sumaren min summerast opp med dette biletet:
Eit nyhende som har fanga merksemda mi
Eg hadde både trudd og håpa at koronasmitte ikkje skulle vere noko av det fyrste eg skulle skrive om etter at bloggen min hadde hatt sumarferie. Men no stig uroa i takt med at det stadig blir avdekka nye, alvorlege smittetilfelle. Det kan dessverre sjå ut som om me tek lettare på tiltaka mot smitte no enn det me gjorde då alvoret seig innover oss i mars. Eg har innimellom tenkt mykje på dette med smittevern og på den personlege fridomen som me set så høgt.
Fleire meiningsmålingar viser at ein stor del av oss var kritiske til dei endringane i restriksjonane som regjeringa innførte i sumar då grensene vart opna. Det burde vel då bety at det også er brei folkeleg oppslutning om ei stram linje no i kampen mot pandemien, eller? Det er ikkje til hjelp for nokon om me klagar og seier at regjeringa ikkje skulle ha slept oss ut på ferie utanfor landegrensene. Det nyttar heller ikkje å finne andre å skulde på.

Me ynskjer alle å kunne vere sosiale og gjere akkurat slik som me sjølv vil, men samstundes vil vel ingen av oss attende dit me var i mars/april. Myndigheitene kan ikkje pålegge oss å vaske hendene, – reine hender og ein meter avstand er eit ansvar me må ta kvar og ein av oss. Dersom me så raskt som mogeleg skal få leve liva våre slik me ynskjer å gjere det, må me alle halde smittevernreglane. På den måten kan me leve så normalt som mogeleg i ei unormal tid.
Klarar me det? Klarar me å setje interessene til fellesskapet framfor interessene til den einskilde – til oss sjølv? Er ansvarskjensla vår sterk nok eller må det til meir tvang og mindre personleg fridom medan me ventar på ei vaksine?
John O. Egeland skriv slik i ein kommentar i Dagbladet 15. august:
«En gang neste år kan det komme en vaksine. I mange vestlige land, bl.a. USA og Storbritannia, er det sterk folkelig motstand mot en slik vaksine. Om nekterne blir mange nok, vil de ødelegge vaksinens effekt. Skal det brukes tvang mot dem som nekter, eller er det en menneskerett å si nei?»
Korleis står det til med solidariteten blant oss? Det er mange å sende tankar til; for eksempel sårbare ungar som treng skulekvardagen sin, gamle som er redde for å måtte døy aleine, kronisk sjuke som ikkje vil tåle å bli smitta og helsepersonell som har jobba hardt i fleire månader inntulla i verneutstyr.
Kor høgt set me den personlege fridomen til å kunne gjere som me vil?
Det må vel vere lov å vifte med peikefingeren mot dei som ikkje bryr seg og som ikkje tek smittevernreglane på alvor.
No i august vart Erna Solberg sitert slik:
«Det aller viktigste er hvordan du og jeg oppfører oss. At vi respekterer reglene.»
Så då gjer me som ho seier, ikkje sant?
Dette er eit ansvar me har saman, – alle saman.

Eit ord å snu og vende på
Eg har skrive om bruer to gonger før på bloggen min og no gjer eg det igjen. Det er så mange vakre bruer og det er og så mykje anna ved ordet «bru» som er vakkert. Å byggje bru har ei heilt eiga meining. Det handlar om å kome seg fram til noko eller nokon, å krysse hindringar og sørge for at to sider kan møtast og kanskje bli samde.
Det finnes mange slags bruer. Når eg er på fottur, stoppar eg alltid opp ei stund ved gamle steinbruer, – desse eldgamle bruene som er laga ved at steinar er tilhogde og stabla inntil kvarandre.
Denne sumaren brukte eg store delar av den eine feriedagen til å leite opp og finne gamle jernbanebruer av stein. Eg synes dei er så fantastisk flotte at eg må vise dei fram.
Jora Bru vart ferdig i 1919 og er ei jernbanebru på Raumabanen. Det er ei steinkvelvsbru. Det er den nest lengste steinkvelvsbrua i Noreg:

Stuguflåtbrua går over Rauma i Lesja kommune. I 1945 vart det gjort forsøk på å sprenge brua for å hemme tysk transport gjennom Romsdalen, men brua fekk berre mindre skader og vart opna att etter berre tre veker:

For å kome til Kylling bru måtte me gå ned ein svært bratt 250 meter lang stig, men det var verdt turen. Denne er blant dei mest kjende jernbanebruene i Noreg og er eit av dei største enkeltståande byggverka på Raumabanen:

Vakre er dei alle tre.
Eg anbefalar bruleiting.
Ei lita kjensle
Det er ikkje berre ungar
som snurrar.
Eg snurrar
når eg torer.
Då tek eg fram
ho som likar at kjolen står
som ein lampeskjerm
kring leggane.
Ho
som ler
berre difor.
Ho
som er den same som
ho
som hoppar i søledammar
og ler
då og.
Ho
som berre er
67.
***
I Dagbladet 28. juli vart Berit Marklund, som er professor i allmennmedisin og folkehelse ved Göteborg universitet, sitert slik:
«Det er veldig sunt med latter og å slippe de positive tankene fram. Optimisten lever i gjennomsnitt sju år lenger enn pessimisten.»
Ok. Klar melding!

Og då ynskjer eg alle som les dette ei glad og optimistisk helg.
Helsing frå Karen-Margrethe