Å SITERE, SPRÅK OG DISKRIMINERING

Kjære folk!

Då eg vakna i dag tidleg og høyrde regnet og vinden der ute, tenkte eg at det kan vere vérhardt dette livet. Så no, når hauststormane ristar i veggane våre, og regnet piskar mot rutene, då kan me kanskje alle prøve å gjere det litt lunare for kvarandre.

Eit sitat eg vil dele
I veke etter veke har eg sitert både levande og daude, kvinner og menn, politikarar, journalistar og diktarar, – utan å fundere nærare over om eg har lov til å gjere det. Er det greitt å ta for seg av slikt folk har sagt og skrive utan å spørje om lov?

For å vere heilt sikker, har eg leita etter svar på det, og funne ut at den som har skrive eller sagt noko, er eigaren av orda sine, men at alle har lov til å trekkje ut sitat frå tekstar som er publiserte offentleg så lenge ein fylgjer reglane om skikk og bruk: Sitat må skrivast korrekt og ein må oppgje forfattar og helst også kjelde. 
Det var vel akkurat slik me trudde at det var, og eg kan altså trygt fortsetje å gjere slik eg har gjort.


Sitatet kjem etter kvart, men fyrst eit dumt spørsmål: Når me passerar 67, blir me då passé?
Setningar som «du heldt deg jammen godt» og «du kan framleis ha mange aktive tiår framfor deg» er teikn på at dei snakkar med ein litt eldre person, ikkje sant? Og når du får alderspensjon i staden for løn for strevet, når gråhåra menn reiser seg for deg og spør om du vil sitje, eller når ekspeditøren seier «kanskje du heller vil prøve denne?» medan ho viftar med ein slik kjole som bestemor mi brukte og som eg aldri i verda kan tenkje meg å gå med, – då er det teikn på godt mogen alder, er det ikkje? Men passé? Sjølvsagt ikkje.

Eg vart glad då eg las det Thomas Seltzer svara då «Aftenposten Lørdag» spurte han kva som er det norskaste han veit:
«Svette damer på 65 som går på toget på Finse stasjon med røde anorakker, korte, praktiske frisyrer og innslag av hitech Gore-Tex. Det er veldig norsk og veldig fint. Hvis min datter ender opp sånn, har hun hatt et godt liv

Då vart eg glad og takksam for vasstette fjellsko, norsk natur, Bergensbanen og for det gode livet som eg framleis har. Det er slike sitat me skal bry oss om. Alt det me ikkje kan gjere noko med, det bør me ikkje bruke for mykje tid på å  bekymre oss for.

Dette har eg tenkt på denne veka
Kva skal me kalle kvarandre og korleis skal me snakke om kvarandre? Dette er ein språkdebatt, men det er også så mykje, mykje meir.

No heiter det ikkje «narkoman». Me skal seie «rusavhengig» eller «rusbrukar».
I dag snakkar me ikkje om folk som «åndssvake», – me nyttar «menneske med psykisk utviklingshemming».
Me skal seie «rom» og ikkje «sigøynar».
Eg vil gjerne gjere det som er rett, og eg gjer så godt eg kan for ikkje å støyte nokon.


Rasismedebatten har gjort samtalen vår om å finne dei rette orda svært aktuell. Ingen av oss vil gjere det slik at nokon kjenner seg krenka. 

Ein dag for nærare 40 år sidan, ringde det på døra. Borna mine var i den alderen då dei gjerne ville opne og ynskje velkomen inn. Det gjorde dei, men kom springande inn i stova att med fylgjande melding: «Det er ein mann. Me kjenner han ikkje og han har veldig stor nase.»

Born er som kjent ikkje opptekne av fargen på huda før dei blir gjort merksame på at det bør dei vere. Dersom dette hadde vore i dag, – korleis skulle eg ha omtala han som stod der på trappa og ringde på? Melaninrik? Svart? Farga? Mørkhuda? Eg innrømmer gjerne at dette ikkje er så enkelt. Eg spør meg òg om kvifor me absolutt må nemne hudfargen. Er ikkje for eksempel storleiken på nasen like vesentleg dersom me absolutt treng å fortelje om utsjånaden?

Alt dette ville ha vore enklare dersom det ikkje fantes forskjellsbehandling. Då ville det kanskje ikkje ha vore  nøye kva me kalla kvarandre. Men slik er det ikkje. Diskriminering finns og derfor blir språket så viktig.


Eg trur det er ein annan rikdom enn melaninrikdomen som også er grunnlaget for diskriminering. Eg spør: Får rike og fattige likeverdig handsaming i for eksempel rettsvesen og helsevesen i Noreg?

Eg kjende ein gong ein lækjar som skulle kjøpe seg hus. Han og kona hans kom til eigedomsmeklaren i slitte gummistøvlar og vindjakker som bar preg av mange turar i ver og vind. Dei fekk mange skeptiske blikk, men inga avtale om visning på ein av dei dyre boligane som var lagt ut for sal. «Dette er nok ikke et hus som passer dere», sa meklaren.

Reagerer me like sterkt dersom ei som jobbar i butikk blir klapsa litt på rumpa som dersom det same skjer med ei som underviser på universitetet?
Er det like interessant for avisene dersom han som vaskar blir usakleg oppsagd som dersom avdelingsleiaren blir det?
Står han som stel av naud og han som kan bruke store ressursar for å skjule økonomisk kriminalitet framfor lova som likemenn?

Eg trur det er viktig at me er merksame på at klassesamfunnet ikkje er noko som berre fantes for lenge sidan. 

Og dersom du er rik på melanin og samstundes fattig på pengar, … 

***

Til slutt i dag eit bilete frå ein krok i hagen. Skyene heng så lågt at dei heiter tåke, og lufta er full av bitte små vassdråpar. Vakkert er det likevel.

Eg ynsker for deg som les ei god veke der bekymringane tek seg fri.

Helsing frå Karen-Margrethe

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: