Kjære folk!
Eg er sikkert ikkje aleine om å av og til trenge både pusterom og albogerom. Det er godt å kunne finne seg slike stader og stunder utan å måtte forklare kvifor. Når eg går for meg sjølv for å skrive, kjenner eg meg heldig.

Eit nyhende som har fanga merksemda mi
Dette har vore veka for trontale- og budsjettdebatt. Like før desse debattane var media fulle av meldingar om at kløfta mellom rike og fattige i Noreg stadig blir breiare.
Ein ny rapport frå SSB viste nemleg at dei rikaste er langt rikare enn det me trudde, og at dei skattar mykje mindre enn det forskarane tidlegare har funne ut.
Den rikaste eine prosenten i Noreg får heile 19 prosent av all inntekt. Dei aller rikaste, 0,1-prosenten, altså berre 370 menneske, tener 6! prosent av all inntekt.
Og når det kjem til skatt er det like ille:
Dei aller rikaste, 0,1 prosent, altså ein liten promille av oss, betalar berre mellom 9 og 17 prosent skatt. Ein treng ikkje vere matematikarar for å forstå at me burde snakke mykje oftare og mykje meir om rettferdig fordeling enn det me gjer.

Det blir sagt ganske ofte at me lever i eit land med små forskjellar, men det viser seg at det sidan 2013 har vore ein dramatisk vekst i ulikskapen.
Det er både urettferdig og urimeleg at det skal vere slik. Når rikdomen er fordelt så ulikt, blir makta fordelt ulikt den og. Rike folk har mogelegheiter til å påverke samfunnet på fleire måtar enn det me andre har.
På det siste landsmøtet sitt foreslo Høgre å fjerne formueskatten. Det må berre ikkje skje. Samfunnsmodellen vår er avhengig av at alle skattar etter evne. Det skattesystemet me har i dag gjer at dei rike slepp unna med låg skatt medan rekninga blir sendt til vanlege arbeidsfolk. Når me no har fått prov på effekten av den måten rikdomen blir fordelt i Noreg i dag, må ansvarlege politikarar sjå på dette på nytt.
Det ser ikkje ut til at regjeringa vår har tenkt å bidra til å tette gapet mellom fattige og rike med det fyrste. I forslaget til statsbudsjett varslar dei kutt i formueskatten for dei rike og kutt i dagpengar for dei fattige.
Dette er djupt urettferdig!
Eit ord å snu og vende på
I dag har eg valt ordet «portrett» berre fordi eg har noko som eg har så lyst til å vise fram.
Eit portrett er ei skildring som nokon har laga fordi dei har hatt lyst eller har blitt spurt om å tolke eller karakterisere ein person. Eit portrett kan teiknast, målast, modellerast, skrivast, fotograferast eller filmast. Eg vel å skrive om slikt som er teikna eller måla.
Tradisjonelt skulle portrettet representere, minne om og/eller ære den som vart portrettert. Eit portrett skal difor vanlegvis likne mest mogeleg på modellen og framheve det mest karakteristiske.
Minst to gonger i veka har me vitjing av barnebarn. Denne samtalen mellom meg og Anine 12 år, fann stad ein måndag for ikkje lenge sidan medan me venta på at middagen skulle bli ferdig og at alle dei som hadde sagt at dei ville ha mat, skulle innfinne seg:
«Farmor, kan eg teikne?»
«Sjølvsagt kan du det. Kom så skal me finne teiknesaker.»
«Å, ja, – den store teikneblokka. Det er fint.»
«Kva vil du teikne med?»
«Blyant med mjukt bly og mange sterke fargar.»
«Kva skal du teikne då?
«Deg. Eg skal lage deg fargerik.»
Og her er resultatet:

Eg er svært nøgd med både kunstnaren og portrettet. Kunstnaren vurderer arbeidet sitt slik: «Du er ikkje fullt så lang i ansiktet altså, farmor.»
Eg for min del er spesielt glad for å få vere så fargerik og bli utstyrt med slik ein vakker nase.
John Singer Sargent var ein amerikansk- britisk kunstmålar. Mange meiner at han var den beste portrettmålaren i si tid. Han sa dette:
«Hver gang jeg maler et portrett, mister jeg en venn.»
Her er «Lady Agnew» måla av J. S. Sargent.

Eg kan ikkje tru at ho vart hans uven, for dette er svært vakkert.
Ei lita kjensle
Kjensla i dag viser at det er best slik, heilt utan krav.
Kvar ny dag
vil eg velje
deg
Kvar kveld
sleppe deg laus
Kvar morgon
vil eg spørje
deg
Kvar kveld
gje deg svar
Ingenting er sjølvsagt
Kjærleik kan ingen hogge i stein

***
Eg må seie at eg saknar å reise. Eg saknar å planlegge turen, glede meg til avreisedagen, oppleve nye stader og møte nye kulturar, – ja, eg saknar også kjensla av kor godt det er å kome heim att.
Ei lita trøyst kan det vere i å lage god mat, drikke vin og høyre musikk frå stader me drøymer om å vitje. I vår skulle me ha vore i Firenze. Denne veka bakte eg biscotti og laga pasta carbonara.
Det kan vere nyttig å drøyme seg bort litt av og til.
Helsing frå Karen-Margrethe